Rom i herberget

Publisert Publisert

JUL: Saman med julelukt og julemat og julesongar legg pillehyttane seg som ei forsonande kappe over heile slekta, skriv Asbjørn Kristoffersen.

  • Asbjørn Kristoffersen

Fjerne slektningar er julas hittegods. Auksjonane på denne hittegodssentralen er ikkje smekk fulle av kjøparar som byd over kvarandre på pakkar med ukjent opphav og innhald. Kjøparane veit godt kvar onklar og tanter oppstod og kva dei inneheld. Det er knapt nokon konkurranse om høgste tilbod: Små, søte barn som dansar kring juletreet, riskrem med mandel, raude fjøs i Indre Sogn med nissar og fola blakken, fuglenek og sølvgutane.

Fjerne slektningar går til minstepris, pinnekjøt og kålrabistappe og drosje heim att før paven har sagt god jul på flatskjermen etter midnattsgudstenesta i Peterskyrkja. Utan at nokon med kvitt skjegg og grøne crocks har banka på døra og spurt om det er nokon snille onklar her. Skal onklane seia takk-i-lige-måde til paven, slik skikken var i gamle dagar, må dei gjera det heime på sin eigen hybel.

Gamle onklar og tanter og fetrar og kusiner vandrer fra hver en verdenskrok mot ribbefeittet hen, mot sigarlukta hen. Du veit aldri om det er du som må ta dei i år, og kva du skal gjera med dei. Alle gamlingar er ikkje stinne i arvepengar, heller. Og dei som er det, kan finna på å testamentera rubbel og bit til katten sin eller til ein favorittnevø i ei anna dynastigrein. Du kan aldri føla deg trygg.

Du risikerer å ikkje få anna enn gamle misjonsblad att for ølet og akevitten du har servert jul etter jul. Pluss dei hundre bøkene om sjømannslivets farar du har vore nøydd å pakka opp og takka pent for alle desse julene. Om det var du som hadde fått heile arven etter filleonkelen din, er det ingen som kan seia at du ikkje måtte slita for pengane. Julebrennevin er den mest vanlege medisinen mot juletanter og juleonklar. Saman med julelukt og julemat og julesongar legg pillehyttane seg som ei forsonande kappe over heile slekta, levande og døde. Filletanter er ekspertar på å snakka fint om dei døde. Det skal gjerne ikkje meir til for å bli varm om hjarta og våt i augnekrokane. Ei lita stund, i det minste, inntil nokon renn over av all sentimentaliteten. Då er vegen kort til alt som er feil og urettferdig her i verda, då blir du kanskje mint om kven som aldri stiller opp når onklar skal fordelast.

Gamle tanter er aller mest lettrørte. Får dei mandelen i grauten, så dalar englar ned i skjul. Finst det eit barn i førskulealder i huset, er det tider skal henrulle resten av kvelden. Julegåver til fjerne slektningar treng du ikkje tenkja på, dorull-med-nisselue-massefabrikata frå barnehagen er meir enn nok. Arveonklar skal ha full sekk med seg når dei kjem. Dei skal sleppa å bera noko ut når dei går. Det ville dei gløymt i drosjen likevel.

Fjerne slektningar kan ikkje basera seg på at det blir rom i herberget neste jul også. Fjordland sel pinnekjøt i einmannspakningar no for tida.

(Reprise frå 2010)

Publisert