BT fulgte den avgjørende bybanedebatten

BTs kommentatorer var i bystyret.

  • Bergens Tidende
    Bergens Tidende
Eirin Eikefjord, Morten Myksvoll og Gerd Tjeldflåt.
Siste innlegg
Har du tips eller spørsmål om dette emnet? Vi vil gjerne høre fra deg!
Send melding
  • Gerd Margrete Tjeldflåt
    DEL
    No ligg alt på Raudt

    Det er Raudt som no avgjer kva som skjer i bergenspolitikken. Dei må enten støtte eit Høgre-byråd eller endre meining i bybanesaka og støtte ein trasé over Bryggen.

    Det siste er mest sannsynleg, særleg sidan me veit at det finst mange i partiet som støttar dette frå før.

    Me avsluttar direktedekninga no, men BT dekker sjølvsagt saka utover kvelden.

  • Gerd Margrete Tjeldflåt
    DEL
    Hove er truleg sjakk matt

    Høgre er no i den rare situasjonen at dei vann fram i bystyret, men truleg taper saka.

    Harald Victor Hove har heile tida vore klar på at han ikkje har grunnlag for å danne i byråd i bystyret. Han er avhengig av støtte frå anten KrF eller Venstre eller frå Raudt. Det er ikkje sannsynleg.

    Til BT kritiserer han Valhammer for å ikkje følgje fleirtalet i bystyret sin vilje.

  • Eirin Eikefjord
    DEL
    Hva gjør Hove nå?

    Valhammer sier at han har hatt mange samtaler med Høyre, og de har ikke vært villig til å finne løsninger. Nå er det interessant hva Høyres gruppeleder Harald Victor Hove gjør. Det er mildt sagt ingen drømmesituasjon for ham å overta ledelsen av byen nå, med så skral støtte i bystyret. Tunnelkameratene Sp, Rødt og Høyre er ikke enige om noe annet enn at Bryggen skal vernes for bybane.

  • Eirin Eikefjord
    DEL
    Noen andre må ta ansvar

    Nå er det pause, og pressemøtet er i gang. Valhammer gjentar at han ikke kan ta ansvar for konsekvensenene av et tunnelvedtak. «De vil ikke regulere, de vil ikke bygge, de vil ikke finansiere – og da må de også ta ansvar for å gjennomføre vedtaket sitt», sier han. Det var i går kveld han bestemte seg for å stille kabinettspørsmål.

  • Gerd Margrete Tjeldflåt
    DEL
    Prøver å tvinge gjennom Bryggen

    Det Valhammer gjer no er å prøve å tvinge gjennom Bryggen.

    Som me har skrive fleire gonger, vil det ikkje vere noko fleirtal i bystyret for eit byråd leia av Harald Victor Hove (H). Då vil Roger Valhammer igjen få oppgåva av ordføraren.

    Men no seier han at han ikkje vil gå på igjen før han får fleirtal i denne saka. Han nektar å gjennomføre tunnelvedtaket.

    Det betyr at Raudt må snu, eller støtte eit Høgre-byråd.

    Dette er verkeleg ein spesiell situasjon.

  • Gerd Margrete Tjeldflåt
    DEL
    Valhammer set hardt mot hardt
    Avgåande byrådsleiar Roger Valhammer (Ap)
    Avgåande byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) Foto: Tor Høvik

    Valhammer går på talarstolen igjen, og meddeler at han og byrådet vil gå av.

    Han seier også at dersom det ikkje finst andre fleirtal, og han må gå på igjen vil han ikkje gjere det utan at han får fleirtal bak Bryggen-traseen.

    Dette er ein twist!

  • Gerd Margrete Tjeldflåt
    DEL
    Byrådet tapte

    Det blir også stemt over innstillinga frå byrådet, og dei tapte.

    No blir det stemt over ymse tilleggspunkter. Etter dette blir det pause i møtet og eit pressemøte med byrådsleiaren.

  • Eirin Eikefjord
    DEL

    Det alternative tunnelforslaget fra Høyre Rødt og Sp fikk stemmene fra alle disse partiene, Frp og de uavhengige.

  • Gerd Margrete Tjeldflåt
    DEL
    Der er tunnel vedteke

    Det gjekk som me trudde. Tunnel fekk fleirtal.

  • Gerd Margrete Tjeldflåt
    DEL
    Forslag om å droppe bybanebygginga har falt

    Det har også forslaget til Torgersen og Tungesvik om å utsetje saka.

  • Gerd Margrete Tjeldflåt
    DEL
    No skal det stemmast

    Valhammer har lagt hovudet på blokka. No skal det stemmast.

    Dette kjem til å ta litt tid, for det er mange ulike forslag som skal stemmast over. Me prøver å følgje med og halde dykk oppdaterte.

  • Morten Myksvoll
    DEL
    Dette betyr Valhammers trugsel
    Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap)
    Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) Foto: Tor Høvik

    Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) varsla nett no at byrådet kjem til å gå av, dersom opposisjonen trumfar gjennom tunnelalternativet til Bybanen.

    – Som byrådsleiar kan ikkje eg ta ansvar for at bybanen vert sett i spel, sa han til bystyret.

    Han peiker på at fleirtalet som vedtar tunnel må vedta bompengar og ta ansvar for saka vidare.

    Kaninettspørsmålet gir ein ny dimensjon til bybanesaka. Frå før er det kjent at krefter i KrF og Venstre vil at partia deira skal forlate byrådet dersom dei taper trasévalet.

    Nokon må sitje i byråd. Det er Høgre neppe klar til no. Heller ikkje Raudt ønskjer seg Høgre i byråd, sjølv om dei samarbeider i bybanesaka.

    Sidan sjansane for at Høgre vil slite med å danne byråd er så høg, reduserer det òg makta som ligg i kabinettspørsmålet. Det vil sjølvsagt vere flaut for Høgre å ikkje klare å ta makta når dei får sjansen. Og klarer dei ikkje det, vil nok Ap få oppdraget att med å danne byråd.

    Då er me nesten tilbake til start. For uavhengig av byrådets avgang, kan KrF og Venstre uansett vere ferdig i byråd.

  • Gerd Margrete Tjeldflåt
    DEL
    Bygger opp mot kabinettspørsmål

    Valhammer startar med å oppsummere alle problema han ser med ei tunnelløysing. Han seier også at det bystyret er i ferd med å vedta noko endå verre enn tunnelløysinga som låg i bordet. Det går mot kabinettspørsmål.

  • Eirin Eikefjord
    DEL
    NÅ snakker Valhammer

    Dette er spennende

  • Eirin Eikefjord
    DEL
    Kabinett eller ikke kabinett? Det er spørsmålet

    Byrådsleder Roger Valhammer har fortsatt ikke tegnet seg på talerlisten, men har innkalt til pressekonferanse etter møtet. Kabinettspørsmål må varsles i selve møtet, ifølge kommuneloven. Han må altså tegne seg for å fremme et sånt forslag.

  • DEL

    Partiene som egentlig er mot bybane, stemmer jo sekundært for tunnel løsningen. Vil de kunne trenere eller stoppe denne i neste runde?

    Tom Brønn

    Dei vil truleg ikkje vere med på å finansiere denne banen, når det ein gong kjem til bystyret. Det vil skje i samband med ein bompengepakke.

    Det treng ikkje bety noko, dersom andre parti blir med på å vedta ein slik bompengepakke.

    Gerd Margrete Tjeldflåt
  • Gerd Margrete Tjeldflåt
    DEL
    Tungesvik har ikkje gitt opp
    Foto: Tor Høvik

    Men Senterpartiets Steinulf Tungesvik gir ikkje opp. Han ber bystyret om å sjå ein gong til på forslaget han og partikollega Stig Torgersen fremjer, om å be om meir informasjon om tunnel og utsetje saka inntil vidare.

    Han meiner dette er eit samlande forslag, men det verkar ikkje som om resten av bystyret er einige. SV er ikkje interesserte i å få meir informasjon, dei meiner me allereie har den informasjonen som trengs. Høgre er ikkje interesserte i å halde Bryggen-forslaget i live, dei har fleirtal for tunnelløysinga si.

    Men Tungesvik klargjer at han ikkje vil stemme for tunnelforslaget til Høgre, Raudt og resten av Senterpartiet. Det vil seie at forslaget berre får 34 stemmer, altså eit knappast mogeleg fleirtal.

  • Morten Myksvoll
    DEL
    Interessant kuttframlegg frå Høgre

    Høgre vil spare masse pengar langs traséen for å få råd til tunnel. Anette Strand (H) meiner blant anna at ein kan spare 300 millionar kroner på å ikkje rive eit bygg i Kaigaten.

    Men det bygget må jo rivast dersom Høgre sitt tunnelframlegg får fleirtal. Det er forståeleg at bybanesaka er forvirrande, men det er greit å ha oversikt over kva bygg som ryk med.

  • Gerd Margrete Tjeldflåt
    DEL
    - Ein trist dag
    Foto: Tor Høvik

    Aps Geir Steinar Dale var ein av dei som starta debatten i dag, no går han på talarstolen for å oppsummere:

    - Eg sa i starten at denne dagen hadde potensiale til å bli ein trist dag. No må eg konkludere med at det diverre er blitt det, seier Dale.

    Det ser ut til at Arbeidarpartiet har gitt opp.

  • Eirin Eikefjord
    DEL
    Et dypt pust fra Hove

    Høyres gruppeleder Harald Victor Hove har gjerne prøvd å fremstå raus og statsmannsaktig i denne saken. Tidligere har han lovet at Høyre vil belite seg hvis de taper.

    Fra talerstolen snakket han faderlig til dem som ser ut til å tape i dag: “Trekk pusten. Ta et lite øyeblikk, og vit at vi har klart å bygge bybane før. Men da må vi belite oss”.

    Det er jo lett å si, hvis man ikke er den som må drive belitingen.

Flere artikler

  1. – Han kan avgjere Bybanens framtid

  2. «Nokon må snu for at Bybanen skal kome til Åsane»

  3. «Nå blir det fullstendig kaos»

  4. «Vi kan få en situasjon der ingen vil styre byen»

  5. «Ein fredsommeleg bergensar kunne like gjerne flytta til Oslo»

Publisert
BT anbefaler

Brann har åtte nye spillere siden sommeren. Bare én var i Hornelands øyne en klar forsterkning.

Brann rustet opp til høsten med åtte nye spillere, men Horneland er usikker på om laget ble forsterket.

LES SAKEN
  1. Bybanen
  2. Bystyret