Norske tilstandar

Ingenting kan erstatta gleda over å ha ein folkestamme å hersa med, ein folkestamme som ikkje kan påropa seg diskriminering, og det som verre er.

Asbjørn Kristoffersen

Jan M. Lillebø

Stakkars svenskar. Stakkars meg. I alle år har eg kunna driva ap med svenskane, det einaste folkeslaget i verda det er lov å spita med. No er det slutt. No må eg vera like fintfølande og omtenksam med svenskar som med andre baksnakka medmenneske.

Ein gong var Sverige Noregs storesøster og söta bror. Svenskane var rikare enn oss. Dei hadde finare bilar og kvitare tenner og fleire blondiner. Dei hadde Clas Ohlson og Abba og Hönen Agdas Telt og svenska synden og ordning och reda. Når den svenske regjeringa sa dei skulle hoppa, hoppa alle svenskar. Svenskar var som skapte å harselera med.

Halvparten av alle svenskar er adelege. Etter at dei slutta med å vera imperialistar og kolonialistar og undertrykkja Finland og Noreg og halve Aust-Europa, bestemte svenskane seg for å bli ei humanitær supermakt. Sverige har verdas første og einaste feministiske regjering, feministiske utanrikspolitikk og kötbullar med lingon til 35 kroner på Ikea. Slotta er utleigde til bryllaup og seminar for norske småkårsfolk. Svenskar var perfekte mobbeobjekt.

Det var før, det, og ikkje no. Alle svenskar hoppar ikkje lenger når den svenske regjeringa seier hopp. Det er ikkje lenger ordning och reda på nokon ting. Svenska synden har ikkje meir å fara med enn norska och finska och danska synden. Blondiner blir bleika i alle land. Noreg yppar seg som humanitær stormakt. I Sverige er det svenske tilstandar.

Utan svenskar har eg ingen folkestammar å plukka på nasen. Austlendingar? Jau då, austlendingar kan vera ei trøyst. Men berre ei lita trøyst. Austlandsk adel? Austlandske slott? Knis, fnis. Austlandsk stormaktshistorie og imperialisme og kolonialisme? Amatørar!

Ingen kan erstatta svenskane. Ingenting kan erstatta gleda over å ha ein folkestamme å hersa med, ein folkestamme som ikkje kan påropa seg diskriminering, og det som verre er. Tidlegare har svenskar aldri trengt å bry seg. Stakkars svenskar som blir synte synd på.