Det aller sterkaste kortet

Listhaug er tilbake i regjeringa. Det kan bli eit større problem for Ap enn for sentrumspartia.

PÅ SLOTTSPLASSEN: Fredag formiddag kom statsminister Erna Solberg (H) og nyutnemnt eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug (Frp) ut på Slottsplassen. Stian Lysberg Solum, NTB Scanpix

Jens Kihl
Kommentator

Berre litt over eit år etter at Sylvi Listhaug (Frp) måtte gå av, og nesten reiv med seg resten av regjeringa på vegen, er ho tilbake i regjering.

Dette er verkeleg Listhaugs helg: Ikkje berre blei ho utnemnt til eldre- og folkehelseminister på fredagen. På søndag blir ho òg formelt valt til Frps 1. nestleiar.

Politikk er pragmatikkens kunst. I oktober var KrFs finansbyråd Dag Inge Ulstein på møte om KrFs retningsval.

Då sa han at «det er helt uforståelig at flertallet i denne salen har et ønske om å frede Sylvi Listhaug og samtidig kaste Knut Arild», ifølgje BT.

Les også

Jens Kihl: Skandalepartiet

Vel, no sit Ulstein sjølv i regjering med Listhaug og får som ein del av jobben sin å stø sin statsrådskollega i tjukt og tynt.

Venstres stortingsrepresentant Guri Melby hadde følgjande å melde på Twitter fredag: «Ute snør det, Listhaug gjør comeback som statsråd, og senere i dag skal jeg møte en frustrert pelsdyrbonde. Tegner ikke til å bli blant årets topp ti-dager dette ...»

Å få Listhaug tilbake i regjering er nesten blitt eit eige saksfelt for Frp det siste året. Reaksjonane frå folk i KrF og Venstre har vore sterke. Dei er sjølvsagt genuine motstandarar av Listhaugs måte å ordlegge seg på.

Men der Frp er på titalet, ligg Venstre og KrF rundt to og tre prosent. Og dei har ingen Sylvi Listhaug dei kan sende inn i manesjen.

Les også

Skjelte ut Listhaug i fjor. Nå sitter de i regjering sammen.

Sentrumspartia slit tungt på målingane. At Siv Jensen no får inn den kontroversielle Listhaug, er ein kraftdemonstrasjon for det nest største partiet i regjeringa.

Problemet kan likevel vise seg å bli endå større for Ap. Dei fleste som held fast på Venstre og KrF, har vel på eitt eller anna nivå forsona seg med at dei får både Listhaug og heile Frp på kjøpet.

Men for eit Ap som sakte, men sikkert kryp oppover på målingane igjen, er dette dårleg nytt. Posten som eldreminister har ikkje eit tungt departement å administrere. Det meste av ansvaret ligg eigentleg ute i kommunane.

Det gjer det til ein «lett» ministerpost. Slik kan Listhaug kome seg ut på vegen og hamre laus på Ap-styrte kommunar der eldreomsorga ikkje er god nok. Og dei finst det sjølvsagt nok av.

Les også

Debatt: Seks ordensregler for den politiske barnehagen

På Frp-landsmøtet på Gardermoen er det stort sett unison jubel for Listhaugs comeback i politikkens eliteserie. Det einaste som måtte vere av murring, kjem frå partiets mest beinharde liberalistar.

Dei ser at deira fløy i partiet svekker sine sjansar til å vinne makta den dagen Siv Jensen går av. Men sjølv hos dei som står eit stykke frå Listhaug politisk, er det stort sett entusiasme å spore.

Grunnen er enkel: Frp ligg på titalet på målingane. Dei siste vekene har dei prøvd å dra innvandringskortet, justiskortet og bompengekortet utan hell. Det kan verke som om Frp ikkje har dekning på eit einaste av desse korta.

Då er det Listhaug-kortet som gjeld.