Det er noko Senterpartiet ikkje forstår om norske bygder

Geir Pollestad trakka i den salaten norske bønder har dyrka fram. Men det er ikkje den største feilen Senterpartiet gjer om dagen.

Publisert Publisert

ILLUSTRASJON: Marvin Halleraker

  1. Leserne mener

Senterpartiet stuper på målingane. Så seint som i november hadde dei nesten 20 prosent på snittet av dei ulike stortingsmålingane. No ligg dei så vidt over 15, viser nettstaden Poll of polls.

Dette er nok litt av bakgrunnen for dei relativt desperate Sp-utspela denne veka. For kva anna enn desperat skal ein eigentleg kalle Michelin-fadesen til Geir Pollestad (Sp), leiar av Stortingets næringskomité?

Med uttrykk som «snobberiets glansdager», «sentralmakta» og «pinsett-mat» trudde nok Pollestad at han hadde prikka inn eit perfekt skot mot elitistanes mål.

Problemet var berre at han hadde feilvurdert motstandarlaget. For hos norske Michelin-restaurantar jobbar dei fremste ambassadørane for norsk matkultur. Pollestad gjekk, utan å forstå det sjølv, til åtak mot den norske bonden.

Au.

Pollestads Facebook-tabbe er sjølvsagt flau for Senterpartiet. Det mest interessante er likevel dette: Den peikar på eit større problem for dei.

Senterpartiet har rett og slett gjort det så godt på målingane at dei ser ut til å ha gløymt å utvikle politikk for distrikta. Det får dei merke no.

Denne veka gjorde Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og stortingsrepresentant Sandra Borch seg til talspersonar for Widerøe. Flyselskapet skal kutte 4000 avgangar i året i den kommersielle delen av drifta si.

«Som å legge ned t-banen i Oslo», sa Vedum til VG. Kutta vil råke «heile Nord-Noreg og Vestlandet», sa Borch på Dagsnytt Atten. Det er jo alltid gøy å tøffe seg litt, men dette er rett og slett usant.

For å gjere det klart: Ein del av kutta i Nord-Noreg er alvorlege. Det kan godt vere at staten burde sjå på om nokre av dei bør få subsidiar for å sikre framleis drift. Men her vest?

Det forsvinn to vekevise flygingar frå Florø til Oslo. To flygingar tur/retur i veka bli borte mellom Bergen og Florø. Éin runde dagleg opp og ned mellom Oslo og Ørsta blir lagt ned.

Det er naturlegvis leitt for dei som gjerne skulle ha teke desse flya. Men om Borch verkeleg trur at «heile Vestlandet» blir råka av dette, er ho hjarteleg velkomen på tur for å sjå korleis det eigentleg står til her borte.

Eg trur ho kan ta sjansen på finne seg eit fly hit.

Les også

Podkast: – Er ikkje Michelin litt snobbete?

Og apropos livet i vest: Jon Askeland, den blide fylkesordføraren i Vestland, hadde eit merkeleg utspel her denne veka. «Distriktskommunar må snakke fram livet på bygda», sa han til NRK.

Akkurat dét er det jo ikkje så pussig at ein senterparti-politikar seier. Men så blei det rarare. «Vekst i Bergen er bra for distrikta, og vekst i distrikta er bra for Bergen», sa Askeland.

Ein bør ha respekt for fylkesordførarar, men dette er berre tull. Vekst i distrikta er til ein viss grad bra for Bergen. Men vekst i Bergen treng absolutt ikkje vere bra for distrikta.

Etter at Askeland vann kampen om å bli fylkesordførar, har han hatt eit sympatisk bodskap: No gjeld det å stå saman, sjå framover og «gønne på», som har vore mantraet gjennom vinteren.

Utsegna er kanskje godt meint, men det hjelper ikkje. Det er reelle motsetningar her. Når folk, arbeidsplassar og makt flyttar frå Fitjar til Fana, er det ikkje bra for både by og bygd.

Ganske ofte er det sånn at bygda taper når byen vinn. Det må særleg ein fylkesordførar frå Senterpartiet forstå. Det er interessekamp, dette.

Les også

Jens Kihl: Få klovnane ut av MGP-sirkuset

Der Borch, Pollestad og Vedum går i den eine grøfta, går altså Askeland i den andre. Det er like dårleg anten politikarar krisemaksimerer eller tilslører.

All politikk må vere treffsikker for å vere god. Senterpartiet bruker møkkaspreiar når dei siktar på målet.

No går debatten om korleis Noreg skal halvere våre klimagassutslepp på ti år. Rapporten Klimakur 2030 har vist at det er mogleg. Den har òg peika på problematiske sider:

Om norske forbrukarar dramatisk reduserer kor mykje kjøt vi et, vil mange tusen bønder miste livsgrunnlaget sitt. Svaret frå Vedum er at det er uaktuelt å gå i den retninga. Men kva om nordmenn berre reduserer kjøtinntaket av oss sjølve?

Då har ikkje Senterpartiet ein plan for norsk landbruk, like lite som dei har ein plan for å redusere klimagassutsleppa så mykje som vi treng. Det går ikkje i lengda.

Dette er partiet som har teke på seg ombodsrolla for norske distrikt. Derfor er det spesielt urovekkjande at dei ikkje har eit meir presist bilete av kor skoa trykkjer.

Folk på bygdene må kunne stole på at Senterpartiet utviklar ein politikk for dei, slik industriarbeidarane må stole på Ap og kristenfolket må stole på KrF. Nett no er ikkje det tilfelle, og det synest veldig godt på målingane.

For desse stadige svingslaga ut i lause lufta er sjølvsagt synd for eit parti som nok har drøymt om å cruise inn til valdagen i september 2021. Det er alvorleg nok for Senterpartiet.

Men aller mest alvorleg er det for folk som bur på bygda.

Publisert