Byen i Bergen

Bergen er ein liten by, men ein stor kommune. Difor gjer bompengemotstandarane det så godt her – medan miljøpartia slit.

BILBASERT BY: – Folk bur mindre tett i Bergen enn i Oslo. Det gjer byen gråare, fordi folk er meir avhengige av bilen når avstandane vert lange, skriv Morten Myksvoll. ILLUSTRASJON: MARVIN HALLERAKER.

Bergensarar flest likar å omtale nabokommunane til Bergen som «omlandet». Men sanninga er at Bergen har eit omland innanfor kommunegrensene òg.

Det er nemleg ikkje by alt som ligg i Bergen.

Skiljet mellom dei sentrale og dei meir rurale delane av Bergen kan vere ein av hovudårsakene til at bompengemotstandarane fossar fram.

Ein slik konflikt mellom sentrum og periferi, slik Stein Rokkan definerte den, er ikkje ny. Tvert imot, så definerer den norsk politikk for tida.

Dei siste åra har Senterpartiet opplevd ein ganske markant vekst på grunn av at den konfliktlina er blitt aktualisert. Kommunesamanslåingar og politireform har bidrege til ei opplevd sentralisering.

Senterpartiets vekst er periferiens motreaksjon.

I Bergen viser den same konflikten seg i bompengesaka. Folk i sentrale strøk er anten blitt vane med å betale bompengar, eller så er dei ivrige brukarar av kollektivtrafikken. Når den ytre bomringen opna i april, var det mange som gjekk frå å knapt betale bompengar, til å måtte betale kvar dag.

På førre BT-måling, var bompengepartiet største parti i Arna og Åsane. Sjølv om dei to bydelane husar meir enn 50.000 menneske, er det ikkje mykje by der.

Det er heller ikkje så mykje by i Fana, Fyllingsdalen eller i Laksevåg. Områda er folkerike, men først og fremst fordi arealet er stort; det er spreidde bustadfelt som dominerer.

Bergen er større enn Oslo i areal, men har langt færre innbyggarar. Men det er først når ein dykkar ned i tala, at ein ser kor stor forskjell det eigentleg er på dei to byane.

Kartverktyet til Statistisk sentralbyrå (SSB) deler Noreg inn i eit rutenett, der kvar rute er på éin kvadratkilometer. Så kan ein sjå tettleiken av folk, verksemder, hytter og anna, fordelt på rutenettet.

Les også

Morten Myksvoll: Lågare folkevekst kan vere ei gåve til Bergen

Oslo har 18 slike ruter som er tettare befolka enn den tettaste delen av Bergen. Aller tettast er det på Grünerløkka. I ruta som òg inkluderer Sofienbergparken, bur det 20.000 menneske.

Bergens mest folkerike kvadratkilometer er ikkje akkurat høgblokker og asfaltjungel det heller. Området ligg i Sandviken, med Mariakirken i sør, Sandviksbodene i nord og Mulen i aust. Her kryr det av gamle trehus, og ein kan slappe av i parkane Meyermarken og Fredens bolig, eller ved lysthuspaviljonen Mon Plaisir.

Området er eit godt døme på at ein tett by kan vere ein god og attraktiv stad å leve.

MEYERMARKEN: Parken ligg midt i Bergens tettast befolka strøk. – Området er eit godt døme på at ein tett by kan vere ein god og attraktiv stad å leve, skriv Morten Myksvoll. Ørjan Deisz (arkiv)

Drygt 7000 menneske bur i dette området. Det er fleire enn det bur i snitt pr. kvadratkilometer i Hongkong. Gjennomsnittsområdet i Bergen er i Helldal; der er det meir skog enn by, og det bur berre rundt 700 menneske innanfor den ruta.

Kor tett folk bur, avgjer kor mykje ein finn i gangavstand. Når fleire kan gå til butikken, til jobben eller til skulen, reduserer det biltrafikken. Når ein bur spreidd, kjem kundane, arbeidstakarane og elevane frå eit større område. Då køyrer fleire bil.

Difor er tettleiken ein indikasjon på kor mykje ein forureinar. Folk som bur tett, slepp ut mindre klimagassar i kvardagen, enn dei som bur spreidd.

SPREIDD BY: Bergen (t.v.) har langt færre områder enn Oslo med meir enn 2000 innbyggarar – som er tettleiken av folk som bur i ruta som dekkjer Nesttun senter. ILLUSTRASJON: MORTEN MYKSVOLL.

I Bergen bur halvparten av innbyggarane i ei rute der tettleiken er over 2000 innbyggarar pr. kvadratkilometer. Det tilsvarar tettleiken rundt Nesttun senter. I Oslo bur omlag 90 prosent av innbyggarane tettare enn det.

Difor køyrer folk meir bil i Bergen, slik at bydelane vert definerte av bilbaserte kjøpesenter. Det gjer at bompengemotstanden vert større her.

Meir enn 40 prosent av klimautsleppa i Bergen kjem frå vegtrafikken, ifølgje tal frå Miljødirektoratet. Personbiltrafikken står for om lag fire gongar så store klimautslepp som luftfarten i Bergen kommune.

Resultatet er difor at bergensarane forureinar meir pr. innbyggar enn dei som bur i Oslo. Hadde meir av Bergen kommune vore ein by, ville folk ha køyrd og forureina mindre.

Når ein først må reise over litt større avstandar, er det òg lettast å halde folk unna bil i tettbygde strøk. Der er det nemleg lettare å finne passasjergrunnlag til kollektivtrafikken. Difor er Bybanen ein langt større suksess gjennom Årstad bydel enn i det meir grisgrendte området mellom Lagunen og Flesland.

Utsleppa er på veg ned. Det er ikkje tilfeldig, sidan Bergen har fått eit langt betre kollektivsystem dei siste ti åra. No veks det fram gryande bymiljø langs bybanetraséen, så om nokre år kan byen sjå annleis ut.

Det kan forandre bypolitikken ganske kraftig.

SV, Venstre, Raudt og MDG gjer det nemleg mykje betre i Bergenhus bydel enn i Bergen som heilskap.

Den same «sentrumsfordelen» ser me i sentrumsbydelen St. Hanshaugen i Oslo. Der finn me heller ikkje eit eige bompengeparti.

MDG gjer det faktisk betre i Bergenhus bydel enn dei gjer i Oslo kommune. Heldigvis for det austlandske MDG, er mesteparten av Oslo kommune ein by.

Difor kan miljøpartiet sitje i byråd i hovudstaden. I Bergen er avstanden til makta framleis for stor.