Restematbarna

Publisert: Publisert:
Asbjørn Kristoffersen

Foto: Melissa Renwick / The Canadian Press

– Likar ikkje! Same kva du sa, same kor du trygla (eller kjefta), ungane skalka alle luker. Middagsbordet vart borgarkrigssone.

– Tenk på barna i Afrika! sa dei vaksne i gamle dagar.

– Eg fekk ikkje lov til å gå frå bordet før eg hadde ete alt opp, kunne tippoldemor og tippoldefar fortelja. Den oppveksande slekt gav blanke blaffen i både barna i Afrika og patriarkalsk-autoritære oppdragingsstrukturar. Inntil Greta Thunberg streika for klimaet.

– Klima! Det er alt du treng seia no. Greta Thunberg-ungar skal eta alt. Restemat også. Vis småttisane middagstallerkenen din, og dei skal rekna ut kor store klimagassutslepp du er skuldig i. Og det er berre ein forsmak. Neste skuleårs læreplan for berekraftig utvikling skal gje elevane tverrfagleg forståing for at handlingane og vala til kvar enkelt elev har betydning og konsekvensar. Kvar pølse, kvar stangselleri tel.

Foreldre og besteforeldre og tanter og onklar har berre avfeldige, hinduistiske bordbøner å stilla opp med.

– Kua mi, eg takkar deg, for mjølka som du gav til meg! lærte dei i barnehagen. Gubbeveldet ville stått til stryk i berekraft og livsmeistring. Føremunen deira er at deira ideologiske overmenn er billege i drift. Når ingenting skal kastast, blir det restemiddag annankvar dag. Ettersom klimgassane tyt ut av alt som kjøpast kan, må klede og sportsutstyr og digitale duppedittar arvast, eller handlast på bruktmarknader. Feriar må leggjast til nærområdet, som Miljøpartiet dei Grøne tilrår. Dei mest poppulære ungane kjem til å bli dei som gassar minst.

Greta Thunberg! Du treng ikkje seia meir når avkommet skal haldast i øyrene. Så utspekulert kan du tillata deg å vera. Det du sparer på ungane, kan du bruka på deg sjølv. Nokon må halda forbruket oppe og hjula i gang om ikkje samfunnet skal gå i stå og kommunen din skal gå konkurs. Så får heller ungane bli dei nye oldeforeldra, og gå tilbake til forbruksnivået i dei harde trettiåra. Etter gamlingane kjem ganske sikkert syndfloda.

Publisert: