Presselivet i Nordre Bergenhus

Journalist Terje Eggum har sett saman det puslespelet som heiter pressehistoria i Sogn og Fjordane. Eit stort arbeid. Men kor vart det av alle dei saftige sogene?

REDAKTØRLEGENDE: Redaktør Per-Gunnar Larsen (1926-94) i Fjordenes Tidende er ein av dei mest markante - og suksessrike - redaktørane i Sogn og Fjordane. ARKIVFOTO: FJORDENES TIDENDE Foto: Fjordenes Tidende

  • Olav Kobbeltveit
Publisert:

— DEI SOM VIL VETA MEIR om redaktør Arnesen i Sogningen/Sogns Avis kan slå opp i strafferegisteret!

Vi kan lesa om begge redaktørane i Terje Eggums nyss utkomne «PÅ TRYKK - Avisene i Sogn og Fjordane 1874-2009». Her er mykje fakta, og alt er ryddig og vakkert framstilt. Men så synd at det ikkje vart plass til eit lite knippe av alle dei fargerike episodane som vandrar på folkemunn - iscenesett av frodige redaktørar i Sogn og Sunnfjord og Nordfjord. Her er fleire som kunne fortent eigne kapittel. Og kva med John Moberg? Den guten har balt med meir enn gammalost.

Pressesoga til Eggum tek form og farge av eit fylke Vårherre delte inn i fire fogderi - Nordfjord, Sunnfjord, indre Sogn og ytre Sogn. Ingen av dei hadde noko naturleg overtak, og eit sentrum for heile fylket fanst ikkje. Men pressesoga er også ei soge om korleis dei ulike bygdene posisjonerte seg - og gjekk i alliansar - for å få det overtaket dei i utgangspunktet ikkje hadde. Somme var meir dugande enn andre. Ikkje minst i Sogn, der Husabø Prenteverk alltid spøkte i bakgrunnen.

MEN FØRST SKAL VI til Florø, som ifølgje forfattaren er først og størst på avishistorie i Sogn og Fjordane. I 1874 orienterte også sunnfjordingar seg i høve til storbyen Bergen, og første avisa vart - naturleg nok - heitande Nordre Bergenhus Amtstidende. Ho var konservativ og sokna til Høire. Bortsett frå ein kort periode som organ for Frisinnede Venstre, men det var som kjent like ille.

Florø var by, og enno var det heimedansken som rådde i spaltene. I 1898 oppstod den konkurrerande Venstre-avisa Søndfjords Avis. Men så la ho om den politiske kursen i retning høgre. Det er, som alle Venstre-folk veit, sikraste vegen mot undergangen. På den andre sida opna dette for ei ny Venstre-avis, som etter kvart vart heitande Firda Folkeblad, og som i nynorsk målbunad skulle få appell langt utover byen.

Sist på året i 1909 hadde Florø tre aviser. Den situasjonen gjentok seg i tiåret etter krigen. I dag heiter Florøs avis Firdaposten.

I dei tre siste krigsåra gav nazistane ut Folkebladet for Sogn og Fjordane, etter at okkupasjonsmakta hadde nekta Fylkestidende og Firda Folkeblad å koma ut.

NORDFJORDINGANE låg ikkje langt etter. Alt den 10. juli 1874 var Fjordabladet, Fjordenes Blad frå starten, etablert på Nordfjordeid. Bakmannen var Otto Blehr. Blehr skulle i åra som følgde bli statsminister i Noreg i fleire periodar. Seinare har aviser kome og gått i Nordfjord-bygdene, men Fjordabladet skal vi alltid ha hjå oss. Stort og mektig har det likevel aldri blitt.

Det vart heller ikkje Høgre-avisa Nordfjord, som var skipa før hundreårsskiftet og gjekk inn - for godt - under krigen. Til gjengjeld har bondepartiavisa Firda Tidend på Sandane halde liv i seg til denne dag.

DEN MEKTIGASTE i Nordfjord har vore Fjordenes Tidende, eit av mange døme på at det svara seg å koma ut i krigsåra. Men det var redaktørlegenda Per-Gunnar Larsen som gjorde Fjordenes Tidende til ein opplagsvinnar frå han tok over midt på 60-talet. Han var prototypen på ein uredd og uavhengig redaktør. Nye eigarar har tukla det til, og oppgang vart vendt til nedgang. No er avisa i hendene på ein britisk spekulant.

Stryningane avgjorde i 1929 at dei også ville ha si eiga avis. Ho hadde seinare BT-redaktør Ingemund Fænn som bladstyrar første åra. I 1949 gjorde Paul Svarstad henne til Høgre-avis, men seinare er ho overteken av Polaris Media og er politisk uavhengig.

FØRSTE AVISA I SOGN kom til i Lærdal i 1878. Det var Sogns Tidende. På nytt var det Blehr som var på ferde. Seinare skulle det koma fleire, både i Lærdal og elles i fogdet, og ingen stad i fylket har det vore så bitter avisstrid som i indre Sogn. Det kunne gå på æra laus. Striden var bygdestrategisk, partipolitisk - og for ein del svært personleg.

Aviser kom og gjekk. I Vik og i Sogndal. Sogningen, Sognefjord, Sygna, Sygnabladet og kva dei heitte alle. Men så er det vesle Leikanger som skal bli avisbygda i Sogn, med ein nådelaus konkurranse mellom Sogn og Fjordane og S/SA, Sogningen/Sogns Avis. Redaktør Hans Arnesen i S/SA nekta seg ingenting, og konkurrenten - den meir sindige Einar Svartefoss - vegra seg for å bli med på den ville ferda.

FOR ARNESEN var ingenting for lite og ingenting for stort. Sladder var, meinte han, godt stoff. Det fekk han rett i. Tingartalet for S/SA steig, medan Sogn og Fjordane miste tingarar. I bakgrunnen sat strategen Ingvald Husabø i Husabø Prenteverk, som hadde fingrane borte i mange avisprosjekt, og til slutt sat med både Sogningen og Sogns Avis i fanget. I dag er solide Sogn Avis resultatet av desse to pluss gamle Sogn og Fjordane til Svartefoss, og Ingvald Husabø eig rundt 80 prosent av aksjane.

Tilbake til start - og til Sunnfjord. Førde har opplevd sterk vekst, og det er i lys av den utesande bygdebyen Førde vi må sjå Firdas posisjon som største avisa i fylket. Opplaget var på det meste over 15.000 eksemplar, men var i fjor nede på 13.875. Ho er, til liks med ei rekkje andre S&Fj-aviser, overteken av A-pressa eller dei andre aviskonserna.

Terje Eggum har laga standardverket om den nokså kompliserte soga til avisene i Sogn og Fjordane. 53 aviser har levd i fylket desse 135 åra. Mange fekk eit kort liv. Andre slo seg saman. I dag er det åtte aviser att, som deler på å forsyna fjogningane med siste nytt.