Korleis kan bysykkelen vera så genial og elsparkesykkel så til dei grader det motsette?

– Ein type «syklistar» kan verken reglar, normal folkeskikk eller eit minimum av sunn fornuft, hevdar gjestekommentator Brit Aksnes.

Eg skulle ønske elsparkesyklane forsvann og aldri kom tilbake.

  • Brit Aksnes
    Brit Aksnes
    Skribent, kulturarbeidar og programskapar
Publisert: Publisert:

Det er i skrivande stund mindre enn to døger sidan eg endeleg fekk meg bysykkel-abonnement.

De som bur utanfor vestlandshovudstaden vil kanskje tru dette ikkje angår dykk, men eg er ueinig. For grunnen til at eg ikkje lasta ned appen og betalte årssummen min før no, var at eg har ikkje tenkt på kor utruleg nyttig, lettvint og billig denne tenesta er.

450 kr i året for så mange sykkelturar du vil (eller vêret tillèt), det burde vera noko å vurdera for alle som brukar Bergen by, om så berre av og til.

Ein kan seie kva ein vil om Bergen som sykkelby, den er jo strengt talt ikkje rusta topografisk for å bli noko Amsterdam, men sykkel tek deg frå eine sida av byen til den andre på relativt kort tid. Sjølv på humpete brustein.

Bysyklane er eit enormt framsteg, meiner gjestekommentator Brit Aksnes.

Det er uansett langt kjappare enn apostelens hestar, særleg med sånne stutte apostelhestar som eg har.

Eit atterhald til dei som no hiv seg på denne trenden og hiv seg på desse syklane: Lær deg dei enklaste trafikkreglane for sykling, som at du må signalisera tydeleg at du vil over eit fotgjengarfelt og at du må ta omsyn om du køyrer på fortau.

Det er jo eigentleg aldeles opplagt og burde vera det for alle, men her kjem me til hat-delen av kommentaren min.

For ein type «syklistar» kan verken reglar, normal folkeskikk eller eit minimum av sunn fornuft.

Les hele saken med abonnement