Vi-partiet

LO mista Trond Giske, men vart kvitt Hans Kristian Amundsen.

Publisert:
Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

UAVGJORT: Ap-leiar Jonas Gahr Støre og partisekretær Kjersti Stenseng kan vone på meir ro i partiet, etter dei siste dagars utreinsking, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB Scanpix

Aps fremste tillitsvalde har ikkje gløymd kvar partiet kjem frå. Linja som fekk kraftigast applaus i partileiar Støres tale til landsstyret måndag var denne: «Dette landsstyremøtet markerer at det er tid for å slutte rekkene».

Slik talar ein leiar i Arbeidarpartiet. Inga oppmoding. Ingen dialog. Ingen tvil. Berre ei konstatering. Å slutte rekkene er sjølve fundamentet i arbeidarrørsla. Makta ligg i at ein er mange, og at ein står saman. Støre har lært.

Då Jonas Gahr Støre gjekk på talarstolen hadde sentralstyret akkurat vedteke å kaste ut Trond Giske. Fallet for Aps nestleiar og evige kronprins er historisk, og at han måtte ut av sentralstyret var ikkje så overraskande.

For dei som har følgt godt med var det heller ikkje så overraskande at leiaren for Aps sekretariat på Stortinget, Hans Kristian Amundsen, sa opp jobben i eit lesarinnlegg søndag ettermiddag. Amundsen har ikkje eit like kjent fjes som Giske, men er likevel ein viktig og mektig bakspelar i Arbeidarpartiet.

Han spela mellom anna ei sentral rolle i Aps mislykka sentrumsfrieri i valkampen i fjor. Han blir av politiske motstandarar òg skulda for å stå bak fleire giftige lekkasjar mot Trond Giske, mellom anna om ansvaret for valkampen. Slik sett står dei godt til kvarandre.

Amundsens fall vart eigentleg varsla allereie på sentralstyremøtet i partiet 2. januar. Her skal Amundsen ha fått kraftig kritikk frå fleire, mellom anna LO-leiar Hans Christian Gabrielsen. Partisekretær Kjersti Stenseng skal ha sett i gang det heile, ifølgje Dagbladet. Amundsen vart kritisert for konfliktskapande og dårleg leiing, og for at sensitive dokument han hadde ansvaret for hamna i media.

Eit par dagar seinare siterte VG ei anonym kjelde som sa at viss «Giske ryker, må Amundsen også gå. Da blir stillingen liksom 1–1».

UTE: Hans Kristian Amundsen trakk seg søndag som leiar for Aps sekretæriat på Stortinget. Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Det at begge to no er ute, i alle fall for ei god stund, er difor eit bidrag til å roe ned kamphanane i partiet. Amundsen er eit velkome offer for forbitra Giske-tilhengjarar.

Ikkje minst i LO, der Amundsen vart sett på som av hovudarkitektane bak Støres flørt med sentrumspartia KrF og Venstre i valkampen. I så måte er reaksjonen frå Fellesforbund-leiar og sentralstyremedlem Jørn Eggum talande, då NRK bad han kommentere avgangen til Amundsen:

«Han tilhører den delen av den politiske ledelsen som ikke har levert, og han tar ansvaret for det nå».

Mykje tyder altså på at nokon har snakka saman.

Giske og Amundsen er uttrykk for ein gammal dragkamp i Ap, mellom dei som vil lene seg til fagrørsla og dei som vil gå mot sentrum. Det handlar dels om taktikk, men òg om ulik politisk ståstad.

Den konflikten forsvinn ikkje, spesielt ikkje når partiet no har sett ned tre utval for å finne ut kven dei er og korleis dei skal kome tilbake til gamle høgder.

Som historieprofessor Einar Lie peika på i ein kommentar søndag, har Erna Solbergs Høgre tatt fleire steg mot venstre. Dermed har ho gjort det endå vanskelegare for Støre å vinne dei lilla sentrumsveljarane.

Men for Støre og alle i partiet som er meir interessert i politikk enn Machiavelliske maktkampar, må likevel den utfordringa stå fram som ein opptur i høve til det dei har vore gjennom dei siste månadene.

#Metoo-sakene er, som Støre òg var innom i talen til landsstyret, eit oppgjer på overtid. Her har Giske seg sjølv å takke, medan Amundsen skal ha vore ein solid støttespelar for varslarane.

Å gjere #metoo i Ap til eit spørsmål om maktkamp er å gjere varslarane ein djup urett. Men uavhengig av #metoo viser historiene om Giske og Amundsen fram ei destruktiv side i partiet, der kampen om makt og innverknad blir viktigare enn den politiske meiningsbrytinga.

Med dei to ute av spelet kan det difor bli lettare for Støre å få «slutta rekkene», og å drive med politikk igjen.

Publisert: