Kaos i computeren

Vi må kunne stole på at sensitive personopplysningar er trygge hos det offentlege. Det er dei ikkje i Bergen.

Publisert:
Jens Kihl
Kommentator

APP, APP, APP: Det er eit slags framsteg at kommunen i alle fall har gått bort frå å melde sine varslarar til politiet, men no må det full opprydding til. Foto: Hedvig Idås

Ein tolvåring finn eit smotthol som gjev tilgang til passord og personopplysningar til 35.000 elever og føresette i bergensskulen.

Foreldre med besøksforbod blir lagt til i appen Vigilo som fortel kor ungane bur.

Andre foreldre blir kopla med feil ungar i det same systemet.

Den eine it-skandalen tek den neste i Bergen kommune. Bergensarane har all grunn til å vere opprørt. Det finst nemleg ingen garanti for at det ikkje kjem nye kriser.

Denne veka kunne BT fortelje at foreldre med besøksforbod blei lagt til i skuleappen Vigilo, der dei kunne ha lese svært mykje informasjon om barnet dei ikkje lenger skal vite detaljar om.

Med andre ord: Alle tiltak som skal hindre forelderen i å ta kontakt, er plutseleg viska ut. Fordi Bergen kommune vel å forsere arbeidet med ein ny app for samhandlinga mellom heim og skule.

Les også

Foreldre med besøksforbud ble lagt til i skoleappen Vigilo

Bergen kommune hadde lasta ned personopplysningar direkte frå Folkeregisteret. Dermed mangla alle koplingar som viste kva foreldre som ikkje skal ha informasjon om barna sine.

Tre månader gjekk det før ei tilfeldig mor oppdaga skandalen. Bergen kommune, men fyrst og fremst ungane, kan prise seg lukkelege for at ingen av dei aktuelle foreldra har logga seg på appen Vigilo og fått desse opplysningane.

Men dette er ikkje særleg relevant når ansvaret skal fordelast. Sårbare ungar kan ikkje ha «flaks» som siste tryggingsinstans.

Denne skandalen er stygg nok i seg sjølv. Problemet veks når ein ser at dette er eit mønster i Bergen kommune.

No kan BT fortelje om ein far som logga på og fekk opplysningar om ekskonas nye barn. «Vi har heldigvis et ok forhold til hverandre», seier Hans Kristian Senneseth til Bergens Tidende.

Igjen: Flaks.

Les også

– Vigilosaken er skandaløs

Og så har vi saka frå i fjor, der ein elev ved ein barneskule oppdaga eit tryggleikshol i persondatasystemet til Bergen kommune. Eleven varsla, men kommunen gjorde ingenting.

Då gjekk eleven eitt steg vidare, og sende ein falsk e-post frå rektors konto. Då fann kommunen ut at dei måtte gjere noko. Kva då? Jo, å få sendt politiet på døra til tolvåringen.

Bergen kommune fekk 1,6 millionar kroner i bot. Farlegare enn all verdas bøter er likevel at kommunen bryt ein viktig kontrakt med sine eigne innbyggjarar:

Vi må kunne stole på at sensitive opplysningar er trygge hos det offentlege. Det er dei ikkje i Bergen.

Nye system krev alltid ein innkøyringsperiode. Det er irriterande for ein lærar ikkje å få kopla seg på i klasserommet eller at systemet plutseleg er nede når ein føresett vil sjekke noko.

Les også

Hans Kristian Senneseth fikk opplysninger om et barn som ikke er hans

Men det er trass alt til å leve med. Ingen må ta sin hatt og gå om det er ført feil fråvær for ein elev ein dag.

Når det gjeld personvern, finst det derimot ikkje nokon innkøyringsfase. Alt må vere på stell frå dag éin.

«Jeg er utrolig lei meg», seier kommunaldirektør Trine Samuelsberg til BT. Det skulle berre mangle. Det er eit slags framsteg at kommunen i alle fall har gått bort frå å melde sine varslarar til politiet, men det endrar ikkje fakta i saka:

Kommunen har ikkje kontroll på personopplysningane.

I ei slik sak ville det snart vere logisk å be skulebyråden om å gå av. Dette sakskomplekset viser ein manglande kontroll over tid. Det er likevel ikkje rett å be Linn Kristin Engø (Ap) om å tre til sides.

Engø blei skulebyråd i slutten av april og kan vanskeleg få skulda for denne serien av skandalar. Men ho bør nøye vurdere om dei som i dag sit med ansvaret for it-tryggleiken i bergensskulen er rett folk på rett plass.

Byråden må også setje i verk tiltak som byggjer opp att ein tynnsliten tillit mellom kommunen og innbyggjarane i personvernspørsmål. Dette må aldri, aldri skje igjen.

Bergen kommune har for lengst fylt tabbekvota – ei tabbekvote som i utgangspunktet ikkje eksisterte.

Publisert: