Sentraliseringsdansen

Regjeringa spelar inn nye tonar til Senterpartiets klagesong.

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

SP-BØLGJE:«Den sikraste vegen til valsiger for Sp i 2021, er å halde historia om sentralisering varm», skriv Morten Myksvoll. Håkon Mosvold Larsen

Senterpartiet leitar etter nye teikn på at regjeringa sentraliserer Noreg.

Kommunar og fylke er i ferd med å bli slått saman. Trass i nokre forsøk på å reversere samanslåingane, kan denne bølgja fort gå over. Det er ikkje gitt at dei kan halde oppslutninga oppe ved å klage over politireforma heller.

Trygve Slagsvold Vedum og Senterpartiet treng stadig ny sentralisering å rase over.

Det er den sikraste vegen fram til valsiger i 2021.

Regjeringa strekker ut handa til Sp i statsbudsjettet. Der føreslår nemleg regjeringa å legge ned 237 kommunale skattekontor rundt om i landet.

Difor var det ikkje overraskande at Trygve Slagsvold Vedum (Sp) gjekk rett i strupen på finansminister Siv Jensen (Frp) då ho la fram statsbudsjettet i Stortinget måndag føremiddag.

Vedum slo fast at det var ei «massiv sentralisering». Han har delvis rett.

Les også

Skuffet over Senterpartiets skilsmisseforslag: – Uaktuelt

Fram til no har kommunane hatt ansvar for skatteoppkrevjinga. No blir det ei statleg oppgåve. Klassisk sentralisering, altså.

Det er svært sjeldan makta går frå stat til kommune.

Men det er ikkje slik at alt vert sentralisert til Oslo. Dei 237 kommunale kontora skal bli til 56 regionale kontor, rundt om i heile landet.

Hordaland og Sogn og Fjordane har i dag 51 kemnerkontor – nesten eitt i kvar kommune. Etter omorganiseringa vil det berre vere slike kontor i Bergen, Førde, Knarvik, Leikanger, Nordfjordeid, Norheimsund og Voss.

Sentralisering i distrikta, om du vil.

STATSBUDSJETTET: Finansminister Siv Jensen (Frp) overleverte statsbudsjettet til stortingspresident Tone W. Trøen (H). Håkon Mosvold Larsen

Jensen forsøkte å svare på sentraliseringsskuldinga. Oslo vert hardast råka, sa ho, og meiner då at det ikkje kan vere sentralisering.

Folk flest er neppe så oppteken av å ha kemneren nær seg, meiner ho. Det stemmer nok, men det er òg ein litt enkel måte å sjå det på.

Folk er nemleg opptekne av å ha arbeidsplassar i området sitt. Kvar einaste arbeidsplass betyr noko for livskrafta til lokalsamfunnet.

Vedum gjekk derimot for langt då han kritiserte regjeringa for å ville kutte i talet på tingrettar og kutte i kommunale kraftinntekter. Endå fleire teikn på sentraliseringa, ifølgje Vedum.

Regjeringa har ikkje foreslått dette. Tvert imot har statsminister Erna Solberg (H) sagt at domstolsrapporten er for dramatisk.

Les også

Kommisjon vil legge ned tingretter over hele landet

To ekspertutval står bak dei framlegga – ikkje regjeringa. Og det er langt frå sikkert at påstanden om kommunale krafttap heldt vatn. Ifølgje utvalet sjølv, skal kommunane nemleg kome like godt ut som før.

Det er ureieleg av Vedum å dra inn ting regjeringa ikkje har foreslått i historieforteljinga si.

Det hadde han nemleg ikkje trengt.

For Jensen hadde meir sentralisering med seg i kofferten då ho kom til Stortinget måndag føremiddag.

Ein knapp time tidlegare hadde finansministeren nemleg stått på talarstolen og skrytt av kuttet i eigedomsskatt som regjeringa pålegg kommunane. No får ikkje kommunar krevje inn meir enn fire promille i eigedomsskatt. Då Solberg vart statsminister i 2013, var maksgrensa sju promille.

Denne innskrenkinga av det kommunale sjølvstyret lét Vedum stå uimotsagt. Meir og meir av kommunens inntekter vert no bestemt av staten.

Ei massiv sentralisering, altså. Men skattekuttet er kanskje hakket meir populært enn kutt i distriktsarbeidsplassar.

Les også

BTs leiar: Gje Oslo ei hjelpande hand

På same måte som saka om tingrettane, bør ikkje kemnergrepet først og fremst handle om kontora. Alt kan ikkje handle om arbeidsplassar og distrikt mot by. Det faglege må òg få plass.

Noreg treng ei effektiv skatteoppkrevjing i framtida. Regjeringa meiner den nye organiseringa kan styrke innsatsen mot arbeidskriminalitet og svart arbeid.

Likare saker skal òg få likare handsaming, meiner regjeringa.

Dersom Senterpartiet meiner færre men større kontor ikkje gir betre resultat, bør dei heller seie det. Då regjeringa forsøkte seg på ei litt meir omfattande omorganisering i 2014, meinte kommunane sin interesseorganisasjon KS at samanslåinga ikkje ville gjere oppkrevjinga betre.

Så argumenta finst.

Men Vedum gjekk ikkje inn i saka i stortingssalen. Han snakka berre i overskrifter og merkelappar. Han omtala til og med samanslåinga som skal spare 370 millionar kroner som ei byråkratisering.

Det er kreativt.

Det hadde vore meir interessant å høyre Vedum snakke om innhaldet i endringa, og ikkje berre i slike retoriske overskrifter.

Løysingar, og ikkje berre ein klagesong.