Statoils allianse med Trump

Statoil tolkar Trumps nei til Parisavtalen til eigen fordel.

Publisert Publisert

VEDDEMÅL: Trumps nei til Parisavtalen aukar sjansen for høgt oljeforbruk i framtida, meiner Statoil, der Eldar Sætre er sjef. Ønskjetenking, meiner BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Frank Augstein / TT / NTB Scanpix

  1. Leserne mener

Donald Trump varsla 1. juni at han vil trekkje USA frå Parisavtalen. Det må vere årets største ikkje-nyheit. Reaksjonane vart likevel sterke, og sprika frå dommedagsprofetiar til dette-spelar-inga-rolle-fordi-marknaden-og-andre-land-fiksar-alt.

Blant dei av oss som meiner klimakrisa er reell og at ein dermed bør gjere noko, var det ei påminning om kva verda har å stri med.

Det viktigaste med Trumps vedtak er at det gjer framtida endå meir uviss. Uvisse er bra for dei som vil vinne folket for sin versjon av framtida. I førre veke demonstrerte Statoil akkurat det. Sjeføkonom Eirik Wærness uttalte til Dagens Næringsliv at Trump gjer det meir truleg at oljebruken vil auke i tiåra framover. Ikkje berre på grunn av Parisavtalen, men òg fordi sjansen for meir generelle samanbrot i internasjonalt samarbeid, Statoils såkalla rivaliserings-scenario.

Ifølgje dette scenarioet vil oljebruken i verda auke med 30 prosent fram til 2050. Scenarioet «fornybar», som inneber ein nedgang i oljeforbruket på 30 prosent, trur ikkje sjeføkonomen noko særleg på. Viss det stemmer har vi eit problem, fordi utan eit slikt kutt vil ikkje verda, ifølgje både FNs klimapanel og Statoil, unngå at oppvarming av kloden bikkar to grader.

Heldigvis tyder mykje på at Statoil her driv med ønskjetenking. For det første har dei andre store utsleppslanda i verda reagert mot Trump. Dei vil stå ved sine lovnader frå Paris. Langt viktigare enn lovnadene er likevel at dei i stadig større grad fell saman med landas eigne økonomiske interesser. Utviklinga mot ein fornybar økonomi går no så raskt at land og bransjar som ikkje heng seg på, risikerer å bli utkonkurrert i framtida.

Oljeanalytikar Thina Saltvedt peikar i DN òg på ein annan veikskap i Statoils analysar: Dei baserer seg på at utviklinga av fornybar energi og forbruk vil følgje ei jamn vekstkurve framover (såkalla lineær vekst). Langt meir truleg er det at veksten vil gå stadig raskare (eksponentiell vekst).

Les også

Hans K. Mjelva: Oljå treng kjærleik

Forklaringa er at veksten vil ta av når kostnadene med til dømes solceller, vindmøller og batteri kjem under eit visst nivå. Solceller kan allereie levere billigare straum enn kolkraftverk i land som India. Då er det berre kapasiteten til å produsere solcellepanel det står på. Den aukar svært raskt, noko som òg er ein viktig årsak til at prisane på solcellepanel stuper. I fjor auka solkraft meir enn noko anna kjelde i verdas straumproduksjon, viser ein ny rapport.

Ein annan rapport som kom i førre veke, frå Det internasjonale energibyrået (IEA), viser at det er mogeleg å erstatte all fossil brensel med fornybar allereie i 2060. Dei meiner rett nok at det ikkje er særleg sannsynleg, men det gjev ein peikepinn på risikoen oljeselskapa står framfor.

Statoil har ein klar eigeninteresse av å rosemåle framtida for fossilt brensel. Det er det dei lever av. Fornybar energi utgjer ein svært liten del av investeringane til selskapet. Scenarier som viser høge oljeprisar i lang tid framover rettferdiggjer utbygging av nye felt, som dei omstridde felta utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja, og i Barentshavet.

Men risikoen for tap, viss det skulle vise seg at framtidsvyane til Statoil ikkje slår til, vil i stor grad bli velta over på staten. Oljeselskapa kan skrive av 78 prosent av kostnadene på skatten. Dessutan eig staten framleis 67 prosent av Statoil.

Det er ikkje så overraskande at eit oljeselskap som Statoil teiknar eit vel optimistisk bilete av si eiga framtid. Alle oljeselskap gjer det. Men regjeringa og Stortinget bør ta høgde for det når dei stakar ut kursen for Statoil og resten av oljenæringa. Det gjer ikkje akkurat denne regjeringa, noko eg har vore inne på før.

Politikarar må sjølvsagt ta omsyn til arbeidsplassar og inntekter for staten. Men det er på tide å spørje seg om ein gjer det best ved å danse etter Statoils pipe.

Det er freistande å spørje etter moralen i å styre etter eit scenario som sender verda ut i ei djup klimakrise. Men sidan klimaargument mot norsk olje- og gassproduksjon har ein tendens til å bli bortforklart i Noreg, blir det viktigaste argumentet økonomisk: Å basere norsk oljepolitikk på at fornybarrevolusjonen ikkje slår til, er rett og slett svært risikabelt.

Publisert