Sin eigen fiende

Problemet for Erna Solberg i Wara-saka ser ut til å bli Erna Solberg sjølv.

PRESSA: Finansminister Siv Jensen (Frp) og statsminister Erna Solberg (Høgre) stilte til pressekonferanse torsdag ettermiddag.

Cornelius Poppe, NTB Scanpix

Noko slikt har vi ikkje sett i Noreg før: Laila Bertheussen, sambuaren til justisminister Tor Mikkel Wara (Frp), er sikta for å ha tent på familiens bil og gje inntrykk av at ukjende gjerningsmenn stod bak.

Wara har no teke permisjon, fortalde statsminister Erna Solberg (H) og Frp-leiar Siv Jensen på ein pressekonferanse torsdag ettermiddag. Dei ville ikkje seie særleg mykje om saka, men kalla det like fullt «ein tragedie for Wara og familien».

Wara og Bertheussen har vore utsett for fleire åtak i tida etter at teaterstykket «Ways of seeing» blei sett opp på Black Box Teater i Oslo.

Det er svært alvorleg at Politiets tryggingsteneste (PST) no siktar sambuaren til den øvste leiaren for politiet i ei slik sak. Straffelovas paragraf 225 om «Anklage om oppdiktet straffbar handling» har ei strafferamme på bøter eller fengsel i inntil eitt år.

Les også

Erna Solberg: – Et stort sjokk

Det er verdt å merke seg at PST førebels berre har sikta Bertheussen for det siste av ei rekkje åtak mot familiens hus i Oslo. Dei har rett nok sagt at siktinga kan bli utvida. Ei sikting er sterkare enn ein mistanke, og gjev mellom anna politiet høve til å gjere husransakingar og liknande.

Men dette er ikkje tida for spekulasjonar, og det var Solberg og Jensen nøye med å presisere under pressekonferansen torsdag ettermiddag.

Likevel er det nettopp spekulasjonane som har florert, og regjeringa har sjølv vore ein aktiv bidragsytar.

Les også

PST har siktet samboeren til Tor Mikkel Wara i trusselsaken

I PERMISJON: Justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) er frå torsdag ettermiddag i permisjon.

Heiko Junge, NTB Scanpix (arkiv)

Éin ting er at Bertheussen sjølv peika på at teaterstykket har vore årsaka, og at Wara har sagt det er ein «kjedesamanheng». Slik saka står no, er det ikkje grunn til å tru at han har visst noko om kva sambuaren eventuelt kan ha gjort.

Nei, problemet for Erna Solberg i denne saka er faktisk Erna Solberg sjølv.

Under ein pressekonferanse onsdag åtvara statsministeren mot spekulasjonar. Og i same andedrag valde ho å kommentere ei pågåande politietterforsking.

Solberg er sitert slik i VG: «Det tenker jeg faktisk at de som står bak stykket bør tenke over, at de også bidrar da til å sette et fokus på politikere og deres omgivelser og mennesker, som bidrar til at det er tøffere å være politiker.»

Les også

PST ser brannen i Waras bil i sammenheng med tidligere hendelser

Ho kunne sagt at politiet må gjere jobben sin, og at det er ikkje bevist at det er ein samanheng mellom Black Box-oppsetjinga og åtaka. Men nei, Solberg skapte ein guilt by association ved å gå inn i sakskomplekset.

På spørsmål frå VG om oppsetjinga kunne bidra til å auke presset på familien, svarte Solberg: «Det at man setter søkelyset på ikke hva en politiker sier eller har gjort, men på familien, øker belastningen på politikerens familie.» Ho kunne svart «ingen kommentar».

Les også

Waras samboer langet ut på Facebook. Nå er hun selv siktet.

Aller lengst har sjølvsagt Sylvi Listhaug gått. I ein Facebook-post, som no ser ut til å vere sletta, skreiv Listhaug:

«Pia Maria Roll forsøker i dagens VG fremstille seg selv og Black Box teater som et offer. Hun og teateret har ansvar for at Justisminister Tor Mikkel Wara og flere andre personer ble utsatt for snikfilming i sitt hus og hjem. Hun er ikke noe offer men en produsent av et teaterstykke som kan være grunnen til at Wara og familien hans utsettes for hærverk, trusselbrev, bilbrann og ikke kan føle seg trygg i sitt eget hjem. Roll og Black Bok teater burde be familien Wara om unnskyldning, ikke fremstille seg som et offer.»

SKJERMDUMP: Sylvi Listhaugs Facebook-side

Dette er ikkje ein tilfeldig backbencher. Sylvi Listhaug er fungerande nestleiar i Frp, og dermed høgrehanda til den Siv Jensen som no står og bed folk halde seg for god for spekulasjonar. Ho er til og med landets førre justisminister.

Samla sett gjev denne saka eit svært negativt bilete av Erna Solbergs leiarskap. At ho ikkje har kontroll på Sylvi Listhaug er knappast noka nyhende, men denne gongen hadde ho ikkje kontroll på seg sjølv heller.

På direkte spørsmål frå NRK under torsdagens pressekonferanse om kor vidt Erna Solberg ville orsake noko av det ho sa dagen før, ville ikkje statsministeren vike ein tomme. Det ser ikkje særleg bra ut.

Når Erna Solberg opnar Høgres landsmøte fredag, bør ho kome med ei orsaking til teaterregissør Pia Roll.