Skillingsbollen går på ein snurr

Skillingsbollen er under både ytre og indre press i Bergen.

Bergensaranes fremste refleks er å klikke i vinkel. Denne gongen er det stilt.

Publisert: Publisert:

Skillingsbollen kom til Bergen før han kom til Noreg. Som så mykje anna, var det hanseatane som introduserte bergensarane for bollen. Egyptarane åt den før det igjen. Sidan 1500-talet har den vore ein sentral del av den bergenske mattradisjonen.

I Rest-Noreg har bollen fått fleire heidenske avvik. Folk kallar dei ulike variantane for «kanel-i-svingen», «kanelbolle» og «kanelsnurr».

No har kanelsnurren fått fotfeste i Bergen. Det tradisjonsrike konditoriet Lie Nielsen har nemleg skifta namn til «Kanelsnurren». Bergen kan like godt innføre hokjønn og a-endingar med det same.

Les hele saken med abonnement