Stortingspolitikarane bør ikkje leike kunstpoliti
Vi er heilt avhengige av at kunstmusea får styre seg sjølve – også dei dagane ein direktør plumpar uti med ein dum kommentar.
- Jens KihlKulturredaktør
Då eg vakna søndag morgon, var heile internett i fyr og flamme: Christian Krohg var kansellert! Og ikkje berre det, ifølgje Nasjonalmuseet var grunnen at måleriet «Leiv Eiriksson oppdager Amerika» var kolonialistisk.
I totida hadde samlingsdirektør Stina Högkvist lagt seg flat og forklart at uttrykket var sleivete og lite gjennomtenkt. Så raskt går ein kulturdebatt i våre dagar. Om du går deg ein tur på Vidden eller berre søv litt frampå, kan du risikere å vere på etterskot.
Det var bra at Högkvist rydda opp. Biletet er ikkje kolonialistisk. Det er eit heilt greitt måleri, men Nasjonalmuseet har langt betre verk av Krohg i samlinga si. Spør du meg, er det eit kurant val at dei prioriterer å vise fram andre av bileta hans.
Heldigvis var landets kunstekspertar på ballen denne morgonen. Mímir Kristjánsson frå Raudt, Silje Hjemdal frå Frp og Tage Pettersen frå Høgre var berre nokre av politikarane som kasta seg på.
Les hele saken med abonnement