Sp-siger i sikte

Arbeidarpartiet er i skikkeleg trøbbel før det fyrste valet i Vestland. Valnatta kan bli Senterpartiets og Jon Askelands store kveld.

Jens Kihl
Kommentator

Thriller: Jon Askeland (Sp) er ein av dei heitaste kandidatane til å vinne kampen om fylkesordførarkjeda. Fred Ivar Utsi Klemetsen (arkiv)

22 prosent til Ap. Om dette blir valresultatet, er meldinga til Anne Gine Hestetun frå veljarane klar: Det er på tide med andre kostar i fylkespolitikken.

Ei ny meiningsmåling, utført av Respons for BT, viser at Vestland fylkesting kan bli eit krevjande politisk farvatn.

For både til høgre og til venstre må det svært breie koalisjonar til for å skape eit styringsdyktig fleirtal. Det er den slags som gjev rom for ein pragmatisk senterpartist frå Radøy.

For sjølv om Sp «berre» får 14 prosent, ligg dei i praksis på vippen. Fylkesordførarkandidat Jon Askeland har vore heilt klar på at han kan samarbeide båe vegar.

Les også

Ap stuper i det nye vestlandsfylket

Får han ikkje nok i medgift frå Ap og dagens fylkesordførar Hestetun, kan han fint vende seg til Høgre og Silja Ekeland Bjørkly. Og lat det ikkje vere tvil: Sp har ambisjonar om å kapre det nysmidde fylkesordførarkjeda.

No ligg både Ap og Høgre an til eit valresultat langt nede på tjuetalet. Då kan dei to tradisjonelt store partia vanskeleg hevde at det er noko folkekrav at eit av dei har rett på fylkesordførarplassen.

Det nye fylkestinget vil få 65 plassar, og dermed trengst det 33 mandat for å sikre fleirtal.

På denne målinga får regjeringskameratane Venstre, KrF, Høgre og Frp til saman 29 mandat. Dermed treng dei støtte frå Folkeaksjonen Nei til mer bompenger (FNB) og deira fire representantar.

Akkurat kva som skulle gjere at FNB skulle finne saman med KrF og Venstre, er derimot meir uklart. Dei to sentrumspartia kan vel så godt tenkje seg å samarbeide til venstre, sjølv om Frps Terje Søviknes er ein populær mann.

Les også

Målinger: Blytung landsmøteopptakt for Frp

På venstresida har dei raudgrøne, altså SV, Ap og Sp, til saman 28 plassar. Om ein legg til MDG og Raudt, er dei oppe i 32. Det er svært nær eit fleirtal. Og ettersom det knapt har vore målingar i nyfylket før, er det lite å samanlikne målinga med.

Bakgrunnstala kan tyde på at det er ein del skilnader mellom veljarane i Sogn og Fjordane og Hordaland. Ettersom dagens Hordaland har omtrent 83 prosent av innbyggarane i nyfylket, er det likevel her, og særleg i bergensområdet, at slaget står.

Det er likevel grunn til å ta dei neste tala med ei klype salt, all den tid det er få personar som har svart i kvar av undergruppene her.

Senterpartiet gjer det som venta langt betre i Sogn og Fjordane enn i Hordaland. På denne målinga er dei største parti i fjordfylket, med Ap hakk i hæl.

Høgre er derimot dobbelt så store i Hordaland som i fylket i nord.

SV gjer det meir enn dobbelt så bra i Hordaland. I praksis er det nok Bergen som dreg opp snittet. Det kan tyde på at SV kan gjere eit ganske svakt val i resten av fylket utanfor bergensregionen.

På denne målinga får Venstre heile 11 prosent i Sogn og Fjordane. Det kan tyde på at det var lurt å setje Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang på topp.

Men all den tid dei aller fleste i nyfylket bur i dagens Hordaland, hjelper det ikkje stort: Venstre får tre prosent i Hordaland og fire totalt i nye Vestland.

Les også

Ap vurderer å fjerne og flytte bomstasjoner i Åsane

Både MDG og FNB har knapt veljarar i Sogn og Fjordane, men ligg likevel an til representasjon. Dagens måling viser at frontane i miljø- og bildebattane er hardare i Hordaland.

Og apropos Frp: Dei ligg an til 13,6 prosent, noko som kanskje er betre enn venta. Med 20 prosent oppslutning hos menn og berre fem hos kvinner, er Frp i ferd med å bli eit reint mannsparti.

Denne målinga kan tyde på at Høgre, Sp og Ap har to kampar dei må vinne: Kampen om veljarane og kampen om småpartia. Nett no ser det ut til at håpet er lysegrønt for Sp.