Smottholet mellom Høgre og EØS

Dei raudgrøne prøver å finne industripolitikk som skil dei frå regjeringa. Det blir ikkje lett.

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

TILBAKE TIL START: Som Ap-leiar køyrde Gro Harlem Brundtland gjennom EØS-avtalen på byrjinga av 1990-talet. Den set no grensene når partifelle Espen Barth Eide skal finne ein næringspolitikk som skil Ap frå Høgre, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Terje Pedersen / NTB Scanpix

Ein gong rundt 1990 var eg på eit møte om den komande EØS-avtalen på Studentsenteret i Bergen. Det einaste eg hugsar frå møtet er NHH-professor Victor Norman. Han sa at det viktigaste med avtalen, eller eit fullt norsk EU-medlemskap, var at det batt politikarane til masta. Med EØS-avtalen vart marknadsliberalisme norsk lov.

Det er difor ikkje heilt utan ironi at ein av Arbeidarpartiets mest ihuga EU-tilhengjarar, Espen Barth Eide, no leier arbeidet med å meisle ut ein ny raudgrøn industri- og næringspolitikk. I førre veke kom ein rapport frå tankesmia Agenda, der Eide og tre andre sentrale raudgrøne politikarar tenkjer høgt om korleis ein slik politikk kan sjå ut.

Sjølv om EØS-avtalen ikkje er nemnd med eit ord, set den ei tydleg grense for kor radikal den raudgrøne industripolitikken kan bli. Det beste dømet er det norske oljeeventyret, som er eit slags ideal i rapporten:

Både dei norske oljeselskapa og leverandørindustrien vart bygd opp gjennom ei grov diskriminering av utanlandske selskap. Dei store utanlandske oljeselskapa måtte bruke norske bedrifter om dei skulle få bore etter olje i Nordsjøen. Staten tvang oljegigantane dermed til å dele teknologi og kunnskap, og slik lære opp norsk industri.

UNEMND: Konfliktsakene rundt olje og klima er ikkje nemnd i Agenda-rapporten som Ap, SV, Senterpartiet og MDG står bak. David Hecker

Etter EØS-avtalen trådde i kraft 1. januar 1994 var ikkje diskrimineringa lenger mogeleg. Men då var det heller ikkje naudsynt. Norsk industri og oljeselskap hadde lært det dei trengde, og var internasjonalt konkurransedyktige.

Men når dei raudgrøne no skal gyve laus på nye utfordringar, er ein stor del av den næringspolitiske verktøykassa låst av EØS-avtalen. Rett nok vil Senterpartiet og SV fjerne låsen, ved å seie opp avtalen. Men det får dei aldri Ap med på.

EØS-avtalen set difor klare grenser for kva dei raudgrøne kan finne på. På den andre sida har dei Høgre. Regjeringspartiet har tatt fleire steg til venstre dei siste åra, og er fast bestemt på å okkupere rommet for moderat sosialdemokratisk politikk i Noreg. Skulle Eides utval kome opp med gode, sentrumsorienterte idear, er det difor store sjansar for at Høgre stel dei.

Kva kan så dei raudgrøne finne på i smottholet mellom Høgre og EØS-avtalen? Rapporten er lite konkret. Den handlar først og fremst om prinsipp og store linjer. Detaljane skal utvalet byrje å jobbe med etter valet til hausten.

Men i dei store linjene ligg det likevel ein god del politikk. Det potensielt mest radikale er at utvalet meiner staten må gje meir langsiktig og risikovillig kapital til private bedrifter. Korleis dette skal gjerast, kva omfang og kor stor risiko seier rapporten lite om.

At staten i Noreg går inn med kapital der private ikkje kan eller vil, har lang tradisjon i Noreg. Og fordi det er lov innanfor EØS-avtalen, er det blitt viktigare. Solberg-regjeringa har òg gått den vegen, mellom anna gjennom investeringsselskapet Nysnø. Men det dei raudgrøne her antydar, er større og har større risiko, òg for tap.

Eit anna potensielt radikalt tiltak er at staten skal kunne kjøpe selskap som treng «tolmodig kapital». Her òg er det lett å sjå for seg mogelege tap.

Eit hol i EØS-avtalen som kan utnyttast i næringspolitikken er ein høg toleranse for støtte til ulike klimatiltak. Toleransen vil ikkje bli mindre dei komande åra. Eg tippar mange av tiltaka til hausten vil kome her.

Kunsten blir å kome med tiltak som ikkje Solberg-regjeringa kan stele. I så fall vil tiltaka fort bli meir radikale enn dei meir høgreorienterte «stoltenbergarane» i partiet vil like.

Rapporten var ikkje mange timane gammal før Høgre-folk byrja å raljere. Den viktigaste kritikken, som det er vanskeleg å vere usamd i, er at svært mykje som blir nemnd i rapporten er tiltak som òg dagens regjering driv med. Satsing på forsking og utdanning, karbonfangst, statleg kapital, klimainvesteringar og så vidare.

Raljeringa over at dette er 1970-talets industripolitikk er ikkje så treffande, mellom anna fordi dei raudgrøne vil gjere dette innanfor EØS-avtalen. Så i praktisk politikk vil vi ikkje vere tilbake til 1978.

Les også

Hans K. Mjelva, våren 2018: Ap har ingen stader å gå

Likevel kan ein få inntrykk av at ein skal tilbake til 70-talet i ordbruken. Ikkje minst ei tung vektlegging av at ein aktiv stat skal peike ut retninga for næringslivet, og at verkemidla ikkje lenger skal vere «næringsnøytrale». Som dei skriv i innleiinga:

«Vi må ta et endelig farvel med dagens næringspolitikk: idéen om at en passiv, tilretteleggende eller næringsnøytral tilnærming vil gi oss næringsstrukturen som er nødvendig for framtida.»

Utvalet seier dei ikkje skal tilbake til at staten skal «plukke vinnarar» i næringslivet. Men formuleringane i rapporten tyder på at plukkinga heller ikkje heilt skal overlatast til marknaden.

Viss staten byrjar å kjøpe bedrifter dei meiner treng tolmodig kapital, er det jo òg ein form for plukking, anten det er vinnarar eller taparar. Det er definitivt retro, 1970-talet eller før. Vil verkeleg Ap tilbake dit?

Styrken i rapporten frå det raudgrøne utvalet er fundamentet, at det hastar med å omstille norsk industri og næringsliv. Olje og gass utgjer halvparten av norsk eksport, og er ein berebjelke i heile økonomien.

Klimaendringane trugar denne berebjelken, og det er god grunn til å spørje seg om dagens regjering går fort og radikalt nok fram for å omstille økonomien.

Men det vil fort bli eit spørsmål med ei Ap-leia regjering òg. Dei har eit tungt bakland i industriforbunda å ta omsyn til. Der drøymer mange framleis om å byggje ut oljefelta i Lofoten og Vesterålen.

Eide veit godt kva motbør han kan få frå «oljå». I januar ymta om at leiterefusjonsordninga ikkje kunne leve evig. Resultatet vart kraftig tyn og mistillitserklæringar frå Fellesforbundet, og at Ap-leiar Jonas Gahr Støre måtte rykke ut og forsikre om at Aps kjærleik til oljeindustrien framleis er sterk.

Når Ap skal forme ein ny industri- og næringspolitikk, er det difor ikkje berre EØS-avtalen og eit Høgre på Ap-jakt som utgjer grensene. Ap må òg ta omsyn til klimapartia i koalisjonen på den eine sida, og dei oljetunge industriforbunda på den andre.

Den store utfordringa til Ap og den raudgrøne koalisjonen er difor no å meisle ut ein truverdig industri- og næringspolitikk innanfor denne vesle firkanten. Lett blir det ikkje.