I år er Festspillene meir «woke» enn «wow»

Ballerina Bulldog stilte med bryggeballett for sax og papir i 2015.

Og kor blei det av Grieg?

Publisert: Publisert:

Om eg skal gje årets festspillprogram ein merkelapp, er det nok «befriande politisk korrekt»:

Skeiv kjærleik i rikt monn. Pridefeiring. Sterke impulsar frå ikkje-vestleg kultur. Folkesong frå Estland. Kvensk identitet. Minoritetsspørsmål diskutert gjennom dans. Transpersonars oppvekst. Debatt om kulturlivet og menneske med funksjonsnedsettingar. Og ein dæsj nynorsk.

Veit du kva? Eg elskar det. Festspill-direktør Lars Petter Hagen har kvitta seg med dei tronge boksane «forstyrrelser, forbindelser og fornøyelser». I staden verkar det som han vil seie oss noko med årets program. At han har noko på hjartet.

For ok, det er «woke», i alle fall i den forstand at programmet er veldig, veldig politisk korrekt. Men for ein festival som har slite med eit stempel som borgarleg og elitistisk, er dette eit langt betre alternativ.

Les hele saken med abonnement