Det du ikkje veit

Kvifor går det galt når KrF snakkar om abort, Høgre snakkar om formuesskatt eller MDG snakkar om landbruk?

SEL-SAMT: I valkamp likar Erna Solberg (H) å snakke om formuesskatt, men kvifor blir det så mange faktafeil av det? Her er statsministeren i Akvariet i Bergen i 2017.

Nikita Solenov (arkiv)

Kan det vere at politikarar ikkje bryr seg så hardt med å setje seg inn i saker der dei er imot? Døma er i alle fall mange.

Denne vinteren har Noreg vore utsett for ein abortdebatt som dei færraste av oss hadde ønskt. Det var den blå fløya i KrF, godt hjelpen av Statsministerens kontor, som kasta oss ut i dette.

Abortspørsmålet er ei såkalla hjartesak for KrF. Ein skulle difor tru dei var knallgode på fakta i saka, men nei.

«I dag opplever Norge tvillingabort-turisme», sa KrFU-leiar Martine Tønnesen til VG 21. oktober. Men nei, det er ingen utanlandske kvinner som har fått utført fosterreduksjon i Noreg.

I starten av november hadde Kjell-Ingolf Ropstad meir på hjartet om abort. Han sa til NRK at han hadde fått døme frå jordmødrer på at Downs syndrom, hareskår eller at fosteret mangla ei hand gav grunnlag for abort.

Etter kvart som Ropstad blei pressa på dette, kunne kan ikkje kome på konkrete døme likevel.

I desse døma har faktasjekkarane i Faktisk.no kome med harde konklusjonar. Og diverre er dette berre tre av ganske mange faktafeil kristendemokratane har servert oss dei siste månadene. KrF burde lære seg nokre faktasjekketriks.

Dette er altså kunnskapsnivået når KrF vil ha abortdebatt i Noreg. Dei vil endre norsk abortpolitikk på heilt avgjerande punkt, men litt for ofte viser det seg at dei ikkje kan sakene sine.

KrF er likevel langt frå dei einaste her.

For la oss snakke om formuesskatten, som Høgre og Erna Solberg har hatt som ein slags nemesis i årevis.

Erna Solberg har i fleire år slite tungt med å forklare korleis kutt i formuesskatten eigentleg er vekstfremjande for økonomien, og ikkje berre ei gåvepakke til landets rikaste.

Eit høgdepunkt var VG-intervjuet som blei avslutta etter 42 sekund med sitatet «nå har jeg svart på nok spørsmål om budsjett og skatt. Nå skal jeg til Bergen». Det siste er eit ønske det er lett å forstå, men tabbane står der like fullt:

Ho har peika på familiedrivne hotell, pølsemakarar og ein ullvarefabrikk på Lillehammer. Det viste seg at ingen av dei sleit med formuesskatten. Statsministeren har referert til professorar som ikkje jobbar med skatt, ho har stoppa midt i eit NRK-intervju og snakka mot landets leiande ekspertar på feltet.

Å høyre statsministeren snakke om formuesskatt, har vore litt som å høyre Frp-arar snakke om klima. Per-Willy Amundsen har gjeve sola skulda for global oppvarming. Carl I. Hagen fann på at det var varmare i vikingtida.

Det funkar kanskje for Frp-arane. Men resultatet er at debatten ikkje handlar om kva vi kan gjere for å bremse dei farlege klimaendringane, men i staden om kva som stemmer og ikkje i det politikarane har sagt.

Då endar vi gjerne i det verste av alle hjørne: I den mørke kroken som heiter «debatten om debatten».

I valkampen 2013 stilte Aftenposten ei rekkje spørsmål til MDGs dåverande talsperson Hanna Marcussen om kor gjennomførbar politikken deira eigentleg var. Marcussen skulle svare om punktet «Innføre obligatoriske tiltak for å hindre at opp til 40 prosent av rådyrkalver i Norge blir drept av slåmaskiner».

Les også

Jens Kihl: Det Vedum ikkje vil høyre

Kva var så eit slikt obligatorisk tiltak? Jo, «Miljøpartiet anbefaler også å «slå på andre tider av året», men innrømmer at det «ikke er stort rom for justeringer på det punktet».

Det er klart at færre rådyrkalvar døyr om bøndene tek slåtten midtvinters. Det kan likevel gje ein drastisk reduksjon i sjølvforsyningsgraden her til lands. Og det kan vere at MDG-toppane hadde hatt bruk for nokre fleire aktive bønder i programarbeidet.

I fjor vinter gjekk det ein knallhard debatt om norsk tilknyting til EUs energiunion og Acer. Debatten var prega av ganske tung feilinformasjon på båe sider. Arbeidarpartiet blei den store taparen.

Partiet blei drege frå skanse til skanse. Det kan verke som om Ap-toppane for seint forstod kva Acer-motstanden handla om.

Og då dei først kom på banen og ville ta folks uro for arbeidsplassar og råderett over naturressursane på alvor, var det for seint. Ap var på defensiven i ei sak der dei verkeleg burde ha dominert.

Det er ikkje sikkert det er mogeleg å fikse dette. Det er ikkje realistisk at SV plutseleg skal bli fullt av næringslivsfolk som protesterer mot lite gjennomtenkte reguleringar av privat sektor.

Senterpartiet får ikkje over natta hordar av byfolk som argumenterer for ein meir samanhengande storbypolitikk.

Og kanskje er det heller ikkje lett å vere antagonisten i partiet.

Les også

Podkast: KrF sin viktigaste mann i regjering

Dersom ein fagrådgjevar kjem og seier «er de heilt sikre på at dette er lurt?» kan ho lett bli oppfatta som ei som vil endre partiets politikk. Det er ikkje sikkert det er heilt lett å vere den som seier «men kva er det realistiske alternativet?» når ein gjeng SV-arar diskuterer kor viktig det er å melde seg ut av Nato. Men kanskje kan politikarane for éin gongs skuld lære noko av journalistane?

Sigurd Allern, professor i journalistikk, er ein av dei som meiner pressa burde bli flinkare til å skaffe seg ein «djevelens advokat». Ein som har til å oppgåve å stille kritiske, ubehagelege spørsmål i redaksjonen, kanskje særleg i arbeidet med større gravesaker.

Kanskje kunne partia skaffa seg noko tilsvarande? Ein ting er å sjå på ein politisk tekst med eit kritisk blikk. Noko anna er å ta rolla som motstandarar: «Du Erna, kan du ta det reknestykket om formuesskatten éin gong til? Det heng verkeleg ikkje på greip».

Resultatet kunne blitt betre ordskifte om sjølve saka. Vi kan godt diskutere abort, klima, landbruk eller skatt, men vi må gjere det på rette premissar.

Kom igjen. Dette greier vi.