Populismen vann ikkje EU-valet

Høgrepopulistanes vekst har stoppa opp i Europa. Når britane går ut av unionen blir nok EU-parlamentet betre.

Publisert: Publisert:
Morten Myksvoll
Kommentator i BT

VINNARANE: – Dei store vinnarane av valet til EU-parlamentet var dei grøne og dei liberale partigruppene, skriv Morten Myksvoll. Foto: Francisco Seco, TT NYHETSBYRÅN

EU-valet markerte slutten på fleire tiårs dominans for dei to største partigruppene. Det kan ende opp med å gjere EU-parlamentet betre.

EU-parlamentet har alltid vore styrt av ein koalisjon beståande av sentrum-høgre og sentrum-venstre. Sjå for deg Høgre og Ap sitje i regjering saman i Noreg.

Den koalisjonen mista fleirtalet i helgas val. Den moderate høgrekoalisjonen EPP gjekk ned frå 221 representantar til 182. Sosialdemokratane gjekk frå 191 til 147 representantar.

Dei store vinnarane var dei grøne og dei liberale partigruppene.

Les også

EU-parlamentet omkalfatret i massiv valgmønstring

Ein slik megakoalisjon verkar lammande for den politiske diskusjonen, og opnar for vekst for fløypartia, skriv tenkjetanken Centre for European Reform. Alt var avgjort på bakrommet, og motstandarane til dei moderate har vore meir ytterleggåande stemmer. No kan sosialdemokratane bli den moderate opposisjonen som trengst i EU.

Høgrepopulismens vekst kan difor vere det som skal til for å stagge den.

Denne fragmenteringa betyr at EU-parlamentet er blitt meir representativt. Valdeltakinga var for første gong sidan 1994 over 50 prosent. Det er godt nytt for EU-demokratiet.

Utfordringa blir å stable på beina ein styringsdyktig koalisjon i EU-parlamentet, og fleirtalet bør helst unngå å støtte seg på britiske representantar. Dei planlegg nemleg å gå ut av EU.

Det betyr òg at det sit 73 innvalde parlamentarikarar rundt om i Europa som ikkje får ta sete i EU-parlamentet før dei britiske representantane er ute. Det kan òg spele inn på kva koalisjonar som er mogelege å få til.

Les også

I helgen tas temperaturen på Europa

Det meste av merksemda inn mot EU-valet har handla om to ting: høgrepopulismens vekst og brexit.

Dei høgreradikale og EU-skeptiske gruppene vart til saman litt større i dette valet enn i 2014, men det er meir snakk om høg vasstand enn ei bølgje. Høgreradikale nasjonalistar står sterkt i Europa, men dei fossar ikkje fram.

I eit EU-parlament med 751 seter, gjekk høgrepopulistiske parti fram med til saman 16 mandat. I Italia var framgangen på 22 seter. Det betyr at i EU minus Italia, gjekk høgrepopulistiske parti tilbake.

Les også

Tsipras utlyser nyvalg i Hellas etter EU-nederlag

Men Italia er interessant. Der stemte 40 prosent av veljarane på høgreradikale og innvandringsfiendtleg parti – og det inkluderer regjeringspartiet Lega Nord med sine 33 prosent. Rett nok er det litt lågare enn i fjorårets italienske parlamentsval, men styrken deira er formidabel. Femstjernersrørsla (M5S) sit i regjering med Lega Nord. Dei gjorde eit dårleg val.

Dei høgreradikale heldt stand i Ungarn, der partiet leia av den stadig meir autoritære Victor Orban fekk over 50 prosent av stemmene.

Marine Le Pens «Nasjonal samling» vart størst i Frankrike – men det skjedde i 2014 òg. Det høgrepopulistiske partiet gjekk tilbake drygt eitt prosentpoeng frå førre EU-parlamentsval.

I Tyskland vart Dei grøne (Grüne) nesten dobbelt så store som det innvandringsfiendtlege partiet Alternativ for Tyskland (AfD). Dei har vunne om lag like mange veljarar frå det konservative CDU som frå sosialdemokratiske SPD, og er det klart største partiet blant unge veljarar.

STØRST: – Brexit-partiet til Nigel Farage vart klart størst, og viser ei radikalisering av britiske EU-motstandarar, skriv Morten Myksvoll. Foto: Scott Heppell, Reuters

I Danmark er det derimot lett å undervurdere krafta i høgrepopulismen. Dansk Folkeparti kollapsa, og gjekk frå 26,6 prosent i 2014 til 10,7 prosent no. Det danske arbeidarpartiet har tatt store steg til høgre i innvandringspolitikken. Det betyr at innvandringspopulismen spreier seg.

I Storbritannia har resultatet snudd opp ned på EU-delegasjonen. Det nystarta Brexit-partiet til Nigel Farage vart klart størst, med nesten 32 prosent av stemmene. Labour vart tredje største. Dei konservative som sit i regjering enda opp på femteplass.

Det er eit politisk jordskjelv. Labour og dei konservative dominerer britisk politikk, men får på pukkelen av folket. Ingen av dei har handtert brexit på ein god måte.

Den britiske regjeringa må ta mest skuld for at det vart slik. Britane måtte arrangere EU-valet denne helga fordi dei ikkje klarte å melde seg ut av EU i tide. Då utsetjinga vart annonsert i april, sa avgåande statsminister Theresa May at dei innvalde representantane aldri skulle ta sete i EU-parlamentet.

Ho lova nemleg at Storbritannia skulle klare å melde seg ut av EU innan utgangen av juni. Når veljarane får beskjed om at valet ikkje får konsekvensar, legg ein opp til eit protestval.

Sidan det er lite truleg at britane klarer å kome seg ut av EU den neste månaden, vert May ståande med endå eit løftebrot.

Les også

Morten Myksvoll: Det blir verre etter May

Den store omveltinga i Storbritannia handlar sjølvsagt om brexit, og resultatet tyder på ei radikalisering av dei EU-skeptiske veljarane, som flytter seg frå det konservative partiet og ut til Farage.

Samanliknar ein med 2014, ser ein likevel at dei mest EU-skeptiske partia vert svekka. I 2014 var summen av Farages gamle parti Ukip og dei konservative 50 prosent. I 2017 er summen av dei konservative, Ukip og Brexit-partiet 44 prosent.

Dei tre mest EU-venlege partia – dei skotske nasjonalistane i SNP, Liberaldemokratane og Dei grøne – gjekk fram frå 16,8 prosent i 2014 til 33 prosent i 2019.

Etter tre år med brexitdebatt er det fascinerande korleis britiske veljarar eigentleg følgjer dei same trendane som resten av EU.

Publisert: