Endeleg ei markeringssak for Ap

Pensjon frå første krone er Ap-saka regjeringa ikkje så lett kan kontre.

RETT PROFIL: Forslaget om å gje alle rett til «pensjon frå første krone» kan vere profileringssaka Ap treng. Men uproblematisk er ho ikkje, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Poppe, Cornelius / NTB Scanpix

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

I dag byrjar behandlinga av det Ap vonar blir deira beste politiske sak denne hausten: «Pensjon frå første krone», ei lovendring som vil gje meir pensjon til ein million arbeidstakarar, dei fleste i lågtlønsyrker som hotell og restaurant, varehandel og reinhald.

Utgangspunktet er eit forslag Ap fremja i Stortinget i vår, saman med SV. Dei vil endre lova om obligatorisk tenestepensjon på fire punkt. I dag byrjar behandlinga av forslaget i Finanskomiteen, som har frist til 23. oktober med å konkludere.

Alle bedrifter betalar i dagens system inn minst to prosent av løna i tenestepensjon for sine tilsette. Men det gjeld ikkje dei første 96.883 kronene av løna, det såkalla grunnbeløpet. Tener du lite, blir dette frådraget ein stor del av inntekta di. Dermed taper lågtlønte på systemet.

Dette frådraget vil Ap/SV fjerne.

Andre som heller ikkje får opptent tenestepensjon er dei som har deltidsstillingar under 20 prosent, arbeidstakarar under 20 år eller arbeidsforhold under 12 månader. Her òg vil Ap og SV ha ei endring.

Les også

Hans K. Mjelva: Slitarpensjonen som forsvann

Den sosiale profilen, at dette betrar pensjonen til store grupper lågtlønte, gjer dette til ei god sak for Ap. Langt betre enn haustens andre «viktige sak», om objektsikring. Saka stemmer godt med profilen til partiet, og er heller ikkje så ut på viddene at dei meir høgreorienterte i Ap går i svart. Dessutan vil LO bli glad.

Det er rett og slett ei sak som kan vinne tilbake nokre av gjerdesitjarane og venstreavhopparane i partiet.

Men kanskje det viktigaste for Ap: Dette er eit krav Høgre vil slite med å kontre.

Høgre har vore svært dyktige i å spele Ap dårleg dei siste åra. Partiet har tatt taktiske steg til venstre, og gått inn i Aps tradisjonelle rolle som forsvarar av vekst og velferd. Men i denne saka har både Høgre og resten av regjeringa vore tause, etter at dei i vår unnlét å ta med spørsmålet om tenestepensjon frå første krone då dei sende ut forslag om justeringar av tenestepensjonen på høyring.

Likevel er det klart at ingen av regjeringspartia vil støtte forslaget. Høgre og Venstre har sagt tvert nei. Frp har sagt dei vil følgje Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), som òg seier tvert nei. Skal dei borgarlege partia har truverd som næringslivsparti må dei stå på det standpunktet.

Om Ap og SV får fleirtal er framleis i det blå. Korkje KrF eller Senterpartiet har konkludert.

Finansdepartementet har rekna ut at dei fire forslaga til saman vil koste norske bedrifter 4,8 milliardar kroner. Forslaget om pensjon frå første krone vil åleine koste rundt 3,4 milliardar. Fordi det her er snakk om rundt ein million arbeidstakarar, blir dette ikkje meir enn rundt 3400 kroner pr. arbeidstakar. Det er mindre enn dei venteleg vil få i lønstillegg til våren.

Hadde Stortinget vedteke lova, kunne bedriftene i prinsippet kravd tilsvarande kutt i lønsoppgjeret. NHO fryktar likevel at det kan bli vanskeleg, og at dei vil bli møtt med krav om å ta att lønsgapet i seinare oppgjer.

Les også

Kampen for bedre pensjon skal trappes opp i høst

NHO argumenterer òg med at endringane vil gjere folk mindre motivert til å arbeide. Det vil svekkje «arbeidslinja», skriv NHO, vel vitande om at den linja er like heilag for høgresida i AP som i partiet Høgre.

Argumentasjonen er om lag slik: Sjølv om lågtlønte får mindre tenestepensjon med dagens system, blir det meir enn kompensert gjennom den delen av pensjonen dei får frå staten, altså folketrygda. Tener du 290.000 i året (tre gongar grunnbeløpet, 3G) vil du ende med 82 prosent av løna i pensjon, medan du med ei årsløn på 581.000 (6G) vil få 61 prosent. Etter skatt er forskjellen endå større.

Dette er viss arbeidsgjevar betalar inn minimumskravet på to prosent av løna i tenestepensjon, som gjeld svært mange av dei som vil bli treft av dei føreslegne endringane.

Med Aps forslag om opptening frå første krone vil utbetalingane auke til høvesvis 85 og 62 prosent.

Det NHO meiner påverkar arbeidslysta er at forskjellen på løn og pensjon blir så liten for låglønsgruppene, at dei ikkje har noko særleg motivasjon for å stå lenger i jobb. Det held ikkje heilt: Pensjonen til lågtlønte vil òg bli høgare di lenger dei står i jobb. For mange kan det jo vere ein motivasjon at dei kan gå opp i løn når dei pensjonerer seg.

Men det utrekningane viser, er at lågtlønte ikkje kjem dårleg ut av dagens system, sjølv om det kan vere tøffare å gå ned i inntekt som pensjonist når løna di allereie i utgangspunktet er låg.

Det sterkaste argumentet til NHO er at ei slik tukling med det norske pensjonsforliket er ei oppskrift på trøbbel. Pensjonsforliket var på mange måtar Arbeidarpartiets verk. Men Jens Stoltenberg forstod at om forliket skal stå seg over tid, må det ha brei politisk støtte.

Heile hovudpoenget med pensjonsreforma er å bremse veksten i pensjonsutgiftene, og å motivere folk til å stå lenger i jobb. Mange vil tape i forhold til det gamle systemet, og det byrjar no å merkast. Det skaper motstand og nye krav. Pensjonistforbundet har til dømes for lengst byrja kampen mot underreguleringa av pensjonane.

Viss Stortinget no byrjar å gje enkeltgrupper betre vilkår, kan det setje i gang ein spiral som set heile pensjonsforliket i spel. Det burde vere ein tankekross, ikkje minst i Ap. Så sjølv om høgresida i Ap kanskje ikkje går i svart, er det sider ved dette forslaget som bør gjere dei litt urolege.