I skuggen av Berlinmuren

Den norske venstresida godtok altfor lenge DDRs overgrep mot folket. Problemet er at ingen lærte av det – heller ikkje på høgresida.

Jens Kihl
Kommentator

ILLUSTRASJON: MARVIN HALLERAKER.

Denne helga er det 30 år sidan Berlinmuren fall. Året etter var DDR – den tyske demokratiske republikk – historie. Millionar av austtyskarar kunne endeleg sleppe fri frå overvaking, diktatur og kommunisme.

Berlinmuren og Aust-Tyskland fann si støtte også her heime. Ikkje berre hos den sekteriske venstresida, men i store delar av SV.

I boka «SV: Fra Kings Bay til kongens bord» viser Frank Rossavik korleis SV hadde tett kontakt med kommunistregime som Romania, Polen, Sovjet, Nord-Korea og DDR.

Sentrale folk støtta opp om diktatura i aust. Ta til dømes dette stykket om tvangskollektiviseringa av jordbruket i DDR.

«Spørsmålet om tvang eller frivillig er neppe særleg relevant. […] Ein kan snarare seia at det som skjer i DDR er ein nødvendig prosess som føregår og som bøndene tilpassar seg meir eller mindre lett.»

Orda kjem frå Berge Furre og stod på trykk i Orientering i 1960. Furre, som seinare blei SV-leiar, skal seinare ha omtalt det som det mest tvilsame han har skrive om Aust-Europa.

Les også

Jens Kihl: Venstre, det er meg

Ein leiar i SV-avisa Orientering i 1969 omtaler DDR som eit land med «fantastiske økonomiske framskritt» og at den politiske retninga hadde «åpenbart støtte fra flertallet i befolkningen».

Sjølv om den same leiaren ifølgje Rossavik både peikar på DDRs rolle i invasjonen i Tsjekkoslovakia og «striks kontroll og overvåking på alle livets området», fann SV-arane altså mykje å gle seg over.

Fyrst på åttitalet snudde SV for alvor i synet på desse diktatura. På den tida burde det lenge ha vore tydeleg for alle at DDR og dei andre kommuniststatane var reine diktatur – og heilt dysfunksjonelle for å gje borgarane gode liv.

Likevel: Fordi både SV og desse statane rekna seg som marxistiske, fann dei saman. Mangelen på demokrati var til å leve med så lenge sosialismen var det felles målet.

Murens fall burde ha lært oss at demokratiet er viktigare enn partifarge og ideologi. Slik har det diverre ikkje blitt. Både høgre- og venstresida bommar på dette også i dag.

Les også

Jens Kihl: Partia ville hatt godt av dårlegare råd

I dag sit Donald Trump i Det kvite hus. Er han ein høgrepopulist eller ein fascist? Sikkert er det i alle fall at han er republikanaranes president, og fort vekk kjem til å vere det i åtte år.

Republikanarane er medlem av «Den internasjonale demokratiske union», saman med til dømes Fidesz, altså partiet til Ungarns autoritære president Viktor Orbán – og norske Høgre.

Når Høgre-folk blir spurt om denne fellesskapen, svarer dei gjerne ting som at dei deltek på kongressane til både republikanarane og demokratane i USA. Noko betre svar har dei ikkje på kvifor dei er offisielt systerparti med republikanarane og deira autoritære president.

I 2017 blei Montenegro med i Nato. «Starten på ein vakker allianse», sa Nato-sjef Jens Stoltenberg. Montenegro har for tida 104.-plass på lista over pressefridomen i verda, ifølgje Journalistar utan grenser.

Les også

Merkel og Stoltenberg avviser at NATO-alliansen er hjernedød

President Milo Đukanović er skulda for å stå bak narkosmugling i milliardklassen, og har skaffa sin nære familie kontroll over ein av landets største bankar. Snakk om vakker allianse, Stoltenberg.

I 2016 var Henry Kissinger i Noreg på Nobel-gallaen. Høgres dåverande statsråd Linda Hofstad Helleland la ut eit bilete av seg sjølv, Erna Solberg og Kissinger.

«Høyrekvinner i rødt», skreiv Helleland om kjolane til seg og statsministeren, og heldt fram: «Vi fikk gleden av å prate med Henry Kissinger, tidligere utenriksminster i USA og Nobelvinner.»

At Kissinger i 1973 fekk Nobelprisen for ein krig han trappa opp, skreiv ho ingenting om. Heller ikkje korleis han støtta fascistiske statskupp i Latin-Amerika. Kissinger går inn i historia som ein krigsforbrytar, antidemokrat og tidenes mest feilslåtte Nobelprisvinnar.

Høgresida har skogen full av svin. Men venstresida har ein særleg hang til å finne seg såkalla fyrtårn. Lenge var det Venezuela under Hugo Chávez og Nicolás Maduro som blei hylla av folk høgt oppe i fagrørsla og venstresidas parti.

Les også

Debatt: Vi kan aldri ta friheten for gitt

Seinare blei det Evo Morales i Bolivia. Morales har gjort mykje bra, ikkje minst for urfolk og landets fattige, men det er likevel ingen grunn til å sjå med milde auge på det autoritære grepet han no ser ut til å feste på Bolivia.

Eg var medlem av SV i nesten ti år. Eg har arbeidd på partikontoret og held framleis Berge Furre som ein av dei største politikarane og tenkjarane landet vårt har fostra.

Men det er ulukkeleg å lese om ei venstreside som gjer desse feila om og om igjen. Eg håpar at folk på høgresida kjenner det på same måten når deira folk og parti er villige til å godta åtak mot demokrati og grunnleggjande menneskerettar.

I boka «Det var DDR» viser Astrid Sverresdotter Dypvik godt korleis dagens parti Die Linke er ein direkte etterkomar etter SED, altså kommunistpartiet i DDR. «Til no har Die Linke hatt åtte forbundsdagsrepresentantar med Stasi-fortid», skreiv Dypvik i boka som kom ut i 2012. Dette er i dag eit av SVs nære systerparti.

Ved 30-årsminnet for Berlinmurens fall er det på tide å ta lærdom av desse feila. Spørsmålet om kontakt med ikkje-demokratiske krefter kan ikkje bli ein debatt om kva AKP (m-l) gjorde på 70-talet.

Det må vere ein debatt om korleis dagens parti og leiande politikarar godtek autoritære krefter i vår eiga samtid, og korleis dei leitar febrilsk etter bortforklaringar eller formildande omstende når det er «deira folk» som har gjort noko gale.

I boka til Rossavik blir SV-veteran Dag Seierstad intervjua om korleis dei kunne godta så mykje frå Sovjet fordi dei delte motstanden mot USA. «Vi hadde ikke en god nok debatt om dette. Vi hadde vært både viktigere og riktigere om vi greide å være konsekvente, vurderte begge sider etter de samme kriterier.»

Det er kloke ord frå ein klok mann, og sannsynlegvis ein regel det går an å følgje også i dag: Ville du ha godteke maktbruken frå dette partiet eller dette landet om det kom frå nokon du ikkje delte politisk grunnsyn med? Om svaret er nei, kvifor godtek du det no?

Det er på tide å slukke fyrtårnet. Ein gong for alle.