Valutakursar

Asbjørn Kristoffersen

Jon Olav Nesvold, NTB scanpix (illutrasjonsfoto)

Ingen bryr seg om oss gamle, utslitne skrottar. Som vanleg. Dei arbeidande massar er berre på korttidsopphald i valutaland. Det er vi som får blåsvie på pungen når krona går i dass. Vi som må overvintra i Syden eller Berlin for å restituera oss etter førti-femti års slit for føde og fedreland. Utakk er verdas løn.

Verdien av pensjonen burde følgja valutakursane. Når euroen tek rennefart over ti-talet, og dollaren hoppar bukk over ni-talet og endå til svenske tilstandar yppar seg i valutamarknaden, grin pensjonistarmoda oss i møte. Rett nok er vin og øl og sprit framleis på billegsal, om ein absolutt skal samanlikna med norske synd-og-skam-prisar. Men pensjonistar lever ikkje av alkohol åleine. Vi skal ha jålekaffi også. Og kaffiprisane i Syden nærmar seg styggeleg norsk ågernivå.

Vi pensjonistar sparer Siv og Nav for ufattelege utgifter når vi tek permisjon nede i landa. Vi legg oss ikkje inn på ikkje-berekraftige lokalsjukehus i gamlelandet, med brotne lårbein og alderdomsdepresjon. Vi sleikjer sol og drikk vin som vi har kjøpt på den lokale supermarknaden. Vi held oss i vigør. Vi skaper arbeidsplassar for dei innfødde, lærer dei å forstå brunostens betydning for manneætta og bli multikulturelle inni seg. Vi sparer ganske sikkert Siv for mange innvandrarar.

Globalistiske pensjonistar er den nye vin. Økologisk, biodynamisk, kosher, halal. Og kortreist. Vi skulle hatt æresvalutakompensasjon i trygda.

Naturlegvis forstår vi at valutakursar kan svinga i takt med oljeprisar og konjunkturar og internasjonale spekulasjonar. At ei svak krone er til bate for eksportnæringane er barnelærdom for oss. Men det er ikkje vi som styrer landet lenger. Alderismen rår. Kor mange gamlingar har sete i regjeringsapparatet? På Stortinget? I styreromma? Gamlingar er parkerte på tørkeloftet.

Dei som har parkert oss, får ta ansvaret for kroneverdien. Vi som er ofre for aldrismen, må haldast skadefri. Trygda må justerast i høve til jålekaffiprisane i Syden. Billeg brennevin er alderdommens fortenestemedalje.