Det var rart. Eg blei rørt.

Det kom folk til slutt, men ganske lenge var det glissent på Festplassen.

Festspillene kom endeleg heim til Bergen.

Publisert: Publisert:

For å ta det første først: Absolutt alle notata mine frå opningsseremonien til Festspillene regna bort, så denne kommentaren byggjer på det eg hugsar. Slik er det å drive journalistikk med penn og papir i Bergen.

Det starta nemleg ikkje heilt bra. I programmet stod det at opninga tok til klokka 12.30. Dermed var det temmeleg glissent då kongen og dronninga kom til Festplassen 12.05.

Du veit når nokon du ikkje kjenner så godt har invitert til fest klokka sju og du dukkar opp til avtalt tid, men det viser seg at ingen andre gjester kjem før halv ni? Omtrent slik må kongeparet ha følt det, trur eg.

Kaldt regn mot aude stein. Det var litt fiaskostemning klokka tolv, men heldigvis dukka det opp fleire til hovudprogrammet.

Kongekorpset spelte «Optimist» av Austlandets store son Jahn Teigen. Den var folkefavoritt i Melodi Grand Prix 1989, men kom ikkje vidare til superfinalen fordi ekspertjuryen ville det annleis. Det var skandale, og nettopp s-ordet låg langt framme på tunga litt over tolv onsdag:

Festplassen var aude.

Kongen såg kald ut.

Og regnet bøtta ned.

Les hele saken med abonnement