Det ulmar under overflata i Ap i Bergen

Det har vore eit dritår for Arbeidarpartiet i Bergen. Kritikarar i eige parti kan vere verd å lytte til for Roger Valhammer.

Publisert Publisert

MURRING: Ikkje alle i Ap er like nøgde med byrådsleiar Roger Valhammer, og jobben han har gjort det siste året. Foto: Bård Bøe (arkiv)

  1. Leserne mener

Når Arbeidarpartiet i Bergen samlast til årsmøte denne helga, har dei fått med seg ein gåvepakke.

Partiet får sitt beste resultat sidan desember 2018 på BTs ferske måling. Resultatet er framleis beskjedne 23,7 prosent, og seier mest om kor dårlege alle målingane har vore i tida før.

Likevel, etter eit år med nesten berre nedturar, er dette faktisk godt nytt.

Oppsvingen på målinga garanterer positiv stemning på årsmøtet, der ein elles skal samanfatte eit år partiet kanskje har mest lyst til å gløyme.

Året starta med ein open kamp mellom Roger Valhammer og Marte Mjøs Persen om kven som skulle bli partiets neste frontfigur.

Det heldt fram med ein valkamp der nesten alt handla om å forsvare bomring og Bybanen over Bryggen. Sjølve valet enda i eit katastroferesultat som saknar sidestykke i Bergen.

Den einaste oppturen det siste året, er at Arbeidarpartiet framleis styrer Bergen. Men det er med naud og neppe. Byrådsleiar Valhammer leiar eit firepartibyråd, som framleis manglar ni stemmer i bystyret for å få fleirtal for sakene sine.

Det gjorde det mellom anna mogeleg for opposisjonen å fremje mistillitsforslag slik dei gjorde i januar, då skulebyråd Linn Kristin Engø måtte gå av.

NEDERLAG: Valhammer-byrådets så langt siste nederlag var då skulebyråd Linn Kristin Engø fekk mistillitsforslag mot seg i januar. Ho trekte seg nokre dagar seinare. Foto: Marita Aarekol (arkiv)

Les også

Trym Aafløy lekker velgere i alle retninger: – Uforståelig!

Men det blir ikkje eit oppgjer med noko av dette på årsmøtet. Så lenge Ap framleis sit ved makta i Bergen, er det ikkje rom for å setje hardt mot hardt og endre kurs. Den siste målinga bygger berre opp under dette.

Det er likevel teikn på at det ulmar av misnøye enkelte stader i Ap i Bergen. Det bør dei som sit ved styringa ta på alvor.

Årsmøtet skal diskutere nye partireglar som skal sikre maktspreiing.

Eit utval har foreslått at ei heil rekke medlemmer ikkje skal kunne veljast til styret, valkomiteen eller nominasjonskomiteen i Ap i Bergen. Dette inkluderer alle heiltidspolitikarar, som ordførar, byrådar og politiske rådgjevarar.

Forslaget rammar også medlemmer med nær tilknyting til heiltidspolitikarane, det vil seie ektefellar, kjærastar, foreldre/svigerforeldre, barn og søsken.

Forslaget er ekstremt strengt. Dette er ikkje vanleg praksis i andre parti, og heller ikkje i Ap sentralt. Partiet sentralt har også rådd medlemmene i Bergen ifrå å vedta eit forslag som dette.

Men at eit slikt forslag dukkar opp, er svært interessant uansett om det blir vedteke eller ikkje.

Det vitnar om at nokon meiner ei gruppe i partiet byrjar å få altfor mykje makt. Og det vitnar om mangel på tillit til at eigne politikarar på rådhuset tek gode avgjersler.

Førre veke presenterte BA ei måling om Valhammers tillit blant bergensarar. Den er låg. Sjølv blant sine eigne veljarar, har Valhammer berre tillit hos så vidt halvparten.

Det er likevel noko anna å mangle tillit hos medlemmer i sitt eige parti.

I visse grupper herskar det skepsis mot byrådet og apparatet rundt. Dei er unge, og svært mange tilhøyrer Valhammers eigen, nære krins. Dette gjaldt kanskje særleg for tidlegare skulebyråd Engø, som han sette heile byrådet i spel for å redde.

Det var det fleire i Arbeidarpartiet som ikkje likte. Dei ser det som at han var villig til å ofre styringa av byen for å redde sin eigen støttespelar.

At ikkje alle i partiet er nøgde med Valhammer heile tida, treng ikkje vere skadeleg. Men når det går dårleg, vil fleire byrje å murre.

Å berre glatte over byrjande misnøye, kan gjere vondt verre. Ein leiar må også høyre på kritikarane sine, og for å få desse fram i lyset, må dei få talarstolar der dei blir høyrt.

SPRELL: Mykje tyder på ein manglande entusiasme frå grasrota i partiet. Her er Valhammer frå valkampen 2019, då Ap ikkje klarte å mobilisere meir enn vel halvparten av dei frivillige dei håpte på. Foto: Paul S. Amundsen (arkiv)

Les også

Åsane Ap: Gi småbarnsforeldre ekstra ferieuke

Den siste målinga gir Valhammer håp om at han ikkje berre blir fjeset på Aps nedtur, men også kan få vere partiets gallionsfigur medan det reiser seg igjen.

Men då må han også få entusiasmen tilbake i alle delar av sitt eige parti – eit parti som også mister medlemmar. Det er ingen enkel jobb, samstundes som han må styre i mindretal og inngå kompromiss med fem andre parti i over tre år til.

Det siste Valhammer har gjort, er å få inn Endre Tvinnereim som ny skulebyråd. Det blei teke godt imot i partiet. Ikkje berre fordi Tvinnereim blir trekt fram som ein flink politikar, men også fordi han er litt eldre enn resten av byrådet og ikkje kom frå den same indre krinsen som mange av dei andre på rådhuset.

Det var eit klokt trekk. Valhammer treng draghjelp frå alle deler av partiet sitt, om Ap skal kunne halde fram med oppturen.

Publisert