Dagbladet som kongepuddel
Kan kulturredaktør i Dagbladet Hege Duckert sitje på fanget til kronprinsparet og statsministeren utan å bli profesjonelt kastrert?


«Det var et privat bryllup og vi fant ingen grunn til å dekke det», sa sjefredaktør i Dagbladet. Anne Aasheim, til Dagens Næringsliv. Kulturredaktøren hennar hadde feira bryllaupet sitt med informasjonsrådgjevar Stein Hernes, Gudmund Hernes sin son. På gjestelista var blant andre kronprinsparet, statsministeren og tv-konge Fredrik Skavlan. Med andre ord den norske makteliten. I omvendt rekkjefølgje dei som styrer kulturjournalistikken her i landet.
Se og Hør var der, men ikkje Dagbladet. Duckert sa at ho ikkje ønskte slik merksemd rundt det private selskapet sitt. Då DN spurte redaktør Anne Aasheim om kvifor avisa då oppsøkte Trond Giskes førtiårsdag, gav ho det som må vere ei av presseverdas underlegaste grunngjevingar: «Det var bursdag. Dette er et bryllup».
Det er å snu det heile på hovudet: Å gifte seg er ei offentleg handling. Det er det ikkje å fylle året. At Dagbladets to kvinnelege redaktørar så får det til å verke uvesentleg for avisas lesarar at Hege Duckert har ein venekrins som består av dei avisa skriv om på dagtid, er lite truverdig.
Vevkjerringar
«Edderkoppen spinner» stod det i Dagbladet dagen etter Giskes førtiårsdag i november, med gjester frå det same laget som dei Duckert held seg med. Den journalistiske grunnen til å skrive om Giskes vener, er at ein reknar med det har kulturpolitisk relevans. Det handlar mellom anna om å følgje pengane, sjå etter kven det er som blir tilgodesett og ikkje. Alt saman viktige journalistiske oppgåver, skulle ein tru.
Er det noko annleis for ein redaktør? Korleis handsamar ein vener journalistisk? Kva skjer den dagen redaksjonen grev i ei sak der kulturredaktøren heilt uforvarande sit og kjenner svara? Eller eit enkelt spørsmål som eg alltid har grunna på: Kvifor er Skavlan hyra inn som teiknar i Dagbladet, avisa som har ei lang tradisjon for berre å trykke dei mest briljante teiknarane?
Privatlivets fred
Aasheim og Duckert held oppe fana om det private livet dei forsvarer. Det er som å høyre gjenklang frå krangelen i maktutgreiinga. Den formelle makta og den uformelle makta blei det store stridsspørsmålet før to av dei kvinnelege forskarane valde å gå. Hege Skjeie og Siri Meyer, som trekte seg, var begge opptekne av den makta som skjer på meiningsnivået, i det vi aksepterer som det normale. Den makta er først og fremst sterk når ein ikkje ser henne. Blir ho avdekt misser ho noko av potensen.
Som makta i skjulte nettverk — eller i sladderen, kan ein leggje til. Det er difor det er journalistisk interessant når Dagens Næringsliv vel å følgje etter finans- og tv-kjendisar på ferie i St. Tropez. Det er også difor Herremiddagen blei dissekert i Bergens Tidende for eit par år sidan. Kven makta held seg med har faktisk offentleg interesse.
Bursdagsbarnet
Nokre dagar før utgivinga av boka «Kongepudler» i haust, skreiv både VG og Dagbladet om haustens bokmysterium. Ein anonym forfattar hadde pressa makt- og kjendiseliten rundt Trond Giske og Ari Behn inn i ein nøkkelroman med 130 profilerte og namngitte personar.
Den ivrigast i lanseringa var - nettopp Duckerts avis Dagbladet. Dagbladet lurte informasjonsrådgjevarar i bakhald for å pressa dei til å seie at det var dei som hadde skrive boka. Dei trykte bilete av Giske med nettverket sit, og dei spekulerte i at boka kunne vere ein bestilt dritpakke mot kulturministeren.
Etter kvart som tida gjekk, kokte likevel det kritiske potensialet bort i kålen. På veg til Giskes førtiårsfeiring ein knapp månad etter utgivinga, kunne sjølvironiens meister Ari Behn svare den pågåande reportaren i Dagbladet at «originalen alltid er best». Ministeren blei omtalt som «bursdagsbarn», og alle var i godt humør.
Journalistjævler
I haust sprang bomba i pressekrinsar då det vart kjent at ein journalist i TV 2 hadde hatt eit forhold til ein terrormistenkt. Ho blei sporenstreks permittert og generalsekretær i Norsk Journalistlag Per Edgar Kokkvold sa til VG at «er det som gjengis i tekstmeldingene mellom de to korrekt, så er denne reporteren ferdig som journalist».
Kulturjournalistikken er framleis freda frå slik ransaking av forholdet til kjedene. Det kan tyde på at kultur ikkje blir sett på som spel om makt. Eller at eks-VG og Se og Hør-journalist Erik Tumyr hadde heilt rett i boka «Journalistjævler». Journalistikken er redusert til reint kommersielle verksemder på line med Narvesen, hevda han. Det gjekk ikkje særleg lang tid før også den debatten stilna i pressa. Medan media går i første rekke når vi krev openheit av andre, er vi ofte attendehaldne når det gjeld oss sjølve. Stridsspørsmål kan dyssast ned fordi det trass alt, enn så lenge, er vi som styrer kanalane og kan logre og bjeffe om kvarandre.