Jobb å leva av, ikkje for

Kulturarbeidar og programskapar Brit Aksnes hadde Apple-sjef Steve Jobs sine ord i bakhovudet då ho sa opp den faste stillinga si i 2013.

Er det for mykje forlangt at kvar dag på jobb er meiningsfull, spennande og sjølvrealiserande? Eg håpar eigentleg det.

  • Brit Aksnes
    Brit Aksnes
    Skribent, kulturarbeidar og programskapar
Publisert: Publisert:

Steve Jobs sa i 2005 at den einaste måten å bli lukkeleg på var å finna ein jobb du elska, og om du ikkje hadde funne den, så var det berre å leita vidare.

Ein kan nok seia at det markerte byrjinga på slutten for gullklokkealderen.

Å få ei gullklokke for lang, tru teneste i minst 25 år, er ikkje lenger det gjævaste ein kan oppnå karrieremessig. Ikkje eingong Skatteetaten belønner det som før – no må du faktisk skatta av gullklokka di, så sant den ikkje kostar under 8000 kr.

Så ein kan på eit vis seia at ikkje heller staten lenger støttar at skomakaren blir ved lesten sin (heldigvis støttar staten framleis skomakarutdanninga – enn så lenge).

Det har vore ei stadig auke i frilansarar, eller folk som har starta enkeltpersonføretak, det siste tiåret, folk som jobbar utan fast tilsetjing og rause ordningar som sjukepengar og pensjon.

Kvifor vel folk dette? Kvifor vel EG dette?

Les hele saken med abonnement