Kampen om sentrum

Ap er favoritt til å behalde makta etter valet, trass i dårlege målingar og Schjelderups avgang. Det kan Høgre takke seg sjølv for.

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

GOD STEMNING: Frå v.: Dag Inge Ulstein (KrF), Harald Schjelderup (Ap) og Erlend Horn (V). Rune Sævig (Arkiv)

Harald Schjelderup (Ap) gir seg som byrådsleiar etter valet neste år. Med eitt år igjen til valet, ser bergenspolitikken difor litt meir spanande ut.

Schjelderups regjeringstid har vore prega av ro, så det plutselege varselet om hans avgang skapte naturlegvis bølgjer i Bergen.

Då Schjelderup skipa sitt byråd i 2015, kunne han velje samarbeidspartnarar både til venstre for Ap og i sentrum. Han valde KrF og Venstre.

Ved å ta frå Høgre to viktige samarbeidspartnarar, gjorde Schjelderup det mykje vanskelegare for Høgre å byggje opp eit truverdig alternativ.

Schjelderups strategiske val la grunnlaget for at Ap kunne vinne attval. Det grunnlaget forsvinn ikkje av at Ap må finne ein ny toppkandidat.

Det er to måtar å oppnå suksess i lokalvalet neste år. Det eine er å få stor oppslutning for sitt eige parti. Det andre er å ha ein solid koalisjon som kan styre byen. Ein kombinasjon er å føretrekkje.

Ap manglar litt på oppslutninga. Høgre manglar koalisjonen.

Les også

Frøy Gudbrandsen: Haralds nei

Det Schjelderup forstod i opptakten til valsigeren i 2015, var at vegen til bergensk makt går gjennom sentrum. Det har vore den politiske realiteten i heile den bergenske parlamentarismen.

Martin Smith-Sivertsen (H) beviste dette, som den einaste byrådsleiaren som ikkje har hatt KrF eller Venstre inne i folden. Hans korte regjeringstid i 2015 markerte slutten på eit langvarig Høgre-styre i Bergen.

KrF har vore Schjelderups største problem, men ikkje på grunn av politikk. Byrådspartiet har blitt halvert i løpet av perioden, etter at varaordførar Marita Moltu og bystyrerepresentant Elisabeth Leirgul melde seg ut.

Byrådet mista fleirtalet, men koalisjonen er framleis sterk. Schjelderup har nemleg heldt både Miljøpartiet dei Grøne og Senterpartiet nære desse åra.

Alle som kjenner bergenspolitikken veit at utmeldingar er ein naturleg del av ein valperiode. Schjelderup styrte på eit knapt fleirtal, og har sett ein slik situasjon kome. Opposisjonen gjorde det ikkje.

GÅR AV: Byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) tar ikkje attval, og Ap må finne ein ny byrådsleiarkandidat. Tor Høvik (Arkiv)

Høgre har nemleg ikkje sett etter nye samarbeidspartnarar. Gruppeleiar Hilde Onarheims strategi ser ut til å gjere partiet størst mogeleg, og ikkje byggje koalisjonen. Håpet til Høgre er då å bli så store at KrF og Venstre ikkje har noko grunnlag for Ap-samarbeidet lenger.

Men eit slikt tvunge sidebyte er ikkje det beste grunnlaget for eit godt samarbeid.

Når ein snakkar med folk frå KrF og Venstre om Høgre, vert smila stramme og blikka flakkande. Og det handlar ikkje om at eit samarbeid mot høgre kjem med Frp på kjøpet.

Eitt år før valet er det ganske klart at både KrF og Venstre helst vil samarbeide med Ap. Det einaste atterhaldet er spaninga knytt til kven Høgre nominerer.

Les også

Hans K. Mjelva: Meir Bybane-moro med Høgre

Høgre har varsla omkamp om utbygging av bybana, og ønskjer framleis ein anna trasé for bana til Åsane enn den som er vedteke langs Bryggen.

Det er ein politikk som berre er med på å sementere KrFs og Venstres støtte til Arbeidarpartiet lokalt. Det var trass alt bybana som gjorde det lettare for KrF og spesielt Venstre å seie ja til Arbeidarpartiet i 2015.

Viss Høgre hadde halde fram på den grøne bymiljøpolitikken som Smith-Sivertsen snakka om, kunne dei til dømes hatt eit nærare forhold til MDG.

Då hadde partiet vore i ein strålande posisjon til å gjere livet vanskeleg for Schjelderups byråd, som etter sommarens KrF-utmeldingar er avhengig av MDGs stemmer.

Les også

Harald Schjelderup: – Dette er ikkje et farvel til politikken

Høgre kunne sett heile byrådsprosjektet til Schjelderup i spel, viss dei hadde bygd så sterke relasjonar til MDG at dei ikkje ville forhandla med byrådet.

Til hausten kjem bybudsjettet, og Ap manglar to stemmer. Den eine hentar dei lett inn ved å gi nokre gjennomslag til Senterpartiet. Den andre ville då ha mangla.

I ein slik situasjon, har byrådet to val. Ein av KrFs to byrådar må gå av for å hente inn igjen éi tapt stemme i bystyret. Det kan bli tidenes mest absurde byrådsavgang. Alternativet er å gå til SV for å få støtte.

Det er vanskeleg å vite kva som er verst for byrådet no.

For er det eitt parti som verkeleg misliker Ap-byrådet, så er det SV. Arbeidarpartiets meir radikale kameratar vart både vonbroten og sint då Ap heller gjekk til Venstre enn til venstre.

– Vi fikk et bystyreflertall som lå lenger mot venstresiden enn det Harald og jeg kunne drømme om før sommeren, sa SV-leiar Audun Lysbakken til BT i oktober 2015. – Ap valgte å gå til et parti som brukte hele valgkampen til å argumentere for fortsatt blått styre.

SV har vore dette byrådets største utfordring. Prisen for å samarbeide med sentrum har vore ei sårbar venstreside. Den prisen ser heile Ap ut til å vere svært komfortable med, trass i at SV har stått fram som det mest offensive opposisjonspartiet denne perioden.

Les også

Skolebyråd Pål Hafstad Thorsen går av. Roger Valhammer blir ny byråd

Arbeidarpartiets sentrumsprosjekt er godt forankra i partiet. I 2015 såg det ut til å vere Schjelderup sitt personlege prosjekt, men dei interne partiprotestane vart kortvarige. Dei to fremste kandidatane til å overta som byrådsleiarkandidat er ordførar Marte Mjøs Persen og den nye skulebyråden, Roger Valhammer.

Begge har vist ei tiltru til sentrumsprosjektet.

Eitt år før valet veit me ikkje kven som skal leie dei to største partia. Og i lokalpolitikkens koalisjonsbygging er personlege eigenskapar og forhold viktigast. Det sitjande byrådet har akkurat no eit hav av forsprang på opposisjonen.

Det er lettare for Ap å få eit oppsving på målingane, enn det er for Høgre å samle eit entusiastisk fleirtal av parti bak si fane.