Jakta på rettferd

KrF-kampen om rettferd mellom raud og blå side handlar berre om kven som skal vinne.

Publisert:
Morten Myksvoll
Kommentator i BT

DUELL: Kampen om KrFs retningsval står mellom Kjell Ingolf Ropstad (til h.), som vil i regjering med Høgre, Frp og Venstre, og Knut Arild Hareide, som vil i regjering med Ap og Sp, støtta av SV. Her i duell før Bergen KrFs medlemsmøte på Betlehem i oktober. Foto: Paul S. Amundsen (Arkiv)

KrFs retningsval har utvikla seg til ein bitter konflikt, med skuldingar om kupp og illegitime val. Kampen om regjeringsmakta kan fort bli avgjort av kva valprosess KrF-arane ser på som mest rettferdig.

Kva som er rettferdig fordeling er avhengig av kven du spør. Og viktigast, kva dei meiner resultatet bør bli. Dei som støttar Hareide, vil at valet skal gå føre seg på ein måte som gagnar venstresida. Høgresida er like kalkulert.

Det er legitimt å kjempe for at ein sjølv vinn. Nokon er overraska over at politiske prosessar – sjølv i KrF – er kyniske. Dei har ikkje følgt med i timen.

Les også

Går KrF til høgre eller venstre? Sjekk stillinga her.

Bakteppet er Rogaland KrFs årsmøte i helga. 14 av 16 delegatar til det ekstraordinære landsmøtet vart blå, trass i at berre drygt 60 prosent av årsmøtet ønskjer å gå inn i Solberg-regjeringa.

KrF-leiar Knut Arild Hareide sa at den skeive fordelinga sette legitimiteten til landsmøtet i spel. Det er like vanvetig som då statsminister Erna Solberg (H) stilte spørsmål ved kor demokratisk det var å kaste regjeringa hennar, slik Hareide ønskjer.

Hareide har sagt at éi stemmes overvekt på landsmøtet er nok til å gi eit klart svar. Når éi stemmes overvekt kan føre til regjeringskrise, må 48 stemmers overvekt i Rogaland vere nok til å sende ein heilblå delegasjon.

Les også

Frøy Gudbrandsen: Det verst tenkelige for Hareide

Krangelen om rettferd handlar om kva side som skal vinne. Kritikken mot Rogaland er ikkje prinsipiell, men ein del av valkampen for Hareides Arbeidarparti-draum.

Fleire fylke snakkar no om å vere snille med kvarandre, i betydninga å stemme på folk som vil det motsette av ein sjølv. Veldig rart, sidan framtida til partiet står på spel. Men tankegangen er forståeleg, sidan KrF skal vere eit fungerande parti etter landsmøtet 2. november. Dersom den blå sida vinn, har dei ei interesse av at partiet drar i same retning framover.

Landsmøtet kan setjast saman på så mange måtar at det er umogeleg å peike på éi rettferdig løysing. Det viktige er at reglane er avklarte på førehand.

Dersom partileiinga hadde sterke meiningar om korleis prosessen i fylka skulle vere, burde landsstyret vedteke eit sett med køyrereglar då dei inviterte til eit ekstraordinært landsmøte.

Når det ikkje skjedde, er det naturleg at KrF-laga gjer slik dei alltid har gjort: bestemmer valprosedyren sjølv. Rogaland brukte den same metoden som fylket har brukt i mange år. Dei som er overraska over det, var nok dårleg førebudd.

Les også

Hareide og Johnson anklages for rigging

Det finst fleire måtar å få delegasjonane til å spegle synet til fylkeslaget. Det første er, som i Rogaland, at fleirtalet bestemmer. Opptakten må òg takast omsyn til her. Fylkets nest største lokallag, Sandnes KrF, var først ut med å velje delegatar til fylkesårsmøtet. Dei vedtok å sende berre raude delegatar.

Det har den raude sida i KrF gløymd, når dei kritiserer dei blå for å «kuppe» delegatvalet.

Den raude sida vil at fylka skal sende representative delegasjonar, ut frå stemmegivinga på årsmøta. Fordi dei tener på det.

Fylkesleiar i Hordaland, Dag Sele, vil at andre fylke skal kompensere for at Rogaland sender «for mange» blå delegatar. Han meiner det manglar fire raude mandat for at samansetjinga skal vere representativ.

Men ville det vore rettferdig?

For det første er det ein millimeterpresisjon som er umogeleg. Reknestykket baserer seg på at Rogaland skulle sendt 10,04 blå delegatar og 4,74 raude. Dersom det var eit slikt presisjonsnivå KrF ønskte, måtte dei ha avgjort retningsvalet i ei uravstemming.

Men representative delegasjonar hjelper ikkje når delegasjonane i seg sjølv er ubalanserte. Fordelinga av delegatar fører i dag til at store fylkeslag vert underrepresenterte på landsmøtet.

Hordaland og Finnmark har høvesvis 14 og fire delegatar på landsmøtet. Dersom berre medlemstalet skulle leggjast til grunn, ville Hordaland fått 20 delegatar, Finnmark berre éin.

Rogalands delegasjon ser heilt balansert ut, dersom ein legg til grunn at fylket burde hatt ein større landsmøtedelegasjon.

Det er overvekta i den eine eller andre retninga som betyr noko for resultatet på landsmøtet. Dersom Hordaland vedtek å sende ni blå og fem raude delegatar, vil resultatet blitt det same sjølv om ein berre sende fire blå og null raude.

I dette dømet ville Hordaland sitt blå fleirtal blitt nulla ut av Finnmarks raude fleirtal.

Les også

KrF-møte ga ingen nye retningslinjer for valg av delegater

Dette landsmøtet er unikt. Vanlegvis skal eit landsmøte ta stilling til mange ulike saker. No er det berre éi sak: Kva regjering skal me ha i Noreg dei neste åra?

Når leiinga i KrF ikkje har tatt ansvar for å lage felles køyrereglar for denne spesielle prosessen, er det heilt naturleg at fylkeslaga bestemmer framgangsmåten sjølv, slik dei alltid har gjort.

Det må dei då få gjere utan at partileiaren stiller spørsmål ved partidemokratiet som han har ansvar for.

Publisert: