Trump svik landet sitt

Me har aldri før sett ein amerikansk president som meir aktivt undergrev USAs posisjon i verda.

Publisert:
Morten Myksvoll
Kommentator i BT

ALVORLEG: Ein amerikansk president svik landet sitt, når han heller stolar på KGB-agenten Vladimir Putin enn på sine eigne etterretningstenester. Foto: Pablo Martinez Monsivais, TT NYHETSBYRÅN

Ingenting av det me veit om USA, gjeld lenger. Før kunne me stole på at ein amerikansk president ville stå opp mot russisk aggresjon. Mot invasjonen av Georgia, mot annekteringa av Krim-halvøya, mot nedskytinga av Malaysian Airlines-flyet over Ukraina, eller mot den påviste innblandinga i det amerikanske presidentvalet.

Det gjeld ikkje lenger. For Donald Trump trur på Putin, når han seier at Russland ikkje påverka det amerikanske valresultatet. Ein amerikansk president svik landet sitt, når han heller stolar på KGB-agenten Vladimir Putin enn på sine eigne etterretningstenester.

Toppmøtet var ein føreseieleg katastrofe. Allereie før møtet, skulda Trump i ei twittermelding på USA for at forholdet mellom dei to landa var dårleg. Fadesen vart til ein tragedie då det russiske utanriksdepartementet delte meldinga, og sa dei var einige.

Les også

Flengende kritikk for unnfallenhet venter Trump hjemme

Reaksjonane har vore massive. Frå tidlegare etterretningsleiarar til Kongressen, har det vore nær unison fordømming av Trump si underdanige haldning til Putin.

John McCain (R) sa at Trump fornedra seg framfor ein tyrann, og at det var den mest skammelege oppførselen frå ein amerikansk president han kunne hugse.

Trump vert skulda for å stå på Russlands side mot USA, for å vere svikefullt overfor nasjonen, og for å bryte eden han sverja då han vart innsett som president. Der lova han å beskytte, bevare og forsvare den amerikanske grunnlova. Og med det, den amerikanske staten.

Men det skal han gjere «etter beste evne». Trumps manglande evner som president, er nok det einaste mogelege forsvaret hans no.

Les også

Morten Myksvoll: Trump har allereie svekt NATO

Det USA me kjende, er ikkje der under Trump. Og han fôrar uvissa vår. For det mest urovekkjande med måndagens toppmøte, er faktisk ikkje det Trump sa på pressekonferansen, eller måten han underkasta seg Putin på.

Det er uvissa om kva Trump og Putin snakka om på tomannshand som er verst. Kva avtalar gjorde dei, eigentleg? Dei kan ha snakka om Ukraina, om Nato, om Syria, om det amerikanske valet. Ingen veit. Måten han tedde seg på under pressekonferansen, sår tvil om hans interesser er i tråd med vestlege interesser.

Men det er sannsynleg at sanksjonane mot Russland var tema.

Ut av ingenting tok Putin opp Bill Browder sitt namn på pressekonferansen, ut av ingenting. Putin tilbydde seg å avhøyre dei tolv russarane som justisdepartementet presenterte ein tiltale for før helga, i bytte mot å få tilgang til Bill Browder. Han meiner sjølv at det russiske regimet ønskjer han daud.

Browder fekk Magnitsky-lova gjennom i USA i 2012, som respons på drapet på korrupsjonsjegeren Sergei Magnitsky. Lova gjer det mogeleg for USA å innføre sterke sanksjonar mot det russiske regimet. Fleire andre land har innført liknande lover.

Det var under eit møte om med ein russisk lobbyist som kjempa mot Magnitsky-lova, at Donald Trump jr. antyda at han ønskja russisk hjelp i valkampen mot Hillary Clinton.

Les også

BTs leiar: Stor ståhei i Brussel

På den famøse pressekonferansen forsøkte Trump å få det til å verke som om han hadde ein plan. Trump sa at han «heller ville ta ein politisk risiko i jakta på fred, enn å risikere fred i jakta på politikk.»

Dei som leitar etter ein plan, leitar forgjeves.

Me kan jo berre høyre på kva Trump sjølv seier. For han har det med å skryte av at han ikkje førebur seg til toppmøte. Sist før Nord-Korea-møtet i juni. Det enda i ein tom avtale, som Trump trur redda verda. Alle som har følgt med, veit at Nord-Korea har brote liknande avtalar før.

Når ein ikkje veit så veldig mykje, veit ein heller ikkje om alle dei tinga ein ikkje kan noko om. Då endar mange opp med å tru det motsette: at ein kan mykje. Dette er den såkalla Dunning–Kruger-effekten, og Trump er president i Dunning–Kruger-land.

Når Trump ikkje forstår omfanget av det han treng å førebu seg på, ser han ikkje behovet for å førebu seg.

Les også

Krisemøte i NATO etter Trump-krav om umiddelbar budsjettøkning

Ein av få amerikanske politikarar som vil gjere noko, i etterkant av toppmøtet, er Jeft Flake. Den republikanske senatoren sa måndag at han ville skrive ein resolusjon til støtte for FBI og spesialetterforskar Robert Mueller, som etterforskar Trump-kampanjen for ulovleg samarbeid med russisk etterretning under valkampen i 2016.

Men alle desse reaksjonane kan ende opp med å vere like lite varige som alle tidlegare reaksjonar har vore. Spesielt republikanarane ser ut til å gløyme fordømminga deira av Trumps enkelthandlingar. Dei går fort vidare.

Ein resolusjon frå Flake vil vere ein puslete respons. Me veit kor lite effekt det har på Trump. Før Nato-møtet i førre veke stemte Senatet 97–2 i favør av ein resolusjon til støtte for Nato-samarbeidet. Så reiste Trump til Brussel for å skjelle ut Nato-allierte.

Les også

Trump hyllet seg selv etter NATO-møtet

Det Kongressen bør gjere, er å ty til ei makt dei berre har brukt éin gong før. I 1834 vart president Andrew Jackson fordømt av Kongressen, for å nekte å gi ut dokument som lovgivarane hadde etterspurt. Trumps uvettige oppførsel i Finland bør få ein samla kongress til å fordømme presidenten.

Det kan få store konsekvensar i eit valår, slik det gjorde for Whig-partiet i 1834, men av og til må ein ta ein politisk risiko for nasjonen, heller enn å risikere nasjonen i jakta på politikk. Men å stole på at Kongressen tar grep mot Trump, kan vise seg å vere like naivt som å tru at Trump har ein plan.

OPPDATERING: Trump snakka med pressa tysdag kveld, og sa at han sa feil under pressekonferansen med Putin. Trump seier no at han gløymde eit ord, og at han trur på at Russland blanda seg inn i valet. Det er i tråd med det amerikansk etterretning seier.

Forklaringa framstår lite truverdig.

Publisert: