NRK må skjerpe seg

Statskanalen brukar lisenspengane på å sabotere for seriøse medium.

BARNSLEG: Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen må få mediehuset sitt til å slutte å rydde opp, meiner Morten Myksvoll. Vidar Ruud / NTB Scanpix

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

Det burde vere ganske enkelt å tulle med norske medium. Det finst noko å ta av kvar dag, dersom ein ser litt etter. VGs Ken Andre Ottesen klarer det kvar einaste dag på Instagram, når han trekk fram gullkorn frå lokalavisene. Harselas er heilt nydeleg.

Så kvifor klarar ikkje NRK det?

I jakta på å vere kul og nyskapande, har NRK flytta humoren over i ein annan sjanger. I staden for at vitsen vert presentert på eigne kanalar, er poenget at nokon andre har brukt ressursar.

På sjølvaste 22. juli fann NRK P3 ut at det var gøy å heise det svenske flagget på Bragernes Torg. Dei lo sikkert godt då Drammens Tidende skreiv om saka. Giganthjernane i P3 stoppa ikkje der. Dei sette òg opp ein gresk statue og tapetserte ein billettautomat med NSB-logoar.

Målet var å sjå kor lett det var å få ein sak på trykk om sommaren.

At P3 trur at dette ikkje er heilt greie saker for ei lokalavis, viser berre ei nedlatande haldning til lokaljournalistikk. For sakene hadde vore fine dei, om dei berre ikkje hadde vore basert på ei NRK-løgn.

Det kan vere at NRK ikkje har oppdaga det, men dei ressursane er ganske knappe i norske medium. Journalistar flest har ikkje tid til å bli lurt av statskanalen, sjølv ikkje i agurktida.

Nyheitsredaktør i DT, Espen Sandli, er hard i kritikken mot NRK. Medier24 referer ein e-post til NRK, der Sandli skriv at det er «prinsipielt forkastelig» at dei bruker «folks lisenspenger på å skape falske nyheter». Han har heilt rett.

Les også

Jens Kihl: Vi ler ikkje, NRK

NRK har tidlegare lurt klimastreikande ungdom og publisert 22. juli-terroristens manifest i ulike kommentarfelt. Komikarane har til og med sabotert statskanalens eigne program. I januar vart Yousef Hadauoi kasta ut frå Dagsnytt 18 etter ei absurd framferd.

Humorgenia har òg avbroten TV 2s journalist Finn Ove Hågensen under eit intervju – fordi dei skulle intervjue han. Nobelprisen i humor kan ikkje vere langt unna.

I mars vart VG og Dagbladet lurt. Avisene rykka ut til ein pub i Oslo, etter tips om at skodespelaren Daniel Craig var der. Tipset verka truverdig, sidan det var klart at «James Bond» skulle spelast inn i Noreg.

Den einaste måten å sjekke opp i det på, er å reise til puben. Det falske tipset kom frå konkurrenten deira på Marienlyst. «Vi lurte pressen trill rundt», skryt Satiriks på Facebook-sida si.

Journalistane som rykka ut kunne nok brukt tida si på ein ekte nyheit, om ikkje statskanalen hadde blanda seg.

Prinsippet for «humoren» er like simpelt som det er barnsleg: finn på noko som ikkje stemmer, og få eit mediehus til å skrive om det.

Då har ein kryssa grensa mellom morosamt og patetisk.

– P3 er landets fremste humorkanal, seier P3-redaktør Camilla Bjørn til Medier24. Det er ikkje vanskeleg å vinne når ein er åleine. Det er berre NRK som har ressursar til å sende (dårleg) humor ut på eteren.

Resten av media-Noreg må bruke ressursar på å sjekke at det ikkje er den rikaste i klassen som stel tida deira.