Terroren er tilbake i Tyrkia

Ei bombe gjekk av i Istanbul søndag. Politiet meiner det var eit terrorangrep.

Angrepet kan få store konsekvensar for den svenske og finske Nato-søknaden.

Publisert: Publisert:

Det luktar vanlegvis av stekte kastanjar på handlegata İstiklal i Istanbul, som både tyrkarar og turistar fyller til randa kvar einaste dag.

Søndag må lukta av eksplosjonen ha overdøyvd alt. Frå eit sekund til eit anna endra alt seg. Terroren råka igjen.

Seks personar vart drepne, fleire titals andre er skadd.

Hundrevis må ha sett eksplosjonen med eigne auge. Eldkula vart fanga på film, fleire kvartal unna.

Angrepet vekkjer vonde minner for tyrkarane. Terroren er tilbake. Og til neste år er det både president- og parlamentsval. Plutseleg er landet i heilspenn att.

Les hele saken med abonnement