Trump sine falske fiendar

Dei mest hardbarka Trump-lojalistane nektar å akseptere at den store leiaren deira ikkje leverer som lova. I staden vender dei seg mot ein vill konspirasjonsteori.

Morten Myksvoll
Redaktør i tyrkiskpolitikk.no og tidligere Frp-politiker

«DJUP STAT»: Før var desse konspirasjonane noko som fekk gjenklang i ytterkantane av samfunnet. I dag har konspirasjonsteorien fotfeste i det ovale kontor, skriv gjestekommentator Morten Myksvoll. NTB Scanpix

Denne veka annonserte Donald Trump sin plan for Afghanistan. Den kan best skildrast som «evig krig». Kandidaten som skulle halde USA unna krig sender no meir soldatar til nok ei krigssone.

«Kvifor hadde me eigentleg eit val? President McMaster», skreiv John Posobiec på Twitter. Han er ein av desse fotsoldatane til Trump som har blitt glad i å hate den «djupe staten». Den nysparka Steve Bannon er ein annan, og når han no er tilbake i Breitbart er det delvis for å føre ein krig for Trump, og mot «president» McMaster.

McMaster er nasjonal sikkerheitsrådgjevar. Han vart nemnd opp av Trump etter at general Flynn fekk sparken, og valet vart godt mottatt av moderate stemmer på begge sider av det politiske spekteret. Ytterkantane har vore meir skeptisk, for å seie det mildt. Dei meiner at McMaster jobbar for nokon andre enn Trump.

«Deep state»-konspirasjonen går kort og greitt ut på at det skal eksistere eit nettverk av statstilsette, spesielt i etterretninga og militæret, som ønskjer å tvinge fram sin agenda på kostnad av den folkevalde agendaen. Når Trump sitt kvite hus lekk som ein sil, så skuldar dei på den djupe staten.

NASJONAL SIKKERHETSRÅDGJEVAR: H.R. McMaster. Polaris Images

Når Trump snur opp ned på det han lova i valkampen, så er det den djupe staten som har fått gjennomslag. Når McMaster kjem med andre råd enn dei ønskjer seg, så set dei han opp som leiaren for denne djupstatsrøyrsla. Målet er å dikte opp ein falsk fiende, og vende all aggresjon mot denne.

Det er i denne konteksten ein må forstå Trump og hans følgjarar sin genuine mistru mot det amerikanske etterretningsmiljøet. Dei trur at CIA er ute etter dei. At etterretningsrapportane om Russland si innflytelse på det amerikanske valet er trylla fram for å skade administrasjonen. Det er difor Trump heller siterer Fox News enn sin eigen etterretningssjef.

Konspirasjonsteorien er ikkje heilt ny i amerikansk kontekst. President Eisenhower åtvara mot det militær-industrielle komplekset, som vert sett på som den private delen av den djupe staten. Han sa at det var ei stor fare for feilplassert makt. Det er ikkje nødvendigvis feil, men når det vert sett saman med ein teori om at ulike delar av statsapparatet samarbeider for å undergrave staten sine eigne mål, så vert det til ein konspirasjonsteori. Attentatet mot John F. Kennedy er eit konspirasjonsreir utan sidestykke, og der vart sjølvsagt den djupe staten mistenkt av fleire. Heile tanken om at terroråtaket 11. september var ein innside-jobb er klassisk «deep state»-tankegang.

Det er likevel tatt til eit nytt nivå no. Før var desse konspirasjonane noko som fekk gjenklang i ytterkantane av samfunnet. I dag har konspirasjonsteorien fotfeste i det ovale kontor. Nokre av presidentens næraste menn står bak spreiinga av den. Det finst eit nasjonalt sikkerheitsnotat som skildrar trugselen frå den djupe staten, fordi Trump-administrasjonen utgjer ein «eksistensiell trugsel mot kultur-marxistisk» dominans. Dette er retorikk me kjenner igjen frå 22. juli-terroristen sitt manifest. Notatet vart ironisk nok lekka, slik at eg kan sitere frå det.

TRUMP: Denne veka fortalte president Donald Trump om planen for USAs deltaking i Afghanistan. NTB Scanpix

Les også

– Jeg vil ikke si når, men angripe vil vi

Det særskilde problemet med «deep state»-konspirasjonen er at den faktisk er reell ein annan plass i verda. Det gjer nok at tankegongen får legitimitet sjølv der den ikkje gjer meining, som i USA.

Tyrkia har lenge hatt to djupe statar. Ein formell og ein uformell. Den formelle har vore militæret, som har tatt rolla som kontrollør av sivile myndigheiter, og ved fleire høve tatt det på seg å gripe inn mot dei folkevalde leiarane. Den uformelle er meir interessant i dette tilfellet. Sidan 1970-talet har Fethullah Gülen oppfordra sine følgjarar til å ta jobbar i statsapparatet, i akademia, i media, og i bankstellet. Dei siste åra har det vore mange avsløringar om korleis cellene i Gülen sitt nettverk gjorde det mogeleg for Gülen-lojale rekruttar å jukse på prøvar, og stige fortare i gradane. Nettverket vart for alvor kjent i etterkant av kuppforsøket i 2016. Det er neppe tilfeldig at amerikanarar drog konspirasjonen opp av hatten kort tid etter at kuppforsøket i Tyrkia vart kjent.

Det Bannon og hans gjeng skuldar McMaster for, er å leie ei kupprøynsle. Det er farleg. Dei påstår òg at etterretningstenestene er med på det. Målet er å sementere støtta til Trump, slik at den ikkje vert negativt påverka av at han ikkje får til noko som helst. Det er forferdeleg kortsiktig. USA har brukt mange tiår på å byggje opp eit etterretningssamfunn utan sidestykke, og no vert det brukt som eit politisk våpen mot det politiske systemet i USA.

Trump sine utfall mot kongressen og høgsterett er ikkje tilfeldige. Han meiner at dei har unødvendig mykje makt til å stoppe agendaen hans, og trur at valsigeren hans legitimerer maktkonsentrasjon. Viss ein slik konspirasjonsteori verkeleg slår rot kan maktfordelinga vere trua. Det er heilt i tråd med Bannon sin visjon om å knuse systemet, men er milevis unna det republikanarane tradisjonelt har stått for. Foreløpig vinn Bannon.