No er det handelskrig

USAs president har erklært krig mot Europa, og Europa svarer. Alle er taparar i Trumps verd.

MØRKT: Trump kombinerte det ytre høgre med det ytre venstre, og det trefte rett i stemmesetelen til mange kvite veljarar som følte seg forbigått av økonomien og systemet. Andrew Harnik, TT Nyhetsbyrån

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

Før Første verdskrigen verna Tyskland industrien sin mot britisk og fransk konkurranse. Høge tollmurar hemma handelen i Europa og gjorde den tyske staten til tysk industris hovudkunde.

Staten brukte stålet til våpenproduksjon. Kombinasjonen av redusert handel og ein auka militærindustri er livsfarleg. Hiv inn litt tysk imperialisme, så forstår ein kvifor det enda med verdskrig.

Bakgrunnen for handelssamanbrotet var den såkalla lange depresjonen. Den starta i 1873. I tiåra før hadde verdshandelen blitt liberalisert.

Krisa slo hardt inn, og dei aller fleste landa svara med å verne industrien sin. Tyskland gjekk i front, Storbritannia streta imot.

Når eitt land beskyttar sin eigen industri med tollmurar slik Tyskland gjorde, er det vanleg at andre land svarar med tollmurar. Det reduserer handelen, og industrien må selje produkta sine lokalt.

Det er vanskeleg å summere opp 40 år med økonomisk historie, men «den lange depresjonen» førte til «den store krigen».

Les også

Stjerneøkonomer frykter at Trump skaper en ny depresjon

Dagens handelskrig har eit utgangspunkt i finanskrisa som råka verda i 2008. Den sette ein støkk i den amerikanske befolkninga og gjorde det mogeleg for ein kandidat som Donald Trump å bli president.

Han klarte å skape ein stoltheit basert på at landet hadde feila. Trump bygde identitet på fiasko. For det var alltid nokon andre sin feil. Det var Mexico som «sende valdtektsmenn», det var muslimar som truga med terror og det var Kina som truga amerikanske arbeidsplassar.

«Amerika først», sa Trump. Han kombinerte det ytre høgre med det ytre venstre, og det trefte rett i stemmesetelen til mange kvite veljarar som følte seg forbigått av økonomien og systemet.

Les også

Trump sier tollen er svar på et angrep på USA

Donald Trump har heile tida blitt avfeia. Han kom aldri til å vinne, sa me. Og då han vann, tenkte nok mange at han ikkje kom til å klare å gjennomføre løfta sine. Men han leverer. Dessverre.

Som president har han gått til åtak på fleire grunnleggjande institusjonar. Han har med anna gått ut mot justisvesenet i Russland-etterforskinga av valkampanjen hans. No kjempar han mot den verdsordninga som handelen har representert, og det kan bli stygt.

Den sjølvutnemnde forhandlingsmeisteren trur at han kan truge verda til å danse etter hans pipe.

STÅR SAMAN: Kina og EU vil utvikle sitt handelssamarbeid etter at USA har innført handelsbarrierar. Virginia Mayo, TT Nyhetsbyrån

«Amerika først» er ein isolerande tankegang. I ei verd som vart stadig mindre og nærare, ønskjer Trump å auke avstanden. USA er avhengig av billeg import frå Kina for å kunne kjøpe billege varer på Walmart, men dette er noko Trump ignorerer.

Han trur at målet på eit rikt land er om ein har handelsoverskot eller ikkje. Denne merkantilismen ser resten av verda på som ein historisk artefakt.

Les også

USA og Kina enige om å oppgi handelskrig

Presidenten lova å handelskrige mot Kina, men no er det Europa som er i siktet. Frå fredag vart det innført ekstratoll på stål og aluminium frå EU, Mexico og Canada. EU har klargjort ein respons for å straffe amerikansk eksport.

EU vart oppretta som eit handelssamarbeid, og medlemslanda vert no testa på det absolutt mest grunnleggjande i unionen. Står unionen samla, representerer EU verdas største økonomi.

No når handelskrigen kjem, kan Noreg få svi for å stå på utsida av EU. For når EU svarar USA med toll på stål, kan norsk eksport til EU bli råka.

Utanforskapet vårt kan koste oss dyrt no. Det hjelper rett og slett ikkje å vere medlem i EØS. Der får me berre beskjed om kva reglar me må følgje.

Den norske EU-kampen har ikkje vakna til live etter at Trump vart valt. Den har heller ikkje vakna av trugsmålet om handelskrig. Det er dessverre eit teikn på kor svakt handel står i eit land som er bygd på nettopp det.

Det var sjøfarten som gjorde Noreg rikt. I dag badar me i eksportert olje og symjer blant eksportert fisk. Og me tener store pengar på stål- og aluminiumseksport til Europa.

På slutten av 1800-talet mista Tyskland trua på friare handel. Dei byrja å tru at dei kunne klare seg betre åleine og at handel med rivalar gjorde dei svakare. Det tapte verda frykteleg på.

Dagens handelskrig treng ikkje føre til ein verdskrig for at den skal vere katastrofal. Verdshandelen gjer det mogeleg for land å utnytte sine komparative fortrinn, i staden for å måtte produsere det meste sjølv. Denne spesialiseringa er meir effektiv, og den fører til eit høgare velstandsnivå.

Ingen går i demonstrasjonstog for meir verdshandel. Men det er fordi ein ikkje set nok pris på det me har.

Få politisk redaktør Frøy Gudbrandsens nyhetsbrev hver onsdag ettermiddag. Meld deg på her.