Kommune-Roger mot LO-toppen

Roger Heimli frå Bergen er mot oljeboring i Lofoten, for sekstimarsdag og skeptisk til EØS-avtalen. No blir han nestleiar i LO.

Publisert Publisert

IKKJE PAMP: Roger Heimli har stige i gradene etter han vart tillitsvald i Bergen kommune på midten av 1990-talet. Men han vil ikkje ha på seg at han er pamp. Foto: Bård Bøe

– I dag blir du etter alt å døme vald som nestleiar i LO. Du kjem frå Fagforbundet, ein organisasjon med 80 prosent kvinnelege medlemmer. Var det umogeleg å få ei av dei til å stille opp?

– Det er aldri umogeleg, men det vi diskuterer er kva type kompetanse vi vil ha inn i LO. Det var ein gong slik at dei felta vi meinte var viktig å ta inn i LO-leiinga var dei eg jobba med: Tariff, internasjonalt arbeid med hovudvekt på handelsavtalar, omstillingsarbeid og offentleg sektor generelt.

– Du har vore tillitsvald sidan midten av 20-åra. No er du 48. Blir du fornærma om nokon kallar deg pamp?

– Eg blir ikkje fornærma, men pamp har eg alltid sett på som negativt, at du distanserer deg frå dei du representerer. Det har eg ikkje gjort. Så eg synest ikkje det er særleg treffande.

– Ei av dei mest omtalte sakene på kongressen er kravet om seks timars arbeidsdag. Du og Fagforbundet har kjempa for dette i årevis utan å vinne fram, noko det heller ikkje gjorde i år. Kva er nytt i år?

– Vårt utgangspunkt var at vi har hatt nok forsøk og til at LO no bør vere klar for å ta diskusjonen. Så vi vil ha ein plan for korleis sekstimarsdagen skal gjennomførast.

– Det er først og fremst forbunda i offentleg sektor som støttar dette kravet. Forbunda i privat sektor, som Fellesforbundet, er sterkt i mot. Dei fryktar for arbeidsplassane. Bryr de dykk ikkje om dei?

– Vel, Tine (meieri) har innført sekstimarsdag og dei lever i beste velgåande.

– Men dei er beskytta av importtoll?

– Ja, dei har litt andre forutsetjingar, men det har nå fungert der.

– De krev full lønskompensasjon, altså at vi skal få same løna men jobbe berre 30 timar i veka. Då blir jo arbeidskrafta 25 prosent dyrare?

– Ja, det vil koste pengar, det er det ikkje tvil om. Men det vil spare mykje, mellom anna i form av lågare sjukefråvær og at folk klarer å stå lengre i arbeid.

– Ei anna sak du og Fagforbundet kjempar for er eit nei til oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Også her møter de kraftig motstand frå industriforbunda. Partiet ditt, Arbeidarpartiet, vedtok nyleg eit kompromiss, der dei opnar for boring i den sørlegaste delen av dette området. Er du klar for eit liknande kompromiss på LO-kongressen?

– Utgangspunktet mitt er at ein samla kongress får mykje større gjennomslag enn ein splitta. Eg kan ikkje snakke for Fagforbundet, men eg vil tru at det kjem ein gyllen middelveg alle leve med. Men viss delegasjonen til Fagforbundet meiner at vi skal bindast, så følgjer eg den.

Les også

LOs neste leder ber om samling

– Mange i LO vil ha Norge ut av EØS-avtalen. Berre ein av fem LO-medlemmer støttar no avtalen. Kvar står du?

– Eg ser mykje gale med EØS-avtalen og måten den blir praktisert på. Men det ligg eit handlingsrom for at norske regjeringar og Stortinget i større grad kan seie nei, teste ut grensene og ha sine eigne meiningar. Og så er det ein del gode med EØS-avtalen. Så før vi vedtekt å trekkje oss ut, vil eg vite kva som står på spel.

– Så du vil stemme for å utsetje saka?

– Eg kjem i alle fall ikkje stemme for forslag om å melde Noreg ut av EØS.

– LO slit med å trekkje til seg medlemmer, spesielt hjå dei med høg utdanning. Kvifor får de ikkje dette til?

– Det kan vere samansett. LO har tradisjon for å organisere i industrien, og seinare i offentleg sektor. Så det kan ha noko med image å gjere. Vi har mange med høgskuleutdanning som melder seg inn, men det er klart vi har ein jobb å gjere.

– Det er tradisjon i LO for at nestleiaren rykker opp til leiar etter ei viss tid. Er du klar for å bli LO-leiar?

– Det er berre eitt års forskjell mellom Hans-Christian (Gabrielsen – som blir ny LO-leiar) og meg. Så viss han sit i to periodar vil vi gå av saman, fordi LO har ei regel om at du ikkje kan veljast etter du har fylt 60 år.

Les også

Millionene strømmer på til Ap foran stortingsvalget

– Du er Ap-mann, og har mellom anna sete i bystyret i Bergen. Er du nøgd med at partiet no dreiar mot sentrum, og frir til KrF?

– Eg vonar at SV blir så stort at de blir med i kabalen. Uansett trur eg SV vil vere ein positiv medspelar til ei regjering utgått av Ap.

– Fryktar du at Ap på ny skal fjerne seg frå fagrørsla, slik dei gjorde på 1990-talet?

– Frykt og frykt. Det er litt kva vi gjer det til. Det er òg avhengig av at fagrørsla gjer jobben for partiet.

– Kva meiner du med det?

– Viss vi distanserer oss frå partiet og partiorganisasjonen, vil Ap gå sin veg. Så vi må vere aktiv i partiorganisasjonen, og drive politikk frå innsida.

– Du er utdanna røyrleggjar. Når gjorde du ein røyrleggjarjobb sist?

– He, he. Viss eg ikkje huskar feil vart eg hovudtillitsvald i Bergen kommune i 1999. Så det må vere før det.

– Så å få deg til å leggje opp røyr til badet er ingen god idé?

– Nei, det vil eg ikkje anbefale. Ring fagfolk.

Publisert