Atter ein avtale

Den nye brexitavtalen er ein siger for Boris Johnson, men jubelen kan bli kortvarig.

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

EIN FØRSTE SIGER: Boris Johnson har fått til endringar i utmeldingsavtalen som EU tidlegare har sagt var umogelege. Det i seg sjølv er ein stor siger for Johnson, og kan vere nok til å få skeptikarar i parlamentet til å støtte avtalen, skriv Morten Myksvoll. POOL, Reuters/NTB scanpix

Boris Johnson kunne juble torsdag. Då vart det klart at regjeringa hans har kome fram til ein oppdatert brexitavtale med EU.

Avtalen er mykje den same som den tidlegare statsminister Theresa Mays forhandla fram. Den vart stemt ned av parlamentet tre gongar.

Johnson har tidlegare omtala avtalen som «daud» og sagt at avtalen gjorde Nord-Irland til ein økonomisk semi-koloni. Ingen konservativ regjering kunne inngå ein sånn avtale, sa han i fjor.

Endringane frå då til no er ikkje så veldig store.

Den oppdaterte avtalen er ei reforhandling om eitt kapittel, nemleg det om Nord-Irland. Der er landegrensa mot EU-landet Irland som har skapt mest krøll for avtalen. Fredsavtalen frå 1998 krev tett samarbeid mellom dei to landa.

No er det viktig å vite at EU og Johnson er blitt einige om ein overgangsavtale. Den skal fungere til EU og Storbritannia har inngått ein varig avtale.

Les også

En ny brexitavtale er i boks

Den gamle overgangsavtalen inneheldt ein såkalla backstop – ein sikkerhetsventil – som skulle vere ei forsikring i tilfelle Storbritannia og EU ikkje kom fram til ein varig avtale. Den ville gjere Nord-Irland til ein del av EUs indre marknad.

I den nye overgangsavtalen er denne ordninga fjerna.

Det betyr at Storbritannia ikkje blir verande i ein tollunion. Sånn sett ser brexit ut til å bli litt hardare enn i Mays avtale.

Men ventilen vert erstatta av andre spesialreglar for Nord-Irland. Det gjer at Nord-Irland skal følgje ei rekke EU-reglar som rest-Storbritannia ikkje treng å følgje.

Les også

EU har publisert den nye brexitavtalen

Målet er det same som i Mays avtale: Sikre god flyt av varer og tenester over grensa mellom Irland og Nord-Irland, og hindre ein inngripande grensekontroll på ei landegrense som går på kryss og tvers gjennom landsbyar og hus.

Før var dette ein mekanisme som skulle tre inn i tilfelle Storbritannia og EU ikkje kom fram til ein varig avtale. No blir det innført spesialordning uansett.

Les også

Morten Myksvoll: «Brexit handlar ikkje berre om økonomi og innvandring. Freden i Nord-Irland står på spel.»

Den viktigaste forskjellen på denne avtalen og den førre, er at Nord-Irland får direkte påverknad på kor lenge ordningane varer.

EUs forhandlingssjef Michel Barnier omtala det nord-irske parlamentets rolle som hjørnesteinen i avtalen.

Dersom brexit faktisk skjer no, skal Nord-Irland vere halvvegs med i EUs indre marknad fram til 2024. Avtalen legg nemleg til grunn at det nord-irske parlamentet kan forlenge ordningane i fire år med simpelt fleirtal.

Det er DUPs største ankepunkt. Dei er støttepartiet til regjeringa, og er nord-irske unionistar. Det betyr at dei fryktar ein situasjon der Nord-Irland melder overgang til Irland. Difor er dei mot at Nord-Irlands handelsreglar liknar meir på Irland enn på rest-Storbritannia.

Denne avtalen lager ein slik situasjon.

Les også

Boris Johnson lover brexit 31. oktober – uansett

Etter fredsavtalen i Nord-Irland har det vore vanleg å krevje eit minimum av støtte frå både den nasjonalistiske og den unionistiske leiren i Nord-Irland. Det DUP krev, er difor eit veto.

Det finst ei hake med det heile: Det nord-irske parlamentet har vore suspendert sidan januar 2017, så EU og Storbritannia legg til grunn ein demokratisk kontroll som ikkje er i drift no.

NØGD: EUs sjefsforhandlar Michel Barnier var nøgd med avtalen. Han trur EU-kommisjonen og det britiske parlamentet godkjenner utmeldingsavtalen. Francois Lenoir, Reuters/NTB Scanpix

Johnsons jubel kan bli kortvarig. Avtalen må nemleg gjennom det britiske parlamentet. Det blir vanskeleg.

Sjølv om Johnson skulle få heile partiet sitt med på avtalen, har dei konservative berre 288 representantar i underhuset. Dei manglar 38 for å få fleirtal.

Støttepartiet DUP har ti representantar. Torsdag morgon sende det nord-irske unionistpartiet ut ei pressemelding der dei slo fast at dei var mot avtalen. Det stadfesta partiet då avtalen var eit faktum.

Etter utmeldingane og utkastingane i Det konservative partiet, har ikkje desse to partia fleirtal lenger.

Johnson-regjeringa treng støtte frå deler av opposisjonspartiet Labour. Partileiar Jeremy Corbyns umiddelbare reaksjon var at Johnsons avtale var verre enn den May kom fram til.

Corbyns problem er at han ikkje kontrollerer heile partigruppa si. Regjeringa kan difor lukkast i å få noko støtte frå Labour.

Skal avtalen ha ein sjanse, må nok Johnson òg få støtte frå fleire av dei konservative politikarane som han kasta ut av partiet i førre månad.

Les også

Første tilfelle av brexit-psykose beskrevet i Storbritannia

EU kan hjelpe den britiske regjeringa til å få gjennom avtalen.

Dersom dei slår fast at Storbritannia kan velje mellom denne avtalen og ingen avtale, så kan avtalen gå gjennom. Ifølgje BBC politiske redaktør Laura Kuenssberg, arbeider statsminister Johnsons kontor med å få EU-leiarane med på ei slik erklæring.

Men EU har prøvd å seie «siste sjanse» før. Då vart det ei utsetjing.

Det kan likevel gå denne gongen. Er det noko opposisjonen i Storbritannia fryktar meir enn ein dårleg avtale, så er det brexit utan ein avtale.

Boris Johnson har fått til endringar i utmeldingsavtalen som EU tidlegare har sagt var umogelege. Det i seg sjølv er ein stor siger for Johnson, og kan vere nok til å få skeptikarar i parlamentet til å støtte avtalen.

Det er nemleg nok av parlamentarikarar som ønskjer å fullføre brexit, men som har stemt mot alle avtalar til no. Britane får truleg ikkje ein betre avtale seinare, og eit nei no kan setje heile utmeldinga i spel.

Brexitavtalen er både levande og daud. Svaret får me ikkje før det britiske parlamentet seier sitt på laurdag.

Rarare ting har skjedd i brexitprosessen, men Johnson kan klare det. Men sjansen er nok større for at han får parlamentet mot seg.