Høgres trøblete skatteforteljing

Erna Solberg har kutta skattane for dei rikaste, men likar ikkje resultatet.

Publisert: Publisert:
Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

Foto: Marvin Halleraker

Små forskjellar er ein av grunnane til at Noreg er eit så godt land å bu i. Derfor er det også eit viktig mål for denne regjeringa at forskjellane framleis skal vere små i Norge.

Statsminister Erna Solberg (H)

Regjeringa Solberg har levert skatteletter så det held. Det første dei gjorde etter dei tok over makta i 2013 var å fjerne arveavgifta. Så reduserte dei formuesskatten, inntektsskatten og selskapsskatten. 24 milliardar i skattelette på fem år.

For eit par veker sidan kom Statistisk sentralbyrå (SSB) med ein ny studie (sjå graf nedanfor). Den viste at dei rikaste har auka sin del av totalformuen i Noreg i Solbergs regjeringstid. Dei ti prosent rikaste eigde 58 prosent av verdiane i 2016, mot 51 prosent tre år tidlegare. Forskarane peika på skatteendringane som ei av forklaringane.

At formuane til dei rike veks når du reduserer skatten på arv og formue bør ikkje overraske nokon. Det er òg ein av grunnane til at dei mange av landets flinkaste økonomar var kritisk til å kutte i desse skattane.

For kutta kom i tillegg til at selskapsskatten vart sett ned, noko som òg har ein tendens til å auke verdiane til dei øvre sjikt i samfunnet. Men den endringa var vanskeleg å unngå. Landa rundt oss hadde lågare selskapsskatt, og vi risikerte kapitalflukt.

For ti år sidan ville ikkje ein slik auke i forskjellane plaga ei borgarleg regjering. Men etter finanskrisa i 2008 har økonomiske forskjellar segla opp til å bli det største uromomentet i den rike verda, eit problem det har blitt politisk umogeleg å styre utanom. Valet av Donald Trump i USA og brexit i Storbritannia har berre forsterka denne uroa.

Dei internasjonale bølgjene ser ut til å ha styrkt likskapsideala i Noreg, som jo var sterke frå før. Meiningsmålingar som ulike medium og parti på venstresida fekk utført før stortingsvalet i fjor viste ei massiv oppslutning om små forskjellar i Noreg: I ei måling svarte 70 prosent at økonomisk ulikskap utfordrar velferdsstaten, i ei anna svarte 61 prosent at forskjellane hadde blitt for store.

Paradoksalt nok fyrer Høgre no opp under denne likskapstanken. Her kan vi gå tilbake til Erna Solbergs tale, den eg siterte frå ovanfor, den ho held under opninga av regjeringas konferanse om sosial berekraft og ulikskap i august:

Kvifor er det så verdifullt for eit samfunn at forskjellane er små? Det er fordi små forskjellar byggjer fellesskap, hindrar utanforskap, bidreg til tillit mellom folk, institusjonar og næringsliv. Små forskjellar gjer at vi får eit samfunn med mogelegheiter for alle.

Då Erna Solberg torsdag vart konfrontert med SSB-tala på NRKs Politisk kvarter, og spurt om det var viktig for henne «at gapet mellom rike og fattige skal bli mindre», svarte ho difor ja.

Les også

Halve skattekuttet renner ned i vasken

Høgre og regjeringa er her i ein skvis, mellom ideologiske mål om private løysingar og privat kapital, og likskapsidealet. Løysinga ser ut til å vere å snakke om alt anna enn skatt. På Politisk kvarter gjekk Solberg symptomatisk nok rett over i å snakke om å få alle i jobb og løfte folk ut av fattigdom.

Det er i det lyset ein må sjå regjeringas ulikskaps-konferanse i august, der heile fem statsrådar var til stades, inkludert dei tre partileiarane. Konferansen markerte startskotet for arbeidet med ei ny stortingsmelding om «sosial berekraft og hvordan vi reduserer forskjeller», som det heiter på regjeringas heimesider.

Meldinga må sjåast som ein del av kampen om å definere kva ulikskap er, og korleis ein kan motverke det. Eit rimeleg trygt tips er at nye skattar for dei rike neppe vil stå sentralt.

Les også

Hans K. Mjelva: NHO møter seg sjølv i døra

Tradisjonelt har Høgre argumentert for skattelette, inkludert kutt i formuesskatten, med at det gjev nye investeringar som skaper arbeidsplassar. Meir nyleg har partiet og deira støttespelarar byrja å bagatellisere skatteletten, ved å seie at skatt spelar ei lita rolle for omfordelinga i samfunnet.

Det har dei jo heilt rett i, når det gjeld inntektsforskjellane. Velferdsstaten og eit system som gjev relativt små lønsforskjellar er viktigare. Den beste kuren mot fattigdom er å kome i arbeid.

Men den internasjonale diskusjonen om ulikskap handlar vel så mykje om formue, som var det SSB-tala viste og Solberg kommenterte. Her betyr skatt nesten alt. Skal ein hindre dei rikaste i å dra frå resten er det ingen annan måte å gjere det på enn å skattleggje dei.

Då bør det gjerast på ein måte som gjer minst mogeleg skade på investeringar og verdiskaping. Den fremste kandidaten, òg ut frå ein liberal ståstad, er arveavgift.

Arveavgifta som regjeringa skrota i 2014 var dårleg laga. SV har varsla at dei vil fremje forslag om ei ny arveavgift i haust, men både dei borgarlege partia og Ap har allereie avvist ideen.

Kva forslaget frå SV konkret vil gå ut på veit vi ikkje, bortsett frå at dei snakkar om eit botnfrådrag på fem millionar. Det kan vere at forslaget frå SV blir eit dårleg forslag. Men det betyr ikkje at ideen om ei arveavgift er dårleg.

Arv er den viktigaste måten ulikskap blir reprodusert på mellom generasjonane og hopar seg opp. Men viktigare: Arveavgift er ein skatt som i liten grad skader verdiskapinga. I motsetning til skatt på inntekt eller avkasting av kapital, som bør gjerast låg om ein vil stimulere til innsats og økonomisk vekst.

I tillegg må ein finne måtar å skattleggje store formuar på. I Noreg skjer det framleis mest gjennom formuesskatt, medan andre land har høgare skattar på eigedom.

Felles for alle slike kapitalskattar er at dei må utformast kløktig, for å unngå skatteplanlegging, sikre verdiskapinga og samstundes fungerer utjamnande.

Det er komplisert. Både arveavgifta og formuesskatten har til dømes hatt uheldige verknader for små og mellomstore familieeigde bedrifter. Den gamle arveavgifta råka vanlege folk som skulle arve hytter og hus, medan dei verkeleg rike organiserte seg vekk frå heile problemet.

Men det er eit argument for å finsikte desse skattane betre, i staden for å skrote dei. Hadde eg vore Solberg ville eg sett ned eit nytt ekspertutval som kunne leite etter ein utveg. I det minste ville det kjøpt tid.

Meiner Solberg alvor med at ho vil minske forskjellar i rikdom, kjem ho ikkje unna slike skattar. I dag verkar det urealistisk, og ingen ventar noko slikt i statsbudsjettet regjeringa legg fram måndag.

Det er synd. Eit parti som ønskjer å kombinere utjamning med privat verdiskaping burde ha sikta mot eit mest mogeleg effektivt skattesystem.

Publisert: