Oljestyrt godstemning

Regjeringa kan sende ein varm tanke til Donald Trump for å ha blåst opp oljeprisen.

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

MYKJE PENGAR: Finansminister Siv Jensen (Frp) har hatt gode tider som finansminister, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Poppe, Cornelius / NTB Scanpix

Noreg er så friskt at det er irriterande. Når oljeprisen dalar, inntektene forsvinn og folk mistar jobben, kan regjeringa fylle økonomien med oljepengar. Og når oljeprisen går opp att, og folk får jobb, tener staten så mykje at regjeringa ikkje treng å stramme noko inn.

Tvert om aukar dei oljepengebruken litt neste år, trass i at statsminister Erna Solberg (H) dei siste månadene har åtvara om at dei gode tidene no krev at ein set på bremsene.

Regjeringa kunne difor godt ha brukt litt mindre enn dei gjer, for å ha meir pengar å bruke når landet treng det meir.

På den andre sida: Det er framleis over 100.000 arbeidslause i landet, og få teikn på at økonomien er i ferd med å koke over. Dessutan er oljefondet større enn ein kunne drøyme om for få år sidan, og budsjettet godt innanfor den nye, strengare handlingsregelen. Det er difor vanskeleg å kritisere regjeringa for den linja dei har lagt seg på.

Når pilene igjen peikar oppover for norsk økonomi, gjev regjeringa sjølvsagt mykje av æra til eigen politikk, og då ikkje minst skattelettene. Men oppgangen i oljeprisen, kombinert med kraftige kostnadskutt i oljenæringa, har nok vore langt viktigare. I tillegg har òg veksten i internasjonal økonomi tatt seg opp.

Det artige med oljeprisen er at USAs mykje utskjelte president, Donald Trump, har ein god del av æra for oppgangen. USAs sanksjonar mot Iran trer i kraft i november, og mykje av prisveksten skuldast at marknaden bur seg på at Irans olje forsvinn ut av marknaden. Surt for Iran og dei som køyrer bil (både i Noreg og USA), bra for Noreg.

Investeringane i oljeindustrien er no på veg opp, og er venta å vekse vidare neste to åra. Slikt blir det både jobbar og økonomisk vekst av. Igjen har det blitt kamp om dei flinke folka i næringa.

Er det noko som burde uroe regjeringa, er det at veksten er svak i andre næringar enn oljenæringa og bygg og anlegg. Regjeringas svar i statsbudsjettet er meir skattelette og satsing på forsking og utdanning.

Selskapsskatten er blitt sett ned frå 28 til 23 prosent dei siste fire åra. No vil regjeringa kutte vidare til 22 prosent. I tillegg vil regjeringa kutte formuesskatten for aksjar og driftsmidlar ytterlegare og auke botnfrådraget. Til saman 1,7 milliardar i skattelette.

Å satse på forsking og utdanning er generelt fornuftig om ein vil skape ny vekst i framtida. I teorien skal skattelette òg ha same funksjon, altså å auke nyskaping, vekst og jobbskaping.

Skattelette var då òg eitt av dei vekstskapande tiltaka regjeringa Stoltenberg (Ap) meinte vår auka oljerikdom burde brukast til, då dei skapte den såkalla handlingsregelen.

Ei undersøking SSB-forskar Geir H.M. Bjertnæs publiserte nyleg, fann likevel ingen samanheng mellom skattelettene til Solberg-regjeringa og investeringar i norske bedrifter. Det stemmer òg med utviklinga i mellom anna USA, der låg rente og skattelette ikkje har gjeve venta vekst i investeringar og jobbskaping.

Analysen frå SSB er likevel ikkje uproblematisk, fordi det er mange andre ting som påverkar investeringslysta i norske bedrifter. Ikkje minst framtidsutsiktene, som for vår viktigaste næring, oljeindustrien, har vore rimeleg negativ fram til nyleg. Dessutan handla kutta i selskapsskatten meir om å hindre kapitalflukt enn å auke investeringar i etablerte, norske bedrifter.

Ei anna sak er at kutt i selskaps- og formuesskatt vil gjere dei rikaste rikare, som kritikarane på venstresida gjerne formulerer det. For Høgre har heller ikkje det blitt uproblematisk, etter at dei bestemte seg for å bli det nye Arbeidarpartiet.

Hovudpoenget med handlingsregelen var å binde Stortinget til masta, slik at vi ikkje bygde opp ein velferdsstat landet ikkje ville ha råd til når oljeinntektene fall igjen. I høve til dei aller fleste, kanskje alle, land som har fått slike enorme naturinntekter i hendene, har Noreg klart seg bra.

Veksten i oljepengebruken under denne regjeringa har rett nok vore i meste laget. Regjeringa har pløgd alle oljeinntektene rett inn i statsbudsjettet, og tatt litt frå oljefondet i tillegg.

No sørgjer den høge oljeprisen for at finansminister Siv Jensen (Frp) for første gong som finansminister fyller på oljefondet. 24 milliardar i år, 53 milliardar neste år. Og det med eit ganske forsiktig anslag for oljeprisen, på rett over 70 dollar fatet.

No ligg oljeprisen på 83–84 dollar fatet. Forbruket i verda veks kraftig og dei største produsentlanda som Russland og Saudi-Arabia produserer på historisk toppnivå. Det er difor ein god sjanse for at oljeprisen vil bli langt høgare enn regjeringa legg til grunn, og at endå fleire milliardar vil renne inn i oljefondet neste år.

Mykje tyder på at oljeprisen vil halde seg høg fram til 2020–2021, kanskje lengre. Norsk oljeproduksjon vil nå toppen i 2024, ifølgje Oljedirektoratet. Kva som skjer etter det er uvisst, bortsett frå at utgiftene til pensjonar, helse og omsorg vil stige og at landet treng nye næringar som gradvis kan ta over for oljen som motor i økonomien.

Då blir det viktig å ha «pæeng på bok», som tidlegare finansminister Sigbjørn Johnsen sa til sine kollegaer i EU i 2011. Den gong stod det 3300 milliardar kroner i oljefondet. No står der 8400 milliardar.