Destruktivt og dramatisk

For eit absurd år i norsk politikk. Kva skjedde?

Det har i sanning vore absurd å sitje på utsida og sjå inn. Skandale etter skandale: Nobelkomiteen, stortingsbygningen, trønder-festar, statsrådsavgang, luftambulanse, interne problem i Arbeidarpartiet, skriv tidlegare politikar Bård Vegar Solhjell. Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

  • Bård Vegar Solhjell
    Generalsekretær WWF Verdens naturfond
Publisert:

Det er ganske nøyaktig eitt år sidan eg skreiv ein slags avskjed til norsk politikk her i BT. Eit takk for meg, etter 16 år. Teksten var lett sentimental, men mest av alt oppløfta – nærast høgstemt – i sin omtale av norsk politikk. Til mi overrasking spreidde den seg som eld i tørt gras. Kanskje syns folk den skildra politikken på ein fin og varm måte, slik vi likar å tenkje på den her i nord?

Men ikkje slik den er, skulle det vise seg. Artikkelen er knapt verdt papiret den er skrive på, tenkte eg her i vinter. For den skildrar norsk politikk som ein koseleg seksårsklubb, der politikarar er vener og argument vinn fram: Konstruktiv og udramatisk.

Men sanninga er det motsette: Politikken har det siste året vore destruktiv og dramatisk.

For det har i sanning vore absurd å sitje på utsida og sjå inn. Skandale etter skandale: Nobelkomiteen, stortingsbygningen, trønder-festar, statsrådsavgang, luftambulanse, interne problem i Arbeidarpartiet. Og Metoo, sjølvsagt, større enn dei andre til saman.

Les også

Hans Mjelva: - Meir Bybane-moro med Høgre

Skandale er blitt det nye normale. For sjølv om fleire av desse sakene inneheld store dosar politikk, ikkje minst Metoo, så vert dei mest skandalar i sin presentasjon. Dei spelar ut offentleg meir som dramatikk enn nyhende, ja som kriminalromanar. Dei har sitt anslag, sitt drap. Så startar opprullinga av historia. Jakta på den skuldige. Vi vert introdusert for ulike sentrale karakterar, og eitt nytt (og litt mindre vesentleg) sidedrap kan brått ramme. Til sist vert det bygd opp mot klimaks: kven er den skuldige? Han (eller ho) må gå!

Dramaturgien er kriminalhistoria sin, med dei klassiske rollene: Offeret, potensielle skuldige og etterforskaren – journalisten. Den politiske journalistikken har i stor grad tek i bruk denne forteljarteknikken i stortingssesjonen 2017–2018. Og det har journalistane gjort med kvalitet, berre så det er sagt. Du skal like fullt ha eit trena auge for å lese noko politisk ut av desse sakene.

Mellom ulike kriminaldrama har det vore små lommer av luft. Lommer med litt tid sett av til politisk debatt. Men den destruktive 1/10 av norske politikarar lar aldri sjansen gå frå seg til å fylle lungene med all lufta som er tilgjengeleg, så andre knapt får puste. Dei ropar ut sine destruktive utsegner. Bra folk, rolege og hyggelege, eg kjenner mange av dei. Dei kastar seg på telefonen, klåre til å gje ein nedlatande kommentar om ein motstandar. Slakte eit forslag, latterleggjere eit argument. Det viktigaste; kommenter interne problem hos motstandaren og få dei fram. Det kan hindre ho å få fram argumenta sine. Og det er som kjent betre å vinne på walk over enn etter ein tøff men fair kamp.

Les også

Frøy Gudbrandsen: - Rødts suksess kan endre norsk politikk på sikt.

Det er som den destruktive haldinga i trøya til ein motstandar under fotball-VM, eller fellinga bakfrå som må til for å stoppe eit gjennombrot. Den ein hardt arbeidande defensiv midtbanespelar ofrar seg for laget og tek.

For, seriøst. Kva har vi eigentleg diskutert det siste året? Eg vil hevde at vi i Noreg i den herrens stortingssesjon 2017/18 ikkje diskuterte eit einast tema på ordentleg, i den breie offentlege samtalen.

Vi har ikkje hatt ein politisk debatt om dei spørsmåla som er akutte, store eller livsviktige. Som skjer rundt oss, og vil avgjere vår framtid. Dramatiske endringar i globale makttilhøve, som vi står i sentrum for. Aukande sosiale og økonomiske kløfter, gift for tillit og velferdssamfunn. Verdipolariseringa rundt oss, som gjer at vi sklir frå kvarandre i Noreg. Og den dramatiske klimakrisa og det like dramatiske tapet av naturmangfald, spørsmål som kan gjere alle andre uvesentlege om det går gale.

Ein del tema vart omtalt i den politiske journalistikken. Nord-Korea, Finnmark, kriminalitet i Oslo. Metoo-opprøret vart til ein viktig samtale om tilhøvet mellom kvinner og menn. Og så METAdiskuterte vi innvandring og integrering heile året. Kva posisjon bør ein ta på feltet? Korleis skal vi stelle oss til eit visst parti? Med kva ord skal vi skildre problemet? Og kva var problemet igjen? Det er, tilsynelatande, at nokon seier noko som andre må angripe, i ein tone eller med ei mogeleg tolking som gjer det angrepet naudsynt. Sukk.

Les også

BTs leder: Tomtestriden i dei marine forskingsmiljøa tener ingen.

Kva så med politikken, driv nokon med den? Eg meiner, politikk som i visjonar og verkemiddel, løysingar og forslag. Det rare er at nesten alle politikarane driv med den. Kvar gong eg har møtt ein stortingsrepresentant det siste året, har ho sagt dette: «Vi driv med politikk». Men det skjer i det skjulte. Den druknar i all kriminallitteraturen.

I løpet av det siste året har eg byrja å lure på om politikk har flytta ut av politikken. Altså ut av det tradisjonell politiske systemet – «the Polity» som ein ville sagt på engelsk.

For når eg snur meg rundt, og ser etter politikk, kvar finn eg det? Jo, heilt andre stader. Blant kloke og interessante samfunnsdebattantar, med laus eller inga knyting til politiske parti. Sylo Taraku, Kristin Clemet, Mimir Kristjansson, Åsne Seierstad og Andreas Halse er alle meir politisk interessante i integreringsdebatten enn mange politikarar. Blant dokumentaristane. Det var Line Elvsåshagen som politiserte plastforsøplinga best det siste året. Sjå Sofia Haugans Røverdatter om du vil lære noko om oppvekst med rus og kriminalitet. Blant akademikarar med vilje til å tenkje politisk, men ikkje partipolitisk. Dag O Hessen, Anine Kierulf, Knut Olav Åmås og Cathrine Holst. Og skapte nokon meir merksemd om kroppspress blant unge enn Ulrikke Falch? Er ikkje Hans Christian Gabrielsen og Kristin Skogen Lund hovudaktørane i den økonomiske politikken?

Kanskje måtte eg slutte i politikken for å sjå at politikken skapar lite politikk. At ideane kjem frå andre stader, samtalen skjer på andre arenaar. Andre mistar illusjonane når dei går inn i politikken, eg mista dei visst på veg ut.

Eller så var dette eit unikt og absurd år. Kanskje gjer politikken comeback neste år, lyftar seg til gamle høgder og tar igjen sin rettmessige plass i sentrum av den opplyste samtale. Vi seier det slik.