Den teoretiske tvangstrøya

Samfunnet må verdsetje både dei kvikke hovuda og dei kloke hendene.

Publisert:
Maria Dyrhol Sandvik

PRAKSISBREV: Ordninga med praksisbrev kan vere ein veg ut i arbeidslivet for teoritrøytt ungdom, skriv kommentator Maria Dyrhol Sandvik. Foto: Jan M. Lillebø

«Det er ein håplaus visjon at nesten alle skal ta akademisk utdanning», sa Civita-leiar Kristin Clemet i eit intervju med venstreorienterte Manifest tidsskrift i januar.

Nokre gongar finn usannsynlege partar saman som svirebrør. I spørsmålet om den såkalla tredje vegen i vidaregåande opplæring, finn høgresida saman med ytre venstre. Resultatet er søt politisk musikk det er verdt å lytte til.

Årskonferansen i regi av arbeidsgjevarforeining NHO som gjekk av stabelen i januar bar det snedige namnet «Læringslivet», og settepraksisbrevordninga på dagsordenen. Konseptet kan variere, men poenget er at skuletrøytt ungdom skal få gav mesteparten av skuletida ute i bedrift alt frå første skuleår. Løpet skal gjere det mogleg å gå vidare til lærlingplass og fagbrev, dersom eleven ønskjer det seinare.

Den venstreorienterte Tankesmia Manifest Analyse har også forsvart ordninga, som SV starta arbeidet med då dei sat i regjering. Dei første resultata av prøveordninga er gode: 65 prosent av prakisbrevkandidatane ønskjer å gå vidare og ta fullt fagbrev. Nesten ingen fell frå.

Hordaland Høgre gjekk søndag inn for å etablere ei slik praksisordning i Hordaland. Det er positivt, og sett samstundes spørsmålsteikn ved heile den moderne utdanningstrenden.

For kor mykje utdanning er for mykje? Har alle bruk for studiekompetanse? Bør alle gå vidare frå vidaregåande og ta ein bachelorgrad? Ein mastergrad?

Doktorgraden er forresten den nye masteren blir det sagt, og ikkje berre på tull.

Dette utdanningskøyret gjer at vi må spørje om ansvarlege styresmakter i det heile tatt hugsar at det finst, og trengst, folk med praktiske yrke i landet. Det er vanskeleg å sjå føre seg eit system der vi set all vår lit til importert arbeidskraft.

Det vil alltid vere bruk for folk til å sitje i kassa, ta betalt for ferjebilletten, vaske klasserom, sveise, køyre, byggje, fiske, og flisleggje.

Og ikkje minst: For å møte eldrebølgja kjem vi til å trenge ei heil horv med helsearbeidarar.

Omgrepet «skuletrøytt ungdom» gjev assosiasjonar til ein ambisjonslaus og slapp elev utan grep om livets realitetar. Men kanskje er det ikkje «skuletrøytt ungdom» det er noko gale med, kanskje er det skulesystemet som er på viddene. Mange som i utgangspunktet er motiverte for opplæringa, møter ei teoritung yrkesfagutdanning, langt frå det praktiske løpet dei hadde sett føre seg.

Då kan ein slik tredje veg vere ei god løysing. Men det er ingen patentløysing for alle som droppar ut av skulen. Som Senter for sysselsetjing har peika på, vil eit vellukka praksisopplegg krevje god oppfølging, av både praksisbedrift og elev.

Dessutan må desse elevane ha tru på at dei utdannar seg til ei trygg framtid. Slik heng rekruttering til yrkesfag tett saman med kampen mot sosial dumping.

Eit samfunn som ikkje evnar å verdsetje praktisk kunnskap, kan kome til å møte seg sjølve i døra. Den danske politikaren og muraren Mattias Tesfaye harfått mykje merksemd for boka «Kloke hender», der han kritiserer notidas nedvurdering av handverk: Eit bygg som er elendig utført, vinn gjeve designprisar. Ein sjukepleiar sin fagkunnskap blir nedvurdert av hysteriske kontrollregime.

Denne akademiseringa av samfunnet har større konsekvensar enn skuletrøtt ungdom: Den fører til mistillit til fagarbeidarars kunnskap, som igjen gjev oss eit dysfunksjonelt samfunn.

Tesfaye slår eit slag for den gjensidige respekten mellom «dei kloke hendene og dei kvikke hovuda». I så måte har Hordaland Høgre no tatt eit steg i rett retning.

Publisert: