Her er feila Høgre gjer i etterlønsskandalen

Fiskeriminister Geir Inge Sivertsen er i ferd med å bli eit problem for heile regjeringa.

Publisert Publisert

Fiskeriminister Geir Inge Sivertsen frå Høgre er for tida i hardt vêr etter at fleire etterlønssaker har kome fram i media. Foto: Terje Pedersen, Scanpix (arkiv)

  1. Leserne mener

Dei siste dagane har Dagbladet avslørt at landets fiskeriminister, Geir Inge Sivertsen frå Høgre, har gjort feil på feil i sin iver etter å hanke inn både doble løningar og ufortente etterlønspengar.

Skandalen blir ikkje betre av at Høgre og regjeringas handtering er elendig. Men først, ei rask oppsummering av det som hittil har skjedd:

4. november blei Sivertsen statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet. Frå dette tidspunktet fekk han full løn som ordførar i Lenvik kommune i Troms, samstundes som han fekk full statssekretær-løn.

Båe delar er på rundt ein million i året. Heime fortalde Sivertsen at han ikkje byrja «for fullt» som statssekretær før over nyttår, då kommunen skulle gå inn i nye Senja og ordførarjobben var borte. I Oslo sa han ingenting om at han hadde full løn i nord.

24. november sende Sivertsen brev til heimkommunen og søkte om etterløn i halvannan månad frå nyttår. Det fekk han, sjølv om Lenvik på dette tidspunktet var fullt klar over at han jobba som statssekretær i Oslo.

Les også

Ap ber Solberg avklare om hun har tillit til fiskeriministeren

I tillegg har Dagens Næringsliv vist at Sivertsen har hatt ei rekke styreverv han ikkje hadde meldt inn til Statsministerens kontor. Det var først då spørsmåla frå avisa kom at statsråden såg grunn til å melde seg ut av desse styra.

Måndag kunne Aftenposten fortelje at han også har fått godtgjersle frå fylkeskommunen. Heller ikkje her har han følgt plikta om å melde inn summane.

Etterlønsakrobaten Sivertsen har prøvd seg på ein dobbel salto i denne saka, men han er ikkje den einaste som har gått på trynet.

Så her er feila Høgre gjer:

Den fyrste feilen står han for sjølv. Regjeringa er ikkje tent med å ha toppolitikarar som ser ut til å vere altfor ivrige med å forsyne seg av folks skattepengar, og særleg ikkje når det handlar om å vere kreativ i møte i med lover og reglar.

Korleis tenkjer Sivertsen at han skal snakke med tyngd og truverd om regelverk og innstrammingar framover? Dette er jo berre tull.

Les også

Fiskeriministeren: Denne saken ble helt feil

Den andre feilen står statsminister Erna Solberg for. Ho har prøvd å få merksemda vekk frå det sentrale ved å snakke om «uklart regelverk» i Lenvik kommune.

Det går ikkje. Både fordi kommunelova uansett er krystallklar, og fordi vi må forvente meir av statsleiaren i Noreg enn at ho seier til Dagbladet at det «ikke var så lurt» å søkje om etterløn då han allereie hadde ei anna løn.

Feil nummer tre kom frå Peter Christian Frølich, Høgres justispolitiske talsperson. For stadig fleire peikar no på det openbare: Fiskeriministeren blir møtt med ein imponerande velvilje frå heimkommune, statsminister og Høgre-kollegaer.

Kva med ein trygdemottakar som har gjort ein feil i møte med NAV? Eller ein asylsøkjar som har bomma på eit skjema på veg inn i landet? Det er ingen som stryk dei medhårs i slike saker.

Frølich forklarte til Nettavisen før helga at denne samanlikninga var oppkonstruert. Problemet er: Det er den ikkje. Det kan ikkje vere sånn at det er rom for meir slinger i valsen for landets elite enn det er for dei som er heilt nedst i systemet.

Til vanleg er Frølich ein imponerande prinsipiell politikar – også når det stormar. No blandar han seg inn saka der det framleis manglar éi tydeleg melding frå Høgre: At dette er uakseptabel framferd.

Les også

Jens Kihl: Hellelands halloi

Feil nummer fire (i alle fall så langt) er det Sivertsen sjølv som står for – godt hjelpt av sin tidlegare sjef Torbjørn Røe Isaksen, som fram til 24. januar var næringsminister.

For det er ei trist historie Høgre fortel om lokaldemokratiet i denne saka. I dei siste månadene før fire kommunar skal bli til éin, er det tydelegvis så lett å styre skuta at ein like gjerne kan få seg ein ekstrajobb som statssekretær i andre enden av landet.

Kvifor godtok Isaksen den planen? Og var det verkeleg ingen som kunne fortelje Sivertsen at dette tek seg dårleg ut for eit parti som gjerne vil vere stolte av kommunereforma?

Noreg er fullt av dyktige, hardtarbeidande Høgre-politikarar i distrikta. Var dette verkeleg den beste Erna Solberg fann til den viktige jobben som fiskeriminister?

Vanlege folk må vere trygge på at ryddejobben i Fiskeridepartementet blir teken på alvor av landets statsminister.

Og kven enn det måtte vere som har ansvaret for krisehandteringa i Høgre i denne saka:

Hittil i 2020 har du gjort omtrent alle feil det er mogeleg å gjere.

Publisert