Stjernesmellen

No kan du ta offentleg godkjent utdanning som astrolog. Treng du lån og stipend for å studere? Lånekassa betaler.

STJERNESTØV: Her ser du eit bilete av galaksen IC 4870, teken av Hubble-teleskopet i september 2018. Om biletet i tillegg fortel deg kva karriere du bør satse på neste veke, kan du snart søkje plass hos Astrologiskolen Herkules AS. Foto: NASA / X00653 (Reuters)

Publisert:

Kva skal vi leve av etter olja? Dersom du meiner at stjernetyding er svaret, spår eg at du går gode tider i møte. 6. mars fatta nemleg Nokut, Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga, eit ganske uvanleg vedtak.

Dei godkjende Astrologiskolen Herkules AS som fagskule. Nokut slo fast at grunnstudiet i astrologi og profesjonsstudiet i esoterisk astrologi del I og del II «tilfredsstiller NOKUTs krav til utdanningskvalitet». Skulen held til i «Druidenes hus» i Oslo, men har også kveldskurs i Bergen.

Morgenbladet, som fyrst omtalte saka, fortel at utdanninga er godkjent etter ein seks år lang søknadsprosess. Ein må gå ut frå at skuleeigar Gisle Henden har halde ut så lenge fordi han visste kva resultatet ville bli.

Det må ha vore underlege dagar på jobb i godkjenningsorganet. Ein fagskule skal tilby høgare, yrkesretta utdanning. Derfor har ikkje Nokuts oppgåve vore å diskutere kva som er poenget med å ta 90 studiepoeng i overtru, men rett og slett om ei utdanning som astrolog gjev jobb etterpå.

Og svar har dei fått: «Etterspørselen etter astrologens kapasitet og kompetanse er således godt etablert gjennom 4000 år og har bred og global utbredelse den dag i dag», skriv Stian Wulff, leiar i Norsk Astrologisk Forening, i eit brev til Nokut.

Han legg til at «søkeordet astrology på google.com har for eksempel mer enn 133 millioner treff».

Les også

Jens Kihl: Sløsete journalistikk

Sakshandsamarane har likevel ikkje greidd å halde seg heilt unna det faktum at dette er høgst uvitskapleg. «Vi vil nok reservere oss mot deler av det som beskrives eller formidles i søknaden og studieplanen som pretenderer å representere vitenskapelige tradisjoner», skriv Nokut.

Dei vil òg «oppfordre skolen til å nedjustere eller endre ordbruken knyttet til hva astrologi er i sin markedsføring overfor potensielle studenter». Men sjølvsagt blir Nokut-godkjenninga no brukt som eit godkjentstempel på skulens heimeside.

For dei fleste er astrologi uskuldig underhaldning presentert i eit vekeblad som ligg på venterommet hos tannlegen. Men i ei tid der konspirasjonar, vaksinemotstand og alternative fakta vinn stadig nytt terreng, er det grunn til å spørje om ikkje Nokut også bør kunne avvise ei utdanning rett og slett fordi ho berre er tullball.

I så fall må staten trekkje opp nokre grenser. I dag er til dømes fagskular med utdanning i misjonering Nokut-godkjende. Ein viktig skilnad er at religion presenterer seg som tru, medan denne astrologiskulen meiner dei verkeleg kan sjå «menneskers utvikling og vekst».

Les også

BT meiner: Jorda er rund

Likevel: Er det rett at Noreg godkjenner studium som handlar om å få andre menneske til å endre livssyn? Det skjer neppe noko med dette så lenge KrF sit i regjering.

Ein kan kanskje håpe at det eksisterer Høgre-folk der ute som meiner staten har betre ting å bruke pengane på enn stipend til studentar i misjonering og astrologi.

Jan Tore Sanner er statsråd for fagskulane. Med bursdag 6. mai høyrer han til i tyrens teikn. Ifølgje KK-horoskopet for denne veka er tyren «opptatt av framtidige planer, og du kan i den forbindelse selv ta beslutninger uten å konferere med andre».

Så til deg, Jan Tore Sanner: Det står skrive i stjernene at du må ta grep om fagskular som driv med astrologi. Og du har visst lov til å gjere det heilt på eiga hand.