Krigen som ikkje går over

Det er i dag åtti år sidan andre verdskrigen braut ut, men vi må framleis lære oss å snakke om han. Eg har ein idé til korleis.

Jens Kihl
Kommentator

FRED: Finst det eigentleg noko finare? Biletet er frå Oslo i fredsdagane mai 1945. Ingvald Møllerstad, Aftenposten (arkiv)

Noreg treng eit stort, nasjonalt museum som røskar tak i korleis vi forstår vår eiga, nære historie. Eit historisk museum for framtida.

Eg skal straks seie meir om kvifor og korleis, men la oss først ta ein tur til Polen.

I sommar var ein kamerat og eg på bilferie rundt Austersjøen. I Gdansk skulle vi på Museet for andre verdskrigen.

Gdansk må vere ein av dei mest særprega byane i verda: Her starta tidenes verste krig 1. september 1939 ved at Nazi-Tyskland gjekk til åtak ved halvøya Westerplatte.

Og: Her starta Solidaritet, Lech Wałęsas rørsle som vann over kommunismen i Aust-Europa. Undertrykking og fridom. Mørke og ljos.

Framleis er Gdansk ei ideologisk slagmark. Krefter med autoritære trekk styrer i dag Polen. Skylaget er i ferd med å tette seg til over den gamle fristaden.

Museet for andre verdskrigen opna i 2017 og var den store draumen til Donald Tusk. Han er president i EU-rådet og tidlegare statsminister i Polen – og kjem frå Gdansk.

Draumen til Tusk var eit stort museum som viste den samla historia om andre verdskrigen – men sett nedanfrå. Korleis kunne nazismen få fotfeste? Kor kjem jødehatet frå? Korleis verka krigen inn på vanlege folks liv?

Les også

Debatt: Grunnloven brytes for åpen scene

Så det var med store forventningar vi entra det påkosta museet. Det som møtte oss, var ein gedigen nedtur.

For Partiet for lov og rettferd, som i dag styrer Polen, har for lengst omorganisert utstillinga. Den tidlegare direktøren er sparka, og no er museet meir oppteke av å vise den tøffe og barske polske hæren.

Før slutta museumsturen med ein film som tok for seg aktuelle konfliktar ute i verda i dag.

No fekk vi sjå filmen The Unconquered, som med dataspelets formspråk viser ein uovervinneleg, polsk soldat. Dette var ikkje lenger eit museum om freden, men om krigen.

Filmen ligg ute på YouTube og er vel verdt ein titt. Det er ganske ubehagelege greier. Museumsturen gjorde oss ille til mote: Kor er Polen på veg?

Les også

Jens Kihl: Ein frigjeringsdag for alle

Dagen etter var vi ute i byen for å ete. Ein mann og ei kvinne spurde pent om dei kunne få dele bord med oss, og det kunne dei sjølvsagt.

Dei blei veldig glade då vi la ut om kor sterkt og viktig museet hadde vore. Så spurde vi kva dei levde av.

«Vel», sa mannen, «eg er varaordførar i Gdansk, og ho der er faktisk ordførar».

«Tullar du», sa kameraten min, og dei nikka og lo. Men dei tulla ikkje. Aleksandra Dulkiewicz er byens liberale ordførar, og Piotr Grzelak er varaen hennar. Ho tok over då Paweł Adamowicz blei drepen med kniv på eit folkemøte i januar.

Dulkiewicz fortalde om kampen ho fører mot Polens reaksjonære regjering. Ho har sjølv vore sjef på Solidaritet-museet i byen mange år, og veit kva det vil seie å sjå med kritisk blikk på eiga historie.

Og, kunne dei fortelje: No hadde ho ete lunsj med Donald Tusk, og alle polske aviser var fulle av artiklar om at han ville ho skulle stille som presidentkandidat i Polen.

Så der sat vi og skravla med ho som kanskje kunne bli Polens neste president. Sånn er verda av og til.

Les også

Jens Kihl: Vi ler ikkje, NRK

Kva er poenget med alt dette? Jo, at historia vår slett ikkje ligg stille. Den er stadig oppe til debatt.

I Polen blir no krigshistoria brukt aktivt i politikken. Draumen om eit Polen som viser musklar blir hekta på motstandskamp og militær styrke.

Ideen om ei stor, påkosta og samla framstilling av tidenes verste krig var god, sjølv om museet i dag har teke gal retning. Eit museum kan vere ein stad for levande idédebatt, og ikkje berre ein plass for støvete ting i kvart sitt monter.

Det er lett å riste på hovudet av det som skjer i Polen, men sjølv har vi framleis ikkje skaffa oss eit museum som viser dei lange linene i vår eiga historie. Det er grunn til å tru at det vil gå betre her enn det har gjort der.

Særleg den nære historia står udokumentert. Kva er eigentleg forteljinga om oss?

Vi har haugevis med museum som forklarer om vikingar og lafting, men ikkje eitt einaste som prøver å gje eit riss av korleis vi kunne bli verdas rikaste land. Kvifor sa vi ja til Nato og nei til EU?

Krigshistoria har i fleire tiår blitt fortalt av institusjonar som Hjemmefrontmuseet i Oslo. Dei har gjort ein viktig dokumentasjonsjobb som tener dei til stor ære.

Samstundes er det tvilsamt om eit museum som blei starta av heimefrontveteranar og som i dag er eigd av Forsvarsdepartementet har kunna gje heile biletet.

Holocaust-senteret på Bygdøy i Oslo har vore eit kjærkome tilskot for å breie ut perspektivet. Men krigshistoria vår bør bli sett inn i ein vidare samanheng, som ein del av den lange tidslina.

På 80-årsdagen for andre verdskrigen bør vi spørje oss kva ved den norske krigssoga vi ikkje fortel godt nok.

Dei ferske debattane om kommunistiske motstandsfolk og det norske sviket mot jødane er berre to av emna som viser at historia ikkje ligg i ro.

Om du kjem til hovudstader som Helsingfors eller Berlin, vil du kunne gå på eit historisk museum som tek deg med på ein kritisk, samla gjennomgang av fortida.

Korleis manøvrerte Finland mellom Sovjet og Nato? Korleis påverka den økonomiske nedturen på nittitalet det finske samfunnet?

Kva slags sår ligg att etter at Aust- og Vest-Tyskland blei slått saman? Kvifor blir ikkje Tyskland kvitt nazismen?

Om totalitære ideologiar og menneskeleg liding. Om politiske idear og kulturelle straumar. Og om korleis landa framleis i dag baksar med å finne sine plassar i verda.

Desse landa har forstått at dei ikkje kan vente hundre år med å fortelje desse historiene. I Noreg er vi ikkje der. Det går i gullalder og folkedrakter. Sjølv om vi har gode spesialmuseum, manglar vi ein plass som gjev det store biletet.

Det finst ingen stad der turistar, skuleklassar eller du som berre vil lære litt kan vandre gjennom lausrivingane frå Danmark og Sverige. Kvifor er eigentleg Noreg eit eige land?

Les også

Jens Kihl: Bergen på sitt verste

Lurer du på korleis Venstre-staten kunne bli avløyst av Ap-staten – som i sin tur også forvitra – får du google deg fram til svaret.

Gjestar frå utlandet vil forstå fredsnasjonen som deltek i Nato-krigar og klimasamfunnet som forsyner verda med olje og gass. Det kan dei, men ikkje gjennom eit kraftfullt museum som ser slike paradoks i samanheng.

Noreg treng eit nytt historisk museum. Dagens museum i både Oslo og Bergen er diverre trauste greier. Kan du hugse sist du las om ein debatt som oppstod i kjølvatnet av kva desse musea dreiv med?

Ikkje eg heller.

Eit godt museum kunne bli ein drivar i å hjelpe oss til å sjå på oss sjølve med kritiske auge.

Og er det noko vi treng no om dagen i Noreg, så er det akkurat dét.