Lev-i-nuet-Frp vs ungdommen

No vil den nye Frp-leiinga jakte stemmene til dei unge ved å bruke pensjonspengane deira på asfalt.

  • Hans K. Mjelva
    Hans K. Mjelva
    Kommentator i BT

Frps komande leiarduo, Sylvi Listhaug og Ketil Solvik-Olsen, vil gjere brot på handlingsregelen til valkampsak. Det kan skape akkurat den debatten Noreg treng, når ungdommen forstår at det er deira pengar ein vil bruke, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Håkon Mosvold Larsen

Publisert Publisert
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Sylvi Listhaug og Ketil Solvik-Olsen kastar ikkje bort tida. Fire dagar etter dei vart utpeika av Siv Jensen som den komande leiarduoen i Framstegspartiet, har dei henta fram att den største fleskebiten i Frps valkampsamling: Oljefondet.

I eit intervju med VG/E24 varslar dei to at Frp ikkje vil følgje handlingsregelen. Det betyr at partiet vil bruke meir enn oljefondet kastar av seg over tid, noko som betyr at fondet vil bli gradvis mindre.

Taparen i dette spelet er dagens unge, men det kjem eg tilbake til. Først litt historie.

Frp har for lengst blitt eit velferdsparti, samstundes som grunnideologien om «sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep» ligg fast. Dei sju åra partiet sat i regjering kunne partiet levere begge deler.

Det gjekk an fordi oljefondet auka kraftig. Fondet kunne difor dekke eit stadig større underskot på statsbudsjettet, utan at regjeringa braut handlingsregelen.

Difor kunne òg Høgre gå med på pengebruken.

Men no går ikkje dette lenger. Regjeringas perspektivmelding viser at heile veksten i oljepengebruken det neste tiåret vil gå til pensjonar, helse og omsorg. Då blir det ikkje rom til andre dyre reformer og tiltak.

Les også

Jens Kihl: Sei hei til sosialdemokraten Listhaug

Den som har følgt med veit at det ikkje er noko nyheit at Frp vil bryte handlingsregelen.

Partiet har lenge hatt som program at investeringar i vegar og anna infrastruktur, «sentral bygningsmasse og store kapitalvarer» skal kunne kome i tillegg på statsbudsjettet. Under streken, som det heiter.

Det nye er at Listhaug opnar for at partiet òg kan bryte handlingsregelen for å finansiere auka velferd. I intervjuet med VG/E24 nemner ho «medisinar og behandling, sykehjemsplasser og å sikre pensjoner», samt billigare ferjer.

For den som tenkjer at Solvik-Olsen er meir ansvarleg, feier den nye nestleiaren all tvil av banen:

«Det er stort sett samfunnsøkonomer og politikere som er opptatt av å diskutere en teoretisk regel. De fleste som bor i dette landet vil ikke at ting skal råtne på rot for å spare finansformuen til fremtidige generasjoner.»

Det er mogeleg den tidlegare samferdsleministeren berre tenkjer på vegar og andre investeringar, i tråd med partiprogrammet.

Men ved å ta slike investeringar utanom handlingsregelen, blir det plass til å bruke langt meir på velferd og andre tiltak i statsbudsjettet.

Berre investeringane i vegar, jarnbane og andre samferdsletiltak er i år 73 milliardar kroner.

Fjernar du det frå statsbudsjettet, kan bruken av oljepengar aukast tilsvarande utan å bryte handlingsregelen.

For meg ser dette ut til å vere eit klart brot med følgjande fornuftige formulering i Frps eige partiprogram:

«Selv om staten har store verdier, må man unngå en situasjon hvor gode velferdsordninger og høyt statlig forbruk over tid gjør at statens økonomi ikke er bærekraftig.»

Les også

Hans K. Mjelva: Sanner fortel folket at Høgre har brukt opp pengane, og at neste regjering må rydde opp

Å unngå tapping av oljefondet kan fort bli den vanskelegaste politiske saka i åra som kjem. For å sleppe å prioritere kan det fort bli freistande å bøye regelen og plassere viktige saker utanfor, anten det er vegar, forsvar eller klimatiltak.

Solberg-regjeringa auka oljepengebruken med 18 milliardar i året, før koronakrisa. Stoltenberg-regjeringa før dei auka pengebruken med 11 milliardar årleg.

Nordmenn er blitt vande med å få meir velferd og vegar utan å måtte betale for det i form av auka skattar og avgifter. No må politikarane slutte med det. Det blir ikkje populært.

Sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB skisserte tre mogelege framtider (inspirert av ein klassisk spagettiwestern), då ho kommenterte perspektivmeldinga:

  • The Good: Politikarane inngår breie forlik om upopulære, men naudsynte reformer.
  • The Bad: Politikarane utset reformene i håp om at inntektene aukar meir enn ein trur.
  • The Ugly: Handlingsregelen døyr, og politikarane byrja å tære på oljefondet for å sleppe å prioritere.

Ifølgje møtereferatet frå Kristin Clemet i Dagens Næringsliv, trudde Haugland sjølv mest på ei blanding av dei to siste.

Det lovar ikkje bra for neste generasjon. Det er dei som må betale prisen i form av kutt til velferd, vegar og andre utgifter, eller skatteauke.

Det er ingen grunn å tvile på at Frp vil drive valkamp med opa lommebok. Dei vil ikkje vere dei einaste. Men ved å droppe handlingsregelen har dei litt ekstra krut i kanonen.

Det er jo heller inga dårleg sak. For mange nordmenn verkar det meiningslaust at vi skal ha så mykje pengar på bok, når det finst gode ting å bruke dei på.

Men eg er ikkje så sikker på om ungdommen er så gira på å ta rekninga som Ketil Solvik-Olsen trur. Han meiner folk under 40 ikkje er opptatt av handlingsregelen. For ein god del er det heilt sikker rett.

Men det vil endre seg om dei forstår at det ikkje er tull at dei må betale prisen.

Når Frp no gjer regelen til valkampsak, vil debatten som følgjer kunne bli ein finfin opplysningskampanje. Mellom anna fordi Frps eigen ungdomsorganisasjon er høglydt kritisk til forslaget.

Etter den opplæringa eg ikkje sikker på at ungdommen konkluderer med at det er lurt å bruke pengane no.

Difor er dette utspelet kanskje akkurat det Noreg treng.

Publisert
  1. Økonomi
  2. Handlingsregelen
  3. Generasjon
  4. Perspektivmeldingen
  5. Ketil Solvik-Olsen

Les mer om dette temaet

  1. Heftig strid om Norges 11.138 milliarder oljekroner

  2. Gjentar bønn om forsiktig penge­bruk: – En utfordring å få gjennomslag

  3. Ny måling: Listhaug skremmer vekk flere enn hun lokker til Frp

  4. – Sylvi Listhaug klarer neppe å løfte partiet opp til gamle høgder

BT anbefaler

Sjekk Branns krav­liste til ny sportssjef

Inntil Brann får ny sportssjef på plass har trener Kåre Ingebrigtsen et utvidet ansvar for kjøp og salg av spillere i…

LES SAKEN