Midtlivskrisa avblåst

At ein opplever nye, motstridande kjensler i møte med ukjente erfaringar som følgje av alderen, ja, det stemmer. Såleis kan ein sei at heile livet er ei overgangskrise, skriv BTs gjestekommentator Brit Aksnes.

Det er på tide å fjerna ei av våre mest kjente og kjære i-landsdiagnosar. Grunnen? Den eksisterer strengt tatt ikkje.

  • Brit Aksnes
    Brit Aksnes
    Journalist og programskaper.
Publisert Publisert

For ei stund sidan hadde den danske filmen «Villmenn» premiere på norske kinoar. Eit ord som går igjen i meldingar av filmen er «midtlivskrise», at det er ein film om den klassiske midtlivskrisemannen, om filmen forstår seg på eller misforstår den moderne mannsrolla.

Eg tenkjer den uansett set fingeren på oppfatninga vår om midtlivskrise, og då særleg som eit mannleg fenomen.

Kva er det fyrste du tenkjer på når du høyrer ordet? Og kva kjønn er det du tenkjer lir av denne krisa? Eg trur ikkje eg er åleine om å tenkja kvit mann, førti pluss, motorsykkel, halvmaraton.

Skulle eg utbrodera vidare ville eg sagt skilt, funne ny, yngre dame, fått kull nummer to. Tilfeldigvis har eg laga radioprogram om både det siste og det fyrste. Og sanneleg viser det seg at fordommane mest av alt ikkje stemmer.

Les hele saken med abonnement