Kristeleg Utgiftsparti

Den nye KrF-leiaren må lære seg å kutte. Men partiet hans vil bruke pengar som aldri før.

PENGEBRUK: Gjennomgangsmelodien på landsmøtet var nye tiltak, utvida ordningar, auke i ytingar, og at staten skal sikre og satse. Det blir dyrt. Vonde tunger vil seie at KrF knapt har sett ei offentleg utgift som dei er imot, skriv Morten Myksvoll. Carina Johansen, NTB Scanpix

KrF-landsmøtet fekk eit oppgjer i fleisen då KrFU-leiar Martine Tønnesen gjekk opp på talarstolen på fredag.

«KrF-ere, dere har vært som onkel Skrue og har svømt i penger i mange år. Det har vært en fin illusjon, men sannheten er denne: vi har ikke en utømmelig pengesekk», sa ho frå talarstolen.

Ho samanfatta partiet som «bortskjemt» og kom med følgjande formaning: «Prioriter, prioriter, prioriter.»

Det har ikkje KrF trengt å gjere til no, ifølgje Tønnesen. Til VG seier ho at KrF slapp å prioritere før dei gjekk inn i regjering: – Me sat i vippeposisjon, der me kunne få og bruke mykje pengar.

Les også

Framleis raud styrke i KrF

Det ser ikkje ut til at landsmøtet er heilt på linje med ungdomspartileiaren sin.

Landsmøtet har handsama ei lang rekke resolusjonar. Dei viser ein stor optimisme til kva KrF kan få til i regjering – og det er jo bra for KrF-leiinga.

Men når gjennomgangsmelodien er nye tiltak, utvida ordningar, auke i ytingar, og at staten skal sikre og satse, så blir det kostbart. Eit framlegg om å gjere skulefritidsordninga (SFO) gratis for dei som har rett på plass etter fjerde skuletrinn møtte følgjande kritikk frå ein delegat:

«Dette er utrolig dyrt.»

Så vart det vedteken. Vonde tunger vil seie at KrF knapt har sett ei offentleg utgift som dei er imot.

KrF er ikkje unike, for dei fleste landsmøteminutt i alle parti handlar om korleis staten kan bruke meir pengar.

Men no sit KrF i regjering. Partiet er med held på å forme neste års statsbudsjett. Det verkar ikkje som om landsmøtet har oppfatta kva det betyr.

KUTT: «KrF-ere, dere har vært som onkel Skrue og har svømt i penger i mange år. Det har vært en fin illusjon, men sannheten er denne: vi har ikke en utømmelig pengesekk», sa KrFU-leiar Martine Tønnesen på KrF-landsmøtet på Sola. Carina Johansen, NTB Scanpix

Tønnesen har éin alliert. Tore Storehaug er partiets finanspolitiske talsperson. Hans viktigaste oppgåve på dette landsmøtet, var å halde på pengesekken.

Difor sette representanten frå Sogn og Fjordane foten ned då Hordaland KrF prøvde å få meir pengar til Bybanen.

Så partiet kan seie nei når dei vil. Men det er her partiet må prioritere. Til VG trekk Tønnesen fram auken i barnetrygd som god pengebruk, trass i ønsket om å kutte.

Når KrF fokuserer på at barnetrygda ikkje hadde auka sidan 1996, hopper dei bukk over at overføringane til barnefamiliane har gått i vêret i same periode. Utbygging av barnehageplassar og utviding av foreldrepermisjonen er dei viktigaste grunnane til det.

Den milliarden som KrF fekk til auka barnetrygd, kunne blitt brukt annleis. Men då måtte KrF ha prioritert. Investeringar i betre bymiljø ville vore ein betre bruk av desse pengane.

Ein av resolusjonane KrF handsama, var at olje- og gassnasjonen må omstillast. Men som alltid når ein diskuterer olja, er det inntektene ein fokuserer på. At Noreg må få fleire bein å stå på, at framtidas velferd skal sikrast, og at ein må ha nye arbeidsplassar.

Men den norske petroleumsbransjen har vore ei pengepresse av store dimensjonar. Ingen andre bransjar kan vise til ei så stor verdiskaping pr. innbyggar.

Difor kan Noreg erstatte arbeidsplassane i olje- og gassbransjen på sikt, utan å erstatte dei enorme skatteinntektene. Då må alle diskusjonar om omstilling av oljebransjen òg handle om korleis ein skal omstille utgiftene til staten.

Les også

Gråtkvalt Bollestad forsvarte regjeringens holdning til barn av IS-krigere

I 2019 reknar regjeringa med å gå med eit underskot på 232 milliardar kroner. Det vert dekka inn av oljepengane. Med oljefondet i bakhand, har norske politikarar det eigentleg ganske godt. Klarar dei å bremse utgiftsveksten på statsbudsjettet, kan underskotet bli langt meir handterleg om berre få år.

Startar politikarane å tråkke forsiktig på bremsa no, blir jobben mykje lettare.

Kjell Ingolf Ropstad vart KrF-leiar denne helga. Til VG sa han det same som Storehaug, nemleg at det er trongare budsjettider. Partiet hans må bli flinkare til å prioritere.

På spørsmål om kva det betyr, sender han ballen vidare til programkomiteen. Det er jo symptomatisk. Han må stake ut ein meir konkret kurs for partiet når han no har overtatt. Den kursen må inkludere kunsten å seie nei til noko, til å faktisk prioritere kva staten skal bruke pengane på.

Det er ingenting som tyder på at dagens regjering kjem til å klare det. Statsbudsjettet eser ut, år etter år. Det offentlege blir ein stadig større del av norsk økonomi, og KrF har ikkje akkurat vore eit parti som har halde igjen.

Då må kanskje framtidige politikarar trekke i handbrekka. Det kan bli mykje vondare.