Arvingen Jonas Gahr Støre

Nye avsløringar tyder på at Ap-leiaren ikkje forstår sitt eige parti.

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

PENGETRØBBEL: Det er vanskeleg å sikre partiet mot avsløringar av kritikkverdige forhold om sjefen sjølv ikkje fortel sine medarbeidarar om forholda, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Stein Bjørge, Aftenposten

Er Jonas Gahr Støres dagar som Arbeidarpartiets leiar talde? Viss gårsdagens sak i VG stemmer, kan ein byrje å lure:

Ifølgje avisa informerte ikkje Støre partileiinga, eller eigne rådgjevarar, om at han hadde investert i eit omstridt byggjeprosjekt i Oslo, før dette vart avslørt av Dagbladet i mai. Sakene til Dagbladet viste tvilsame tilhøve for arbeidarane på bygget, og førte til massiv kritikk.

Støre skal heller ikkje ha informert sine eigne om at han hadde pengar i eit britisk rikmannsfond. Den saka fekk partiet midt i fjeset på tampen av valkampen, gjennom avsløringar i Dagens Næringsliv.

At sakene skada Ap i valkampen er det lite tvil om. Som fagforeiningsmannen Leif Sande (Ap) fortel i gårsdagens Klassekampen: «Vi mista litt troverdighet med disse sakene om Jonas. På stand og hjemmebesøk ble vi møtt med spørsmål om partilederens private økonomi.»

Støre og folka rundt han burde sett dette kome. Når du er mangemillionær og samstundes leiar Arbeidarpartiet, vil pressa grave for å finne brot mellom liv og lære, umoral eller direkte lovbrot. Og når pressa finn noko vil det kunne vekke ein latent skepsis.

Difor burde det vere heilt elementært politisk handverk å sikre seg at det ikkje fanst noko kritikkverdig. Støre kunne enkelt gjort det ved å selje seg ut tidlegare. Men det blir vanskeleg om han ikkje forstår det, og heller ikkje fortel sine medarbeidarar om forholda.

I tillegg til det taktiske kjem det prinsipielle: Støre burde forstått, før andre peikar på det, at ein statsministerkandidat med ein stor formue må opplyse til veljarane om sine økonomiske interesser, og unngå bindingar som gjer han ugild. Støre har rett nok ført inn dei selskapa han eig i stortingets register for «verv og økonomiske interesser», men dei tilhøva avisene avslørte kjem ikkje fram der.

Saka i VG byggjer på anonyme kjelder, og må difor takast med ei klype salt. Ho forsterkar likevel inntrykket av ein partileiar som ikkje forstår det politiske spelet han går inn i, og det partiet han er sett til å leie.

Ifølgje VG har Støre insistert på at investeringane var ei privatsak, når nære medarbeidarar stilte spørsmål. Han skal òg ha forsikra om at alt tolte offentlegheitas lys. Det gjorde det ikkje. Begge dei to avsløringane førte til at Støre selde seg ut.

Støre har tidlegare lagt vekt på at alt var lovleg. Alt tyder på at det stemmer. Heller ikkje ei anna sak frå i sommar, om ein snikkar som hadde drive litt ureint då han fiksa på brygga til Støre, gav grunn til å klandre Støre for ulovlegheiter.

Men det er skilnad på kva som er lovleg og kva som er politisk klokt. Alle sakene sende ut eit tydeleg signal til veljarane: Støre er ikkje som deg og meg. Han er rik, og han ter seg som rikfolk flest. Byggjesaka i Oslo viste òg at han ikkje følgde dei standardar for arbeidsvilkår, som han som politikar krev av andre. Det hjelper ikkje om han ikkje visste kva han tente pengar på. Han burde visst.

Les også

– Støres økonomiske affærer skadet Ap

Før gårsdagens sak såg handteringa av Støres økonomi ut som ei feilvurdering gjort av partiet. Men viss det VG skriv stemmer, er det Støre sjølv som har gjort denne feilvurderinga. Han kan ikkje ha skjønt, eller brydd seg om, korleis slikt ser ut for veljarane.

Saka kan godt vere ein del av spelet som er i gang etter valnederlaget. Dagen etter valet hadde VG ei sak der anonyme kjelder peika på Trond Giske som ansvarleg for den mislykka valkampen. Og no altså ei sak som peikar på Støre, og på Støres nære rådgjevar Hans Kristian Amundsen.

Ifølgje saka i VG skal Amundsen ha avvist ein gjennomgang av Støres økonomi etter avsløringa av byggjesaka i mai. Amundsen skal til og med ha meint at saka kunne vere positiv for Støre, fordi den gav partileiaren poeng hjå «lilla-veljarane», altså dei som pendlar mellom Ap og Høgre. Amundsen seier han ikkje kjenner seg igjen i desse skildringane.

Ei veke før valet pussa den same Amundsen ein advokat på NRK. Advokaten fekk NRK til å trekkje eit sitat frå den anerkjende jusprofessoren Hans Petter Graver. Graver hadde uttalt at Støre «har beveget seg inn i et felt hvor varsellampene for korrupsjon bør blinke», etter at han hadde fått gratis hjelp av venen Knut Brundtland til å selje andelen i det omstridde byggjeprosjektet i Oslo.

Kampen som er i gang internt i Ap følgjer kjente skiljelinjer mellom høgre- og venstresida i partiet, mellom dei som vil halde LO litt på avstand og dei som vil det motsette. Flørten med KrF i valkampen var etter høgresidas hjarte, sjølv om òg mange i fagrørsla såg at det kunne vere taktisk lurt å splitte den borgarlege blokken.

Men då Støre i sommar òg opna opp for å regjere med Venstre, fekk han refs av LO-leiaren, og trekte seinare invitasjonen.

Hovudproblemet til Ap i valkampen har vore ein dårleg strategi, mellom anna ved å rope om krise når pilene peika oppover i økonomien. Støre har fått kritikk for å vere uklar, men det er ikkje nødvendigvis hans feil. Når partiet gjekk mot eit politisk sentrum der Høgre allereie var, vart det vanskeleg å sjå forskjell på dei to partia. Pengeproblema, derimot, har han seg sjølv å takke for.

Mange har trekt fram at andre partileiarar har kome sterkt tilbake etter dårlege val, som Erna Solberg (H) og Jens Stoltenberg (Ap). Sjølv om Støre er ein god del eldre enn dei var, er det mogeleg at han òg kan klare det. Men då må han te seg klokare, og skaffe seg betre rådgjevarar.