Jubla han for tidleg?

SVs landsmøte blei ein fest for partiet. Det er ikkje sikkert at lokalvalet blir like gøyalt.

TRAMPEKLAPP: Laurdag ettermiddag blei Audun Lysbakken attvald som leiar. Han er no ein svært populær leiar i SV. Berit Roald, NTB Scanpix

Jens Kihl
Kommentator

Det hender eg snakkar med folk som ikkje er valforskarar eller partistrategar. Når eg spør korleis dei trur det går med SV til hausten, svarer dei gjerne at det ligg an til eit kjempeval. SV har openbert vore dyktige til å selje inn ei historie om eit parti i framgang.

Det er på mange måtar rett: Stortingsmålingane er gode og medlemstalet er tidenes høgaste.

Men då Ap var i krise på tidleg frå år 2000 og eit par år framover, opplevde SV målingar på tjuetalet. På ei og anna måling var dei landets største parti. No er Ap på nytt i krise, og SV har framleis ikkje hatt ei måling over 8,8 prosent.

Les også

Hun er Bergen SVs forbilde

Det trur eg uroar SV-toppane. Vil SV ryke ned mot sperregrensa att dersom Ap finn tilbake til seg sjølv?

Og det er heller ikkje slik at kommunemålingane er like mykje å juble for som det stortingsmålingane er.

I mars fekk SV 5,7 prosent på målinga til Aftenposten og NRK. Hos TV 2 fekk partiet 5,1 prosent. Også tidlegare målingar tyder på at partiet ligg omtrent midt på femtalet.

Les også

Jens Kihl: Parti søkjer makt

Det er på nivå med det kriseråka KrF.

Tidlegare har Raudt berre vore ein reell konkurrent til SV i storbyane og nokre enkeltkommunar. I år stiller Raudt liste i om lag dobbelt så mange kommunar som for fire år sidan. Dette trugsmålet blir det snakka om i korridorane på SV-landsmøtet.

Les også

Uenighet om klimaavgift i SV

Sjølv om MDGs elleville vekst frå nokre år tilbake har stoppa opp, er også dei ein konkurrent. Tidlegare har SV hatt Ap til høgre for seg og omtrent ingenting til venstre for seg. Den tida er definitivt over. Det er folksamt på norsk venstreside om dagen.

Og utfordringane stoppar ikkje der. For det er langt frå sikkert at SV greier å få den plassen i lokalvalkampen som dei gjerne ønskjer seg.

Nasjonalt er Senterpartiet trygt plassert på venstresida av midtstreken. All den tid heile suksessen byggjer på motstand mot regjeringas mange reformer, er det nesten umogleg å tenkje seg at partiet skal byte side.

Lokalt er biletet heilt annleis. Klassekampen presenterte nyleg eit oversyn der så godt som alle fylkestoppane til Sp er opne for å forhandle med både høgre- og venstresida. Slik vil det òg vere i mange kommunar. Det kan gje store konsekvensar for SV og Frp.

Les også

Lysbakken: – Nå er det overklassen sin tur å til å stramme livreimen

For når er eit fløyparti interessant? Jo, fyrst og fremst når blokka fløypartiet høyrer til ser ut til å kunne få fleirtal. Om raudgrøn side ligg godt an, blir det sjølvsagt viktig kva SV meiner om små og store spørsmål.

Men om spørsmålet blir kva side Senterpartiet vel, hamnar SV og Frp straks meir i skuggen. Då blir det Ap og Høgre som får dominere.

I storbyane ligg SV derimot langt betre an. I Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø ligg partiet rundt ti prosent eller endå høgare. Mykje tyder på SV blir eit maktparti i by etter by denne hausten.

Og med fleire tusen nyinnmelde medlemer berre sidan nyttår, kan SV stille med fleire folk enn tidlegare utanfor Coop-ar og i gågater gjennom valkampen.

Eg tippar Audun Lysbakken og resten av SV-leiinga vaknar måndag morgon og er skikkeleg nøgde med vel gjennomført SV-landsmøte. Etter årevis med krise, kaos og konflikt er partiet no samla og i vekst. Partiet sørfar på ei raud bølgje.

Les også

Hun fronter vindkraft-motstand i SV

SV er eit parti som er dømt til døden gong etter gong. Eg har sjølv intervjua Lysbakken og spurt om kor dårlege målingar han måtte oppleve før han innsåg at han burde trekkje seg.

Lysbakken svarte at han opplevde «arbeidsro og tillit» i Klassekampen-intervjuet. Eg veit ikkje om det var heilt dekkjande då, men no kan nok Lysbakken bruke desse orda utan å få ein flau smak i munnen.

I dag står Lysbakken sterkt i SV. Noko av grunnen til at nestleiarkampen mellom Kari Elisabeth Kaski og Torgeir Knag Fylkesnes gjekk relativt pynteleg for seg, er nok at partiet uansett står samla bak partileiaren og hans prosjekt.

Les også

SV-lag vil si nei til bompenger. – Uansvarlig, svarer Vestland SV

Ja, ein annan norsk partileiar kviskra meg ein gong i øyret at «Audun er nok den beste debattanten av oss alle».

Men i valet til hausten stiller ikkje Audun Lysbakken på noka liste. Han skal sjølvsagt stå i partileiardebattane på TV, men no er det eit par tusen lokale kandidatar som skal gjere jobben. Går det like bra?

Det er nesten utenkjeleg at ikkje SV skal gå fram frå 2015-resultatet på 4,1 prosent. Men det er ikkje garantert at SVs valvake blir den festen landsmøtet var.

Kommentatoren har tidlegare vore aktiv i SV og har arbeidd i eit engasjement ved SVs partikontor (2012–2013).