Ho lever som ei rockestjerne. Kvifor skulle Erna Solberg gi seg no?

Neste år har Erna Solberg vore Høgre-leiar i 20 år.

Men Høgres sterkaste kort, kan også bli deira svakaste punkt.

Publisert: Publisert:

Det kan sjå ut til at me aldri blir kvitt henne.

Erna Solberg er partileiaren som aldri gir seg. Onsdag seier ho til Aftenposten at ho tek attval som partileiar denne våren, og at ho skal vere Høgres statsministerkandidat også i stortingsvalet i 2025.

Sjølvsagt skal ho det.

Solberg brukte store deler av sommaren og hausten i fjor på å farte landet rundt i Erna-bussen. Ein blå buss med andletet hennar klistra over eine langsida. Det heile var akkurat som ein valkampturné, sett vekk frå at det ikkje var noko val i fjor.

I denne bussen drog Solberg i fjor på valkampturné utan å ha noko val å stille i.

Men kvifor la det øydelegge? Overalt kor bussen stoppa, var både lokale og nasjonale medium på plass for å dekke hendinga. Og Solberg fekk fortelje villig vekk om Høgres politikk.

Nesten som om alle hadde gløymt at ho ikkje lenger er statsminister, skreiv eg i august i fjor.

Endå eit halvt år seinare er Erna Solberg framleis norsk politikks største profil. Trass i at Jonas Gahr Støre (Ap) har vore statsminister i godt over eitt år.

Høgre har eigentleg ikkje noko anna val enn å behalde henne som sin frontfigur.

Les hele saken med abonnement